YMIST

Dei var ikkje gjenomslagskraftige nok

Jan Terje Faarlund hev ein kronikk i Dagbladet 20.08.1995.Han skriv um Knud Knudsen som døydde for hundre år sidan.Hovudsynet til Faarlund er udiskutabelt.Bokmålet er noko heilt sernorsk.Men Faarlund skriv òg at :" Når vi samanliknar resultatet av Knud Knudsens arbeid med resultatet åt hans samtidige,Ivar Aasen,står det vel ikkje til å nekta at Knudsen fekk størst gjennomslag for sine målpolitiske idear."

Dette er ei ytring som kallar til ettertanke.Både Knud Knudsen og Ivar Aasen gjorde mykje til å reformera og revolusjonera den norske målstoda.Dei levde på same tid,dei hev vorte utsette for nokso umfattande målpolitiske og faglege dryftingar og arbeidi deira kann tolkast ulikt.Samspelet millom deim kann ikkje undervurderast.

Det viktigaste argumentet for Knudsen er då som no at Knudsen la vekt på det landsgyldige talemålet,bokmålstalemålet,det danske målet med norske uttale.Knudsen vilde norska upp uttalen av standardtalemålet.I den grad standardtalemålet i bokmålet stend ved lag i dag,kann vel Knudsen segjast å ha vunne fram.

Men nett i dette spursmålet kann me spora ein motsetnad.Det hev vorte hevda at Knudsen nytta det landsgyldige talemålet som ein taktisk framgangsveg.Knudsen vilde eigenleg fremja det mest utbreidde talemålet i landet.Han vilde tufta eit sernorsk skriftmål på eit fleirtalsprinsipp.Knudsen sette upp eit etter måten umfattande program yver former som burde koma inn i dansken etter kvart.Det landsgyldige talemålet hev nok vore ein avgjerande premissleverandør for norsk språknormering.Her hev Knudsen vunne fram,men fleire av uppnorskingsframleggi hans hev ikkje vunne fram.Ein kann undra seg yver um det var ei sjølvmotsegjing hjå Knudsen millom det landsgyldige talemålet og uppnorskingsframleggi.Nokre av uppnorskingsframleggi hans hev ikkje slege gjenom p.g.a. protestar frå dei som nyttar standardtalemål.Knudsen greider ikkje fullt ut å sameina fleirtalsmålet (formverket i dialektane) med standardtalemålet,den landsgyldige uttalen av bokmålet.Knudsen kann takast til inntekt både for dei som vil ha eit moderat/konservativt bokmål og for dei som vil ha eit radikalt bokmål.Dei som argumenterar for eit radikalt bokmål og tek Knudsen til inntekt for det,må kunna underbyggja at det var tankane til Knudsen som førde fram til rettskrivingsreformi i 1917 og målbrigdet i 1938.Dei som argumenterar utfrå eit moderat/konservativt standpunkt må underbyggja at Knudsen trass i dei ekstreme uppnorskingsframleggi framfor alt vilde byggja på standardtalen.Dei sistnemnde vil understreka at Knudsen vann fram i 1907 og at rettskrivingane som kom seinare bygde på Knudsens prinsipp um den landsgyldige daglegtalen.

Ivar Aasen ser ikkje ut til å ha interessera seg like mykje for å fremja norsk uttale av det danske målet.Ivar Aasen la derimot fram ein samnemnar yver dei norske målføri.Dei norske målføri fekk dimed ein heilt ny status.Mange forfattarar hev kjent seg tvinga til å taka umsyn til det folkelege talemålet.Dei hev nytta dialektinnslag i bøkene sine til avveksling med bokmål.Dette hadde ikkje vorte på langt nær so aktuelt,um ein ikkje tek umsyn til Ivar Aasens landsmål.Ivar Aasen hadde dei sernorske målelementi på si sida,men han hadde ikkje noko landsgyldig talemål.Det hadde Knudsen. Her finn me ein svært viktig hovudskilnaden millom Knudsen og Aasen.

Knudsen vilde reformera det danske målet,men kunde han ha uppnådd like mykje utan landsmålet til Ivar Aasen ? Det er iallfall grunn til å tru at dei vitskaplege arbeidi til Aasen skunda fram og motiverte uppnorskingi av dansken.Dessutan var Aasen sjølv med på å fremja uppnorskingi av dansken meir beinveges.Han gjorde seg arbeidd som språkkonsulent for sume av dei norske som skreiv på dansk.Knudsen var velviljug til dei vitskaplege arbeidi Aasen la fram,men han meinte at Aasen gjekk for langt.Ein kann spyrja seg um Knudsen berre var ein av dei som kritiserte og vilde moderera Aasen eller um Knudsen hadde eit program som kunde ha vunne fram på fritt grunnlag.Dette kann me aldri få noko endelegt svar på.Eit anna viktigt spursmål er kva som kann reknast for upphavet til den sernorske språkplanleggjingspraksisen ? Og kor mykje Knud Knudsen påverka denne praksisen gjenom livsverket sitt ?

Det kann vera freistande å peika på at bokmålet hev størst utbreidnad i dag.Men me kann ikkje gløyma at bokmålet hev vorte prega av nynorsken.Dei som skriv bokmål hev henta medviten og umedviten inngjevnad frå det nynorske skriftlivet,frå kjennskapen til dei norske dialektane og frå nynorsk standardtale. Dette er til vinning for Ivar Aasen,endå um han hadde liti tru på ei slik uppnorsking.Men det kann sjølvsagt tolkast som ei vinning for Knud Knudsen òg.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag