YMIST

Er målsaki meir enn romantikk?

”Vinningi som målreisingi kann gjeva, er av åndelegt, ideelt slag. Då er ho det som dei til vanleg kallar romantikk.” Dette skreiv målmannen Gustav Indrebø på midten av 30-talet. Diverre var ikkje dette nok for ein ny generasjon målfolk. ”Me er beinharde materialistar som spør etter vinninga,” sagde ein ung Herbjørn Sørebø. Til grunn for den statlege samnorskpolitikken i etterkrigstidi låg det sosiolingvistiske dogmet um at alle mål var like gode, eit dogme som gjorde at målet vart underlagt praktiske nytteumsyn.

Dette dogmet vert i dag attendevist av nye granskingar. Ein lyt skilja millom det medvitne målnivået, ord og setningar, og dei umedvitne mentale modellane. Kvart mål rømer si eigi mentale fyrestellingsverd, og desse fyrestellingane kann ikkje uttrykkjast like godt på eit anna mål. Kjent er dømet med Henrik Wergeland som helder vilde nytta ordet ”Fos” enn ”Vannfald”, då såg betre fyre seg skumsprøyten og fosseduren. Norsk lynne og mentalitet er nært knytt til det norske målet, og då vert det meir enn romantikk når me talar um den store skaparkrafti den norske målreisingi kann frigjera. Arne Garborg var inne på det same i ”Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse” frå 1877:

”I sproget har folket aandigen nedlagt alt hva det har oplevet, sine Kampe og sine Seire, sin Lykke og sin Sorg, sine Iakttagelser og sine tanker. I det speiler sig i aandig Reflex det Lands Natur, der har omgivet folket og uddannet det Eiendommelighed, ja Folkets Liv selv, med dets Hverdags Arbeid, dets Fæsters Glede, det Kjærlighed og Had, dets Dyder og dets Synder.”

Diverre tek det tid fyrr denne sannkjenningi gjev seg utslag i den daglege målpolitikken. I staden for å syna til kvalitetane i sjølve målet, gjer framleis Noregs Mållag og Norsk Målungdom striden for nynorsk til ein strid mot målet åt ”yverklassen” (borgarskap vs proletariat) eller ”hovudstadseliten” (sentrum vs periferi). ”Målstriden er ein strid om kva som er norsk og nasjonalt og kven som skal definera dette,” les me på heimesidone åt Norsk Målungdom.

Kann henda det er grunnen til at Norsk Målungdom dei seinste åri hev halde seg burte frå rettskrivingsspursmål, samstundes som dei i ålmennpolitikken ikkje hev trega på å koma med kontroversielle utspel (som fråsegn mot forsvaret sitt skytefelt i Mauken/Blåtind og studnad til islamske leidarar i Oslo). Det er ikkje sjølve målet, men ”verdiane nynorsken representerer” som vert det berande. Kampen for eit norskt mål vert soleides ein kamp for nasjonalstaten eller noko anna som kann setja målsaki inn i den rette samanhengen.

I Volda/Ørsta Målungdom derimot meiner me at nynorsken hev verde i seg sjølv, han er ikkje berre lekk i nokon ”skjult dagsorden”. Kvifor nynorsk? Fyrst hev me det reint objektive: Nynorsken hev grunnlag i eit vitskapleg uppbygd målmynster, han er fylgjerett og yversynleg og hev vokalrikdom som gjer honom fargerik og fager. ”Selve sproget er jo musikk!” sagde Grieg um Haugtussa. Men viktugare er dei meir subjektive sidone: Nynorsken vekkjer kjenslor, kjærleik og draumar, han gjev oss ubrote samband med vår eigi soga og han knyter oss til norsk natur og folkelagnad. Her kann målfolket ha mykje å læra av kunstnarane, ei onnor gruppe som stødt lyt svara for seg når arbeidet deira vert stempla som ”unyttig”.


Rune Lystad og Åsmund Fannemel, 20050725

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag