YMIST

Målpolitiske fordomar og nasjonsbyggjing

I studenttidskriftet Mål og Makt prentar Ottar Grepstad uppatt ein artikkel som stod i Dagbladet i 1986. I samband med denne uppattprentingi kjem han med nokre aktualiserande merknader til innleidingi. Han skriv m.a. :" Somme vil kanskje ta argumentasjonen min til inntekt for eit Indrebø-inspirert nynorsk. Ingen ting står meg fjernare. Ingen ting. Ein slik arkaisk nynorsk er med og stadfestar fordommar av kva nynorsk er, fordommar som når langt ut over det filologiske og beint inn i kjerna av norsk kulturhistorie. Indrebø-strategien har som konsekvens at nynorsk blir eit synonym for gårsdagen. At unge språkpolitikarar ikkje ser dette anno 1995 er ei av dei gåtene eg må leve med. Eg skulle ønskje at filologar kunne ha litt sans for dei sosiale og politiske funksjonane av det dei driv på med."

Grepstad slær altso fast at høgnorsken (den Indrebø-inspirerte nynorsken) stadfester fordomar av kva nynorsk er. Dette meiner Grepstad er negativt. Eg er ikkje so viss på at det er so. Fordomar vil alltid koma upp millom gruppor som ser ulikt på ting. Ein kann stella upp fire ulike gruppor eller retningar innanfor norsk målpolitikk. Ein kann snakka um dei norskdanske tradisjonalistane som hev halde på eit språk nært knytt til flaggformene nu, efter og sprog. Og ein kann snakka um det som hev vore den offisielle rettskrivingsideologien innanfor mykje av den norskdanske ålmenta, ei moderat og kvasinøytral lina. Den siste lina er den mest fleksible og mangesidelege. Ho romar alt frå sokalla radikalt bokmål til meir sokalla riksmålsprega språk.

På målsida kann ein snakka um tvo grupperingar, ei høgnorsk og ei målbrigdelina. Dei moderate på den norskdanske sida hev stødt freista å vinna godhug hjå målfolki, serleg hjå målbrigdemennene, og taka brodden av målstriden. Dei byrja med å kritisera høgnorskmennene. Når dei hadde gjort seg ferdige med dei, byrja dei å hogga etter målføregranskarar og andre som var med på å halda uppe eit puristisk og sermerkt mål. Ei tid let målbrigdemennene seg lura av denne offisielle moderate og kvasinøytrale lina, men det er vorte vanskelegare og vanskelegare å få folk til å tru at nynorsken hev noko å vinna på å fylgja tomsnakket frå dei moderate på den norskdanske sida. Dei moderate på den norskdanske sida glid meir og meir inntil dei norskdanske tradisjonalistane, og målrørsla hamnar på sidelina i målpolitisk samanheng.

Presset mot dei som skriv nynorsk vert hardare og hardare. Lærebokforfattarar vert tvinga beinveges eller umveges til å nytta termar som liknar norskdansk. Den samnorske vanetenkjingi vert nytta som eit aktivt våpen mot målfolk. Ein må ikkje skilja seg ut. Det er ein fyremun at målformene vert meir like einannan for då slepp ein målstrid. Difor må du ikkje nytta det og det nynorske ordet. Den norskdanske sida spelar rått på kvart einaste veikt punkt i den nynorske måluppfatningi. Den sokalla samnorskpolitikken som lærebøkene freistar å skyta seg inn under, er berre eit låkt skalkeskyle for å driva dei målpolitiske grupperingane på målsida meir og meir mot norskdansken, for samnorsken er ein målideologi som ingen trur på -iallfall ikkje på den norskdanske sida. Ingen ser ut til å ha serlege fordomar mot norskdansken, endå denne målformi stend mest uendra etter 57 års samnorsksnakk. Dei fordomane som målrørsla freistar å spinna umkring dei norskdanske tradisjonalistane når ikkje fram.

Dei fordomane som Grepstad tykkjer so lite um, "når beint inn i kjerna av norsk kulturhistorie", meiner han. Eg fær assosiasjonar til norsk nasjonsbyggjingssoga når eg les dette. Måltroll, bondeknølar, grautetarar og uforståelegt fjellbygdmål og burtetter hev vorte framdrege som karikatuarar på det sernorske. Dette er karikaturarar som motmennene våre spelar på ved høve. Når slike fordomar kjem fram skal det ettervisast at nynorsken, bygdekulturen og folkeupplysningsideal m.m. ikkje verkar nasjonsbyggjande. Den meir difuse bykulturtradisjonen derimot, serlegt den som hev rotfeste i hovudstaden, er langt meir levefør, meiner visst sume. Den fremste fyremunen til dei moderate på den norskdanske sida hev vore at dei hev kunna stempla målrørsla som ei utgruppa. Dei hev teke upp i seg det dei hev trunge av bygdekulturen og dei nasjonsbyggjande ideali til målrørsla og inkorporera dei i sitt eige nasjonsbyggjingsreisverk. Resten hev dei vraka.

Samnorskideologien hev slege fast at me eig visse verdiar saman. På det viset kann dei norskdanske parodiera Haugtussa for målet i boki. På same tid som litteraturforskarane kann peika på at verket er eit sermerkt stykkje av nasjonallitteraturen vår. Tilsvarande dubbelmoral kann ein vanskelegt tenkja seg med eit stykkje som Per Gynt av Henrik Ibsen. Det gjer seg godt å måla måltroll som Ivar Aasen og Per Sivle, men vilde det ha vore stovereint å laga eit portrett av dei fire store (Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie), fatigmennene som laut ty til Danmark for å få gjeve ut bøkene sine. For ikkje å snakka um å syngja nasjonalsongen til Bjørnson på dansk. Konklusjonen må verta at den som hev makt til å definera dei målpolitiske skilordi skapar statiske fordomar av målfolk anten dei er rettkomne eller ikkje. Målrørsla må avvisa at det sermerkte nynorske målet vert pressa av språkmobbingi frå dei moderate og kvasinøytrale på den norskdanske sida.

Dei sosiale og politiske funksjonane til målrørsla er å tilby ein kompetanse i å gjenomskoda det sernorske og nasjonsbyggjande, utan å ty til tome konstruksjonar. Refleksjonen yver nasjonsbyggjingskonstruksjonar er eit av dei viktigaste tilbodi målrørsla kann gjeva til det sosiale og politiske livet i Noreg i dag. I ei tid då nasjonalstatsproblematikken er sterkt umdiskutera kann eg ikkje tru at Grepstad hev rett i at Indrebø-forsvararane i målrørsla er utan sans for dei sosiale og politiske funksjonane av det dei driv med. Indrebøtilhengjarane byggjer ikkje på målpolitiske alliansar med dei moderate på den norskdanske sida. Motmennene våre skal ikkje få mobba oss gjenom ein falsk samnorskideologi. Me vil yvertyda flest mogleg av det norske folk um at nynorsk gjev ein nasjonal kompetanse som norskdansken ikkje kann lura seg til.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag