YMIST

Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg

Bokmåliseringslina ligg voneg bak oss. Både med avnorskingsframlegget som møtte veggen på årsmøtet 1998 i Norsk språkråd, og med den klåre politiske sluttstreken for målblandingslina i departement, riksstyre og Storting. Dette signalskiftet hender 60 år etter det samnorske maktspelet i 1938. Då høver det, trur me, å prenta um att nokre innlegg som Gustav Indrebø skreiv sist på 30-talet. "Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg" var prenta i Noreg 24. mars 1939.

l. Eg hadde trutt at den gode venen min Arne Bergsgård vilde ha svara betre fyre seg.Eg bad sist um um å få vita når eg hadde tala ille um a-formi i den målbrigdestriden som hev vore. Eg hadde venta då at Bergsgård vilde ha konstatera faktum utan umsviv. I staden kjem han med ei utflukt um at eg skal ha halde domstala yver a-formi "etter det nye rettskrivingsframlegget". Eg skal få konstatera faktum sjølv då: Det er blank usanning at eg, anten i tala eller skrit, hev lasta eller gjort åtak på a-formi nokon gong i alle desse år som striden no hev stade. Eg hev kritisera rettskrivingsframlegget, det skal eg gjera etter evna heretter òg. Men eg hev ikkje kritisera den ting i framlegget at dei held uppe a-formi, – – – til bruk for alle som vil ha henne. Dette veit Bergsgård vel av talone og skriftene mine. Eg lyt få krevja utan umsveipor at dei som vil herma eller visa til ordi mine, held seg til sanningi.

I-målsfolket krev lærebøker med nokre norske hovudformer som skulane hev lov å bruka skriftleg. Det er eit so greidt rettferdskrav at det er ikkje godt å finna skaplege grunnar imot. So lagar sume samnoeskmenn eit falskt utgangspunkt: at desse stygge "vestmennene" hev reist strid og vil slå ned a-målet. Og so polimiserar dei mot dei gamle arbeidsbrørne sine på det grunnlaget. – Eg trur ikkje Bergsgård medvite fer med fals. Men han skulde syna betre umdøme.

 

2. Bergsgård og samnorskmenn som fylgjer honom hev reist strid, og hev gjort åtak på i-målet. Den sanningi fær stå i norsk målsoga.

At dette er det røynlege tilhøvet, stadfester siste artikkelen åt Bergsgård til fullnads. Der skriv han teig upp og teig ned og polemiserar mot i-målet, kor vonlaust og umogelegt det er. Eg kann nok skyna at forfylgjingsmennene treng slik polemikk, – for si eigi skuld. I-målet vil ikkje sjølvdauda. So må dei samla alle argument dei kann grunda ut for at etter deira rekning burde det ha vore daudt, – til å orsaka framferdi si mot denne norske målformi og mot gamle arbeidsbrør. Dei kann trenga trøysta seg noko ofte for at dei freistar slå ned etter gode valdsmetodar ein norsk kulturblom som Vinjes og Garborgs, Seippels og Gjelsviks mål.

 

3. Samanhengen i polemikken vert det no so som so med. I den eine stundi les ein i stykket til Bergsgård at måltilhøvi lyt vera "flytande og rørlege med straumar til mange sider for hovudstraumen kann koma klårt og mektig fram." Altso fridom. I næste stundi, når me kjem til i-målet snur ropet seg um: Bakevje! Samling! Samling um å tyna i-formi og anna i fylgje med henne. Då er det ikkje tala um fridom og "straumar" lenger.

 

4. Men dette er åndi i heile målbrigdet, som nemndi frå 1934 forma det ut. Fridom til den eine sida som vender mot norskdansk. Andsynes den sida som snur i sernorsk leid derimot atter og atter løysingsordet "samling", eller umskrive til naturlegt mål: nedtyning og forbod. Den sterke sernorske formi visor t.d. skal me "samla" oss imot til fyremun for viser som harmonerar med norskdansk og dansk (derimot ikkje med noko anna mål i Norderlandi). Den norske hokynsbøygningi i adjektivi skal me "samla" oss burt ifrå til fyremun for "felleskjønn", som òg harmonerar med norskdansk og dansk. Og ei vakker norsk form som i-formi lyt me endeleg "samla" oss imot, og vel å merka: Siste og sterkaste argumentet som rettskrivingsnemndi visste å nemna for dette, var at i-former ikkje var tekkjelege for norskdansk, slik som det er i dag.

Lat oss berre få tvo-tri "reform"-umgangar til etter slike grunnsetningar! Med fridom til den norskdanske sida – som so heppeleg fell saman med det "moderne" –; og med "samling" burt frå slikt sernorsk som i augnreblinken generar norskdansk. So tenkjer eg at me er framme. Det vil segja: Hev nått attende til eitt mål på norskdansk målgrunn. Sume som er samnorskmenn i dag, kann nok koma til å verta forfærde når me er framme. [I 1998 kjem me i hug det ovstore bokmåliseringsframlegget som årsmøtet i Språkrådet etter massivt press frå målfolket sende attende til Fagnemnd.i Varsla det ikkje det nynorske samanbrotet som Indrebø i 1939 såg måtte verta endelykti på tilsikta målblanding? ].

5. Ikkje alle a-målmenn vil vera med på slik "moderne " utvikling. Dei positive a-målmennene vil det ikkje. Difor hev ikkje dei kravt "samling" og forbod heller av det slaget som det vert ropa um no. I-målmennene og dei positive a-målmennene hev i det meste dei same ideali, og kann draga framifrå godt saman.

 

6. Eg svara sist på kva eg trur um framtidi åt i-målet. So det var uturvande å spyrja upp att um det. Men eg hev med vilje i denne striden lata vera å gjera nokor mannjamning offentleg millom i-form og a-form og vonene deira i den lange framtidi. For eg vil ikkje segja noko som kann støyta dei positive a-målsfolk eller vekkja modløysa. Eg vil ikkje gjera nokor slik mannjamning no heller. I-målsfolk og positive a-målsfolk skal arbeida saman, som sagt, og gledast yver framgangen som dei kann få kvar på sin kant. . Med det er problemet um samlivet millom i og a løyst for deira vedkomande; – so fær samnorskmennene halda på med forfylgjingi og samlingspratet, setja stengje mot sernorsk der dei tykkjer, og ikkje stengja til hi sida.

 

7. Ein ting skal eg likevel få svara på spursmålet frå Bergsgård um i-mål og a-mål. Det er: Drep ned i-formi, med det som plar gå i fylgje med henne (t.d. visor, hokyn i adjektivi og anna). Drep ned den målform som hev den største motstandskrafti i seg imot norskdansk, den største indre samanhengskrafti for di ho er so logisk uppbygd, og den største dragingsmakti på norskdansk for di ho er den vakraste og mest heilstøypte! Haldt samstundes fram med å leggja grensone vidopne imot norskdansk, og med å draga av-leta sentrumsmål einsidugt fram. So er De radt trygge på at ikkje a-målet heller vinn fram. Nokre "a-ord" fær De."Barna" og "bena" (eventuelt "beina") og nokre til i inkjekyn; "klokka" og "bjørka" og nokre fleire daglegdagse ord i hokyn. Nokre a-flekker soleis burtetter i målet. Men eit mål med ein fullnorsk grammatisk uppbygnad fær De ikkje. Korkje i substantiv eller elles.

Er samnorskmennene nøgde med eit slikt resultat, vel, då kann dei trøystigt arbeida etter evna framleides med å få drepa ned i-målet og alt som til høyrer der. Men er nokre av deim ikkje nøgde med eit slikt resultat, so skal dei halda upp med å forfylgja i-målet, og ikkje halda innbyrdes-striden gåande lenger.


Gustav Indrebø, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag