YMIST

Eit åtak på den amerikanske kapitalismen?

Flybombingane av World Trade center skaka ei heil verd. Dette vart uppfatta som eit åtak på den amerikanske kapitalismen, men kva er eigenleg den amerikanske kapitalismen? Den amerikanske kapitalismen stod serleg fram i tidi etter den fyrste verdskrigen. Fyre denne tidi hadde USA vorte millom dei mest industrialiserte landi i verdi, men etter 1. verdskrigen vart USA meir enn berre eit av dei leidande landi. USA vart det førande landet i verdi når det galdt industrialisering og produksjon.

Under den fyrste verdskrigen auka etterspurnaden etter forbruksvaror i Europa av di vareproduksjonen gjekk yver frå sivile varor til militært utstyr. Dei europeiske landi prioriterte i so stor grad å produsera krigsvaror at det var knapt med forbruksvaror. Etter 1. verdskrigen hadde Europa vore gjenom ein hard krig, og trong forbruksvaror frå USA.

Alt tidleg på 1900-talet hadde amerikanarar markera seg som påhittuge uppfinnarar. Det var lagt grunnen for mange nye forbruksvaror og nye produksjonsmetodar på den tid då USA vart verdsleidande innanfor vareproduksjonen. Samlebandsmetoden hev vorte sett fram som eit symbol på dei nye produksjonsformene. Samlebandsproduksjon i stort umfang vart fyrst nytta av bilprodusentane attum bilmodellen Ford.

Etterkvart vart det òg starta rasjonaliseringsfreistnader gjenom å innføra studiar av kor raskt produksjonen på fabrikkane kunde gå fyre seg og verknaden av å gjeva akkordløn. Reklamen vart nytta aktivt til å nå nye kundegruppor, og det vart gjeve gode høve til å handla på kreditt for å fremja salet

I USA hadde Lutlagi jamnast ein sentral funksjon som dei som skaffa kapital til produksjonen. Men på slutten av 1920-talet vart det spekulert uhemma på lutbrev. Produksjonsvoksteren gjekk attende og lutbrevi som vart umsette fekk ein pris som var for høg. Når folk uppdaga at dei stod i fåre for å tapa pengar på investeringane sine, trekte dei seg ut. Det vart skapa ein massereaksjon som gjorde at den eine etter den andre vart sitjande att utan røynlege verdiar. Folk tapte enorme pengesummar og det vart økonomisk krisa.

Trass i dette hadde den amerikanske millomklassa det godt. Dei hadde tidleg i 1920-åri havt høve til å skaffa seg ei rad luksusgode og sumde i ovbunad. Den amerikanske dominansen innanfor film og underhaldning bygde seg upp i 1920-åri, fyre den fyrste verdskrigen var det ikkje upplagt at USA skulde verta førande innanfor film og underhaldning, men no var det ingen tvil lenger, amerikanske filmar vart dominerande kringum i verdi.

Grunnlaget for den amerikanske kapitalismen var lagt i 1920-åri. Den økonomiske krisa som uppsgod etter børskrakket i 1929 synte seg å verta forbigåande. President Roosevelt som vart vald i 1933 greidde å få økonominen på fote med å føra ein Keynsiansk politikk.

Under den andre verdskrigen slapp USA å verta utsett for bombing på amerikanske jord, medan store partar av Europa vart bomba sund. Det hev vore USAs styrkje at landet hev sloppe å verta utsette for bombing på amerikansk jord. No hev amerikanarane for fyrste gong vorte utsett for eit bombeåtak. Er dette eit åtak på den amerikanske kapitalismen? Berre framtidi kann gjeva svar.


Lars Bjarne Marøy, 20050726

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag