YMIST

Arne Garborg og Sunnmøre

Artikkelforfattaren er pensjonist og tidlegare fylkespolitikar. Denne artikkelen stod i Sunnmørsposten etter at Jostein Nærbøvik hadde skrive tvo kronikkar um Garborg i same avis.

I 1910 var Arne Garborg på gjesting på Sunnmøre. Han heldt tale på ungdomslagsstemnet i Volda og han gjesta Olaus Fjørtoft sin heimstad på Nogva.

Professor Jostein Nerbøvik har gitt oss ei fin innføring i livet til bondestudentar i hovudstaden for over hundre år sidan i kronikkane sine. Og takk for det. Men det er sjølvsagt Arne Garborg si store takk at både ungdom og andre i dag får innsyn i dei kår desse levde under. Det gjekk reint på helsa laust for somme. Boka "Bondestudentar" kjenner alle gymnasiastar. Nerbøvik nemner mange namn frå våre kantar, studentar som har sett varige spor etter seg i ettertida. Han nemner og såvidt Olaus Fjørtoft, humanisten og idealisten som sette halve Kristiania på ende. Men eg syntest framstillinga av Arne Garborg sitt tilhøve til Sunnmøre vart i knappaste laget av Nerbøvik. Derfor desse linene i dette Garborg-året. For det er eit faktum at Garborg ikkje var knytt berre til Jæren og Kristiania og studentmiljøet der. Olaus Fjørtoft møtte han visst aldri. Men at han var velkjend med dei radikale tankane hans gjennom Fram-bladet og i andre samanhengar, ligg utanfor all tvil. Han var så fascinert av denne vegvisaren at han sette mykje inn på å få sjå heimstaden hans. Det høvde seg slik at i 1910 heldt Sunnmøre frilynde ungdomssamlag storstemne i Volda. Då var Arne Garborg invitert som talar. Lærar Karl Rogne frå Skuløy var formann i laget då. I minneboka si frå 1960 (då var Rogne 87 år), gir han eit godt og grundig attersyn over livet sitt. Det er ikkje lite Rogne har rokke over. Her fortel han "me hadde endeleg fenge laus Arne Garborg", og han kom. Anders Hovden var der og saman med mange andre kjende namn. Men det var Arne Garborg som var den største "dragedokka til dette stemnet", skriv han.

"Tun og knusken"

Han (Garborg) var no 59 år. Tunn og knuslen såg han ut. Slett ikkje nokon Hovden. Han skulle få tala i Voldskyrkja. Det var gjerne både fyrste og siste gongen Garborg tala i ei kyrkje. Ein høg talarstol var reist midt i kyrkja. Men han var so lågmælt, at berre dei næraste høyrde det han sa, endå kyrkja var stuvande full. Eg måtte halda meg frami koret, so eg kunde ha yversyn yver det heile. Soleis fekk eg ikkje høyra det Garborg sa. Men me fekk då sjå denne merkjelege mannen, som folk tala og skreiv so mykje om. Fødestaden til Olaus Fjørtoft

På vegen attende til ålesund ymta Garborg um det kunde vera råd å få sjå fødestaden til Olaus Fjørtoft. Eg sa, at eg budde ikkje so langt frå der Olaus var fødd. Vilde han taka turen, skulde eg meir enn gjerne vera med og syna staden. Jau, han vilde det. Veret var godt, so me hadde ein fin tur nordyver. Han prata ikkje so mykje, men augo hadde han med seg. Eg visste ikkje kva som kunde interessera honom å tala um, so eg våga meg lite til å tala um anna, enn eg nemnde stadane me for framum og so litt um folket som budde der. Me kom til Rogne. åfallsringja med flatbrød og spikekjøt kom på bordet. Garborg åt og let yvers vel. Dette var betre enn kaffi og skivor, let han, og eg trur han meinte det. Sat på ein stein

Etter matstellet gjekk me til Nogva og ned i viki (Haraviki) der Olaus var fødd 19. januar 1847. Stova og husi elles var burte, men eg visste på ein prikk kvar stova hadde stade. Elles synte det noko att av grunnmuren, so det var ikkje råd å taka feil av staden. Garborg sette seg på ein stein i muren, gat ikkje eit ord, men tankane hans var visst hjå Olaus Fjørtoft, dette sersyn av ein mann, berre fire år eldre enn Garborg. Som ein logande fakkel for han yver den norske folkehimmel og slokna berre 31 år gamal. Garborg møtte visst aldri Olaus Fjørtoft, det eg veit. Likevel kalla han einaste sonen sin Olaus Fjørtoft Garborg. - Arne Garborg sat lenge på steinen, reiste seg so og såg seg vel ikring. Eg torde ikkje tala til honom, for eg vilde ikkje uroa tankane hans. Så mykje vit hadde eg då. Me rusla heim til meg. Smålåten - Komne heim, hadde kona stelt til middag. Garborg fekk kokamat på sunnmørsk vis. Han let yverlag vel og takka so mykje. Etter maten var det å fara til Longva og nå rutebåten som gjekk attende til byen. Eg sala på øykjen og sette fyre kjerra og fekk køyra honom til Longva og sjå honom vel ombord.

At me hev havt ein so storgjæv gjest som Arne Garborg i huset vårt, er ei ovstor gleda og eit mykje kjært minne. Kona mi vart og glad, sidan han var velnøgd med maten, ho laga. Han var smålåten,mest for smålåten totte me. Kalla sonen Tuften

Jo, dette var litt om Arne Garborg og Sunnmøre. I minneboka til norskdomsmannen Karl Rogne får lesaren dokumentert at sjølvaste Arne Garborg har vore både i Volda og i Haram for 90 år sidan. At Garborg såg opp til samfunnsrefsaren Olaus Fjørtoft og det han stod for, vitnar og oppattkallinga av sonen om. Arne og Hulda Garborg kalla den einaste sonen sin Arne Olaus Fjørtoft Garborg, i dagleg tale vart han kalla Tuften. Takka vere Karl Rogne fekk Garborg sjå tuftene der Haramsfolket sin store son, Olaus Johannes Fjørtoft, voks opp. Men det var fyrst i 1975 han fekk sin bauta på heimstaden.


Harald B. Haram, 20050410

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag