YMIST

Aasenmål i samfolkeleg perspektiv

Ivar Aasen-sambandet hev skipa til ein konferanse um internasjonale målreisingar i haust. Sambandet ynskte å retta søkjeljos på målarbeid og målreising i Noreg og i utlandet. Målet var millom anna å få fram ordskifte kring korleis nordmenn kann tileigna seg meir kunnskap um målgruppor og målsamfund rundt um i verdi, og korleis me kann møta folk frå andre målsamfund med sikte på å læra noko meir um eige mål og målstoda.

Det syner seg at mange mål som folk ikkje hev tenkt nøgnare yver hev vore igjenom tilsvarande fasar når det gjeld historikk, målstruktur og språklege variantar og utbreidingar. Til og med eit stort mål som russisk er ikkje eldre enn kring 400 år, endå målet vert nytta av millionar av menneske i dag. Det syner betre enn noko anna at éin ting er kva mål som vert nytta i dag, men noko anna kva som kann verta målstoda i framtidi. Her er det vanskeleg å spå. Eit anna døme er hebraisk. Ingen kunde tru eller tenkja seg at hebraisk, eit utdøydt mål, skulde greida å vinna i tevling med andre levande mål, men det vann og er det rådande målet i Israel i dag.

Store mål kjem og fer. Men det er grunn til å ansa på dei klassiske måli, mål som sanskrit, gresk og latin. Det er mål som hev greidt å halda fram ordtilfang som vert nytta enno i dag. Desse måli hev på ein makelaus måte sett so sterkt preg på ei rad samfundsumkverve at dei ikkje kann visast burt frå store og levande kulturmål av i dag. I røyndi kann ein òg tala um vidareutviklingar innanfor sume mål. Latinen lever vidare i dei romanske måli, og serleg i italiansk. Engelsken er full av latinske ord. Det er saman-hengar millom gamalgresk og den gresken som vert nytta i dag. Det er òg klår slektskap millom sanskrit og hindi og urdu av i dag.

Innanfor vårt eige mål, nynorsken, kann me finna sambandslinor attende til gamalnorsken. Det var desse sambandslinone som gjorde at Ivar Aasen kunde greida å stabla landsmålet på føtene. Det fanst eit mål som lærde menneske kunde studera.

Dei fleste mål i verdi hev vore gjenom ein noko lang fase der dei hev vore underordna andre og større mål. Dei hev måtta arbeida seg fram i strid og hard tevling, men dei hev greidt seg og dei hev vorte store.

Dei som talar um bokmålisering av nynorsken hev eit poeng i at målet vert utflata, men mål hev yverlevt utvatningsfasar fyre vårt mål. Det hev jamvel funnest uppgreskingsordbøker. Alle var ikkje nøgde med utglidingi i gresken heller. Finst der vilje og glød millom dei som nyttar eit mål, er det det som kann få det til å verta reist og dyrka. Denne viljen hev funnest i mange andre målsamfund enn det norske. Det er grunn til å sjå på alle dei målreisingane kringom i verdi som hev lukkast. Dei kann læra oss ovmykje.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag