YMIST

Målpolitisk krenkjing av åndsverk

Olav Frøystadvåg kommenterar eit innlegg frå oss i Dag og Tid 23 februar.Frøystadvåg skriv at : "salmar av Hovden og Blix vert vurderte som fornminne som skal brukast uendra i framtida" i innlegget vårt.Denne påstanden hev Frøystadvåg konstruera på eigi hand.

Me nemnde lauselegt på at fornminne hev lovvern,medan språklege tekster på nynorsk ikkje let til å ha det same.Det er stor skilnad på tusund år gamle fornminne og språklege tekster som ikkje er stort eldre enn hundre år.Dessutan vilde me peika på at salmetekster hev eit serleg verde,fordi dei hev vorte nytta og innlærde av fleire generasjonar.Difor meiner me det er rart at fornminne som berre er livlause etterleivningar frå fortidi skal ha betre lovvern enn salmane som hev vore og er i levande bruk enno.Me hev ikkje hevda at salmane er fornminne.Fornminne er ikkje verna av åndsverkslovi.Dei er verna av Lov um fornminne. Når me vil at salmana skal stå ubrigda, styd me oss til åndsverklovi.

Frøystadvåg samanliknar umskriving og rettskrivingsbrigde i salmane med umsetjing frå eit språk til eit anna.Men åndsverklovi er ei norsk lov som m.a skal verna um norske tekster.Det er uinteressant for nordmenn flest um salmane til Blix og Hovden er umsette til andre språk,og korleis umsetjingane er utførde der.Det er dei norskspråklege tekstene som er interessante for oss.

Frøystadvåg peikar på at born og unge kann vera tente med ei varsam endring av salmane.Innhaldet i ordleggjingi ei varsam endring er sjølvsagt langt på veg ei målpolitisk vurdering.Ingen skuleelevar eller andre unge vil ha større vanskar med å skyna ordformer som jordi og joleklokkor enn ordformene jorda og joleklokker.

Det vert soleis ei målpolitisk vurdering um ein skal velja den eine eller den andre formi.Me meiner at åndsverklovi vernar salmediktarane frå å få umskrive åndsverki sine utfrå målpolitiske grunngjevingar.Det er dessutan grunn til å understreka at det er offentlege umskrivarar som stend bak dei nye salmetekstene.Dei offentlege styresmaktene skal vera nøytrale i målpolitisk samanheng.Men når det gjeld salmane og høgnorsken hev styresmaktene drive aktiv tilsidesetjingspolitikk.Personar som Anders Hovden og Elias Blix sette si æra i å dyrka det norske målet på klassisk målgrunn i samsvar med Ivar Aasen.Det var ein del av deira litterære og kunstnarlege eigenart,og det er krenkjande å freista å dylgja denne eigenarti.Det er i strid med åndsverklovi.

Me meiner at orginaltekstene er målpolitiske og målhistoriske aktstykkje,som skal få stå ubrigda på lik lina med dei danskspråklege salmane som me hev ervt frå hopehavstidi med Danmark.Det er elles verd å merka seg kva professor Willy Dahl tykkjer om språket i skulebøker : "...eg har lenge meint at vi har gått altfor langt med å "tilretteleggja" og "adaptera" gamle tekster i skolebøkene.Då tek vi frå elevane historia".Vestmannen nr.8.1992


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag