YMIST

Aasen-normalen, mytedaningi og makteliten

Knut Johansen svarar på ein kronikk Olav Randen hadde i klassekampen 23.01.96 med tvo kronikkar 02.01.96 og 05.01.96.Randen hevdar at nynorsken hev måta seg etter talemålsendringar.Han meiner at nynorsken hev brigda seg etter kvart som norsk talemål hev brigda seg.Han meiner at skilnaden millom tale og skrift bør jamnast ut ved å endra rettskrivingar.Han er sterk motstandar av talemålsnormering.Han meiner at dersom skriftmålet fær forkøyrsrett,vil det radera ut dialektane.Han viser til europeiske døme.Randen meiner at skriftmålet på Island og i Sverike er meir fleksibelt enn i Tyskland og Frankrike.Her vil eg gjera merksam på at Island ikkje hev dialektar og ikkje treng å driva talemålsnormering.Skriftmålet er heller ikkje serleg fleksibelt når det gjeld formverk etter det eg veit.Svenskane driv talemålsnormering i skulen.Det er ingen grunn til å tru at dialektane hev nokon slags fyremunsrett i svensk,slik som i norsk.

Knut Johansen er usamd med Randen i at nynorsken hev endra seg p.g.a. at han hev måta seg etter talemålsendringar.Han meiner at nynorsken hev endra form avdi han hev nærma seg talemålet og ikkje endringar i talemålet.Han meiner at nynorskbrukarane hev sett på nynorsken,Hægstadnormalen,1917 og 1938-normalen som upraktisk,uhandterleg og kunstig samanlikna med daglegtalen i dei mest folkerike delane av landet.Dette er sterkt diskutable synsmåtar,og Johansen ser ikkje grunn til å djupa ut synsmåtane sine.

Det er svært vanskeleg å uttala seg kategorisk um talemål fyrr og no.I sume høve er det vanskelegt å slå fast kva som er talemålet i dag òg.Det er ikkje mange uppskrifter av dialektane på ulike tidspunkt,og talemålsvariasjonen kann vera stor på eit tidspunkt utan at det er råd å få registrera det. Tilhøve millom skrift og tale er nok likevel prega av at bokmålet pressar seg fram anten med innfallsport i bymåli og yver til bygdemåli,frå høgstatusspråk til lågstatusspråk eller beinveges frå skriftmålet til dialektane.Men det finst sjølvsagt eit og anna døme på at nynorsken strid med einskilddialektar eller heile gruppor av dialektar utan umsyn til talemålsutviklingi. Det gjeld både for Aasen-normalen og for gjeldande rettskriving i nynorsk.

Johansen er for kategorisk når han skriv at nynorsken hev endra seg av di brukarane av nynorsken hev tykt at nynorsken hev vore upraktisk,uhandterleg m.m.For det fyrste nynorsken hev ikkje endra seg.Han er vorte endra.Til tider hev det rått stor usemja um korleis nynorsknormalen skulde sjå ut.Organiserte målfolk og andre hev nytta fleire ti-år på å diskutera korleis nynorsken skal sjå ut.For det andre er det ikkje berre nynorskbrukarane som hev havt klåre uppfatningar um korleis nynorsken skal sjå ut.Den offentlege målpolitikken og prinsippet um måljamstelling hev ført med seg at det er mange som hev meiningar um nynorsknormalen.

Johansen hevdar at Aasen-normalen hev vorte sterkt endra avdi normalen var "for historisk og svært langt fra befolkningens faktiske målbruk".Tekster som er skrivne på eller i nærleiken av Aasens normal er vanskelegare tilgjengelege for moderne lesarar enn den dansken som Ibsen og Kielland nytta.Johansen konkluderar den fyrste kronikken sin med å segja at :" På enkelte sentrale punkter er skriftdansk faktisk nærmere moderne norsk enn Aasens opprinnelige normal.Derfor kom endringene i nynorsknormalen." Dersom Johansen meiner at dansk frå 1800-talet er nærmare bokmål av i dag enn det Aasen-normalen er,so er det sjølvsagt rett,men det kann ikkje vera noko argument for norsk språknormering av nynorsk dei siste hundre åri.Det same må gjelda dersom Johansen meiner nynorsk med moderne norsk.Det hev aldri vore noko uttalt mål at nynorsk eller bokmål skal vera likast mogleg dansk.

Aasen-normalen var for historisk og låg for langt frå folks målbruk.Det er påfallande at det vert sett krav til at nynorsken skal vera sokalla dialektnær,og ikkje få halda på former som er tenlege i skrift.Dersom Aasen-normalen hadde vore for historisk,vilde ikkje folk funne att dialektane sine når dei las landsmålet,men det gjorde dei.Sume gjekk frå Aasen-normalen og til dialekten sin,og vilde ha meir av dialekten sin i landsmålet.Det tyder på at Aasen-normalen ikkje var for historisk.

Det er ei onnor sak at det krevst respekt for skriftmålsformi av eit språk,dersom det skal ha heil og varig framgang.Respekten for den nynorske skriftformi vart skipla av den intense målstriden som fylgde med unionsuppløysingi og nasjonsbyggjingi i tidi fyrr og etter 1905.Dei førande samfundsberarane såg seg ikkje interesserte i at nynorsken hadde framgang.Dei vilde byggja upp ei norsk sjølvkjensla gjenom norskdansken,og nynorsken måtte or vegen.Då var det lett å hevda at nynorsken var for historisk,so skremde ein burt dei som vilde læra seg nynorsk eller ein gav dei fordomar til språket.Denne motstanden mot nynorsken frå autoritetspersonar hev vorte til ei rein mytedaning.Denne mytedaningi nyttar maktpersonar i samfundet til å sabotera for nynorsken.Dei set dialektgruppor upp mot kvarandre,dei øydelegg for framvoksteren av eit ålment nynorskt standardtalemål og dei garderar seg med å segja at bokmål og nynorsk kjem til å verta eit samnorsk språk ein gong.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag