YMIST

Språknøytrale målmenn?

K.E.Steffens svarar 13 oktober på eit innlegg eg hadde på prent i Dag og Tid 4 august.Der skreiv eg at ei høgnorsknormalisering av norske dialektar er like naturleg som ei normering som byggjer på ei fornorsking av det danske målet.Steffens hev tolka meg soleis at eg meiner at nynorsken skal verta einaste riksmål i Noreg,og han meiner at eg hev ein synsmåte som er eit godt døme på fenomenet røyndomsbrest.Steffens fær tolka meg som han vil,men lat ein ting vera sagt : Eg ynskjer ikkje å godtaka eit syn som gjeng ut på at alle målfolk meinte at det norskdanske målet helst burde tvangsuppnorskast av statleg målnormering.Eg er motstandar av den programfesta samnorskpolitikken.Eg vil dessutan vera ein sterk motstandar av dei som vil hindra meg sjølv og andre nordmenn å velja dei skriveformene som høyrer til ein einskapleg skriftleg tradisjon,anten det gjeld norskdansk eller høgnorsk.Me vinn ikkje nokon målstrid utan å yvertyda nokon um at eit målpolitisk standpunkt kann uppfattast som rettare enn eit anna.Nokon absolutt rett vil ingen kunna gjera krav på.Difor må me vera tolerante.Dei som høyrde heima på fleirtalssida i Noregs Mållag i dei fyrste etterkrigsåri,meinte ikkje at det var noko mål å øydeleggja norskdansken.Dei ynskte derimot framgang for målreisingi,og det måtte sjølvsagt skje ved tilbakegang for norskdansken. 

Eg kann segja mykje um illviljen til nynorsk.Eg kann segja mykje um riksmålsfolk som sjeldan eller aldri sa noko um at det var leidt at nynorsken vart umbrigda.Men det er sjølvsagt den veikaste parten som lyt bøygja av.Difor vart mange målfolk uppgjevne,og tykte at dei laut godtaka det eg vil kalla samnorskdogmet.Dei let staten få normera målformene,og gøymde seg vekk i det offentlege ordskiftet,um dei i det heila vart sleppte til.Eg trur i motsetnad til Steffens at det finst ei framtid for målsaki.Men fyresetnaden er at ungdomar som vil skriva høgnorsk eller høgnorskt nært mål,greider å reisa seg mot usaklege skuldingar frå elitistiske samnorsktilhengjarar.Soframt målfolki sjølve vil marknadsføra nynorsken som ei målform som kann snakkast og skrivast av alle nordmenn,vil målsaki kunna vekkjast til live att.Eg trur mange målfolk er i ferd med å innsjå at målrørsla må verta meir aktiv i måldyrkingsarbeid.

Steffens hevdar at han stend for eit tvospråkssystem både i teori og praksis,og han ser eit tvospråkssystem som grunnlag for ein rasjonell målpolitikk.Eg tolkar synet til Steffens som eit syn som han ogso vil skal gjelda andre.Eg ser ikkje at det finst nokon rasjonell målpolitikk,som tek umsyn til nynorsktradisjonen.Utifrå eit slikt syn måtte alle vera like upplyste og like huga på å nytta nynorsk. At me skal ha tvo skriftmål,vil vel mange kunna gå god for,men fåe vil ha høve til å velja aktivt.Det er her at me som er unge målfolk idag tykkjer at me hev ei uppgåva å fylla.Men slik stoda er no,er nynorsken utilgjengeleg for mange.Utan nærare definering vert synsmåten til Steffens eit standpunkt som misbyter nynorsken.Den tvospråkspolitikken som tidbolken etter Vogt-nemndi løyste ut,hev i aller høgaste grad vore med å skunda fram den bokmåliseringi av nynorsken som Steffens ikkje likar.

Når Steffens uttrykkjer godhug for målsaki,ser eg difor på han som ein observatør til norsk målreising.Dersom alle målfolk skulde skriva både nynorsk og norskdansk,slik som Steffens gjer,vilde det ha vorte skrive færre tekster på nynorsk, og nynorsken hadde tapt terreng.Det er urealistisk å tru at ein skulde få serleg mange tilhengjarar av norskdansken til å skriva nynorsk,difor vil det trulegt ikkje vera mogelegt å kompensera for nynorsktapet.Ein kann ikkje laga seg eit alibi som målpolitisk nøytral.Når ein skriv nynorsk er ein målmann,og når ein skriv norskdansk er ein tilhengjar av den målformi.Kva meiningar ein målber på den målformi ein nyttar, er ei onnor sak.Men ein kann sjølvsagt vera både riksmålsmann og målmann,slik som Steffens.

Lat meg til slutt segja at eg er samd med Steffens i at dei nynorske lånordliberalistane undergrev og øydelegg for nynorsken,men i lengdi trur eg at lånordliberalistane vil tapa,for dei fylgjer ikkje ein demokratisk og folkeleg måltradisjon.Dei fylgjer berre den sokalla naturlege utviklingi,og den utviklingi fører ikkje til anna enn passiviserande avpolitisering av målspursmålet.Å peika på dette er prisverdig,men å halda dommedag yver nynorsken er noko heilt anna,og profetiane til Steffens bit dårlegast på dei som burde ha størst grunn til å kjenna seg råka,nemleg dei nynorske lånordliberalistane.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag