YMIST

Skal me slutta å spyrja kvifor me driv målarbeid?

Kåre Johan Mjør skriv ei grundig utgreiding i EG nr.5 1995.Utgreidingi vert kalla kronikk og tek upp sidor vedhovudemnet til NMU "Nynorsk og Lokalsamfund".Kronikken fortener å verta påansa,og eg skal freista å taka upp utbydingi til ordskifte.Mjør spør um grunnen til dette hovudemnet er ein lekk i den evigvaranade rekkja avlegitimeringsgrunnlag som målrørsla hev havt gåande.Han reiser spursmål ved um dette er eit uttrykk for at standpunktet hev kome fyrst for målfolki og grunngjevingi etterpå.Dette er ein problematikk som er grunnleggjande,og som må slå attende på Mjør og me andre målfolk.Sjølve grunngjevingsdiskurseninnanfor målrørsla vert teken upp av Mjør.

Etter ein innleidingsbolk og ein del der han tek fyre seg ytringar Hans Olav Brendberg hev kome med i tvo artiklar tidlegare i EG kjem Mjør til ein bolk der han skisserar nokre sjølvstendige uppfatningar.Dette er ikkje meint som ei vidareføring av kritikken mot grunngjevingsdiskursen,men eg vel å lesa det slik.Mjør meiner at målrørsla må få fram kva som gjer nynorsk til eit betre språk.Språket er eit uttrykk for livsverdi til folk,språket er medium for tanke,kommunikasjon og sjølvrealisering.Målstriden må handla um å forsvara språkavhengige livsformer,meiner Mjør. Mjør meiner at makti og media,som han kallar systemfornufti,driv implodering.Um eg skynar Mjør rett tyder implodering her innblanding eller nedbryting av språklege verdiar i livsverdi.Um ikkje bed eg um orsaking for at eg ikkje hev greidt å uttyda dette ordet.

Mjør byggjer på Habermas.Lat meg klårgjera termane hans ved definisjonar frå (Per Selle og Bjarne Øymyr,frivillig organisering og demokrati,s.65,Samlaget,1995) "Systemverda er eit uttrykk for den instrumentelle mål-middel-tenkinga som ein meiner i aukande grad har dominert og penetrert andresamfunnssfærar i det moderne samfunnet,mens livsverda definerer ein autonom sfære som byggjer på sosial tettleik og solidaritet,ein stad der ein annan rasjonalitet gjeld.Denne sfæren må vera så sterk at han hindrar at logikken i systemverda penetrerer det rommet som er nødvendig for at mennesket skal vera autonomt." Desse forfattarane reiser grunnleggjande motlegg ved å nytta Habermas-termane.Mange norske organisasjonar hev t.d. verdiar og arbeidsmåtar som kann vera typiske både for livsverdi og systemverdi,ikkje minst fordi dei både er lokale og landsfemnande.Tilknytingi til storsamfundet kann få oganisasjonar som er knytte til livsverdi til å verta prega av systemverdi og dei rasjonalitetsformene som er knytte til storsamfundet.Dessutan reiser denne inndelingi millom systemverd og livsverd empiriske vanskar for mange forskarar.Forfattarane ser likevelikkje burt frå at Habermas-termane kann ha noko å segja oss andsynes den nyliberale-utviklingi dei siste åri.

På bakgrunn av det sitatet og den attgjevingi eg hev frå den nemnde boki vil eg reisa tvil ved den framgangsmåten Mjør nyttar.Han segjer at språket ikkje er korkje mål eller middel for sume ting som han nemner beinveges.Dette let,slik eg ser det,til å henga saman med at Mjør ynskjer å definera seg burt

frå grunngjevingsdiskursen innanfor målrørsla.Grunngjevingane for arbeidet vårt i målrørsla kann vera so mangt alt frå radikalt,liberalt og til konservativt.Me kann ikkje bruka språket som eit middel til å underbyggja eigne politiske uppfatningar med,meiner visst nok Mjør.

Mjør meiner at nasjonale og sosiale motsetnader og ordskifte i målrørsla er uaktuelle i 1990-åri. Han let ikkje til å ansa på at slike motsetnader og ordskifte hev funnest so lenge målrørsla hev eksistert.I stadenfor slike ordskifte meiner Mjør at målstriden må handla um forsvar og fremjing av språkavhengige livsformer,mot imploderingi til makti og media.Men idealtypane til Habermas livsverd og systemverd finst ikkje i røyndomen.Media og staten eller andre maktorgan formidlar verdiar som høyrer til i livsverdi.Og me kann ikkje reindyrka ei livsverd frå rasjonaliteten i systemverdi. I ein blandingsøkonomi som den norske er det svært vanskeleg å avgjera kva som er livsverd og kva som er systemverd.Det er umoglegt å diskutera innanfor desse termane utan at ein definerar både termane og kvar termane fører oss hen.

Eg er samd med Mjør når han gjer påpeikingar av meiningane til Brendberg.Eg meiner at nynorsken hev nasjonsberande kvalitetar som me kann hevda og argumentera for gjenom å bruka nynorsk normaltalemål og nynorsk skriftmål.Brendberg let til å argumentera utfrå eit dialektperspektiv.Det nasjonale og dialektane kjem fyrr nynorsken.Eg ser heilt onnorleis på dette.Eg set nynorsken og nynorsk normalmål fyrst.Dialektaneog det nasjonale kjem på andre plass.Det kann vel òg vera råd å kritisera NMU for å vera for upphengt i merkjesaker og for å ha for rigide uppfatningar i einskildsaker.Meiningsbryting og meiningsmangfald er alltid ein rikdom.

Mjør ynskjer å distansera seg frå nasjonalargumentasjonen og heile grunngjevingsdiskursen innanfor målrørsla,slik eg les han.Han meiner millom anna at NMU må slutta å taka ymse hjartesaker og merkjesaker til seg.Desse sakene kann som oftast eller alltid fremjast like bra på bokmål,meiner han.Frasen "målet er maratonløpet" skal,slik eg skynar Mjør,hevja seg yver grunngjevingsdiskursen.Målfolk må styrkjalivsverdi.Lokalsamfund og lokale målføre stend visst nok for sentrale verdiar i livsverdi.Systemverdi og alt som høyrer henne til er "berre naudsynt på visse område ",meiner Mjør.

Mjør meiner at motstandsaspektet ved nynorsken og nynorsken som kommunikasjonsmiddel gjer nynorsken til eit betre språk.Men korleis kann ein fremja desse sidone ved nynorsken utan å ty til systemfornufti,og korleis kjem ein då undan den evigvarande grunngjevingsdiskursen som millom anna femner um ordskiftet millom dei nasjonale og dei sosiale med vidare ?

Det er fleire sidor ved kronikken til Kåre Johan Mjør som er interessante,men kommentarane/kritikken vert ikkje råkande fyrr han gjeng nærare inn på korleis han vil nytta Habermas og Fløgstad på ein meiningsfull måte.Systemverdi og livsverdi må nyttast til å skildra røynlege sidor ved samfundet ikkje berre teoretiske flosklar.Det er fleire ting eg kunde ha kome inn på i tilknyting til Mjørs kronikk,men dette vert langt nok fordenne gongen.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag