YMIST

Økologisk grunngjeving for målstrævet

K.E. Steffens hev markert seg som ein ivrig kritikar av nasjonalismen. Han meiner at nasjonale grunngjevingar i målstriden er fårlege. Difor hev Steffens freista å laga ei eigi grunngjeving for målstriden. Grunnleggjande for målanalysen til Steffens er det å definera ut nasjonalismen,og freista å gjera økologien til fortåingsråma og grunngjevingsbakgrunn. Det høyrest unekteleg tidsrett og fr‘gt ut når Steffens set målrørsla inn i ein kulturøkologisk samanheng,men kva byggjer Steffens målsynet sitt upp um. Steffens skriv mykje i bladi,men det vert sjeldan høve til å analysera synsmåtane hans grundig. Det kann det vera verd å gjera. Steffens kjem med sume utdjupingar i Vestmannen nr.6.

Når Steffens vil skapa grunnlag for det eg vil kalla ei økologisk samfundsstyring byggjer han på ein tilfløkt samfundsanalyse. Innanfor denne analysen freistar Steffens å svara på um miljøproblematikken vil føra med seg eit styresett som stettar trongen til tilhøyrsla og yvertaka rolla til nasjonalismen. Kva er innhaldet i denne analysen ?

Steffens meiner at det veks fram ein ideasjonell kultur. D.v.s. ein kultur der dei leidande personane i samfundsstyringi nyttar tid på å gjera djupstudium av det yversanselege. Kva for nokre kjenneteikn ser Steffens på at det veks fram ein ideasjonell kultur ? Steffens meiner at ihugen for religion er veksande og viser til at mange interesserar seg for det paranormale. Korleis Steffens vil m‘la at interessa for religion er aukande,veit eg ikkje ? Um han meiner at det veks fram ein religionsfleirskap til byte med statskyrkjekristendomen,kann eg vera samd i det,men eg ser ikkje nokon ekspanderande uppslutnad i den religiøse ihugen i seg sjølv. Eg trur heller at religionslynde folk søkjer seg mot andre rørslor enn fyrr.

Dessutan hevdar Steffens at ihugen for parapsykologi er med å fremja ein ideasjonell kultur. Uppslutnaden kring organisasjonar som driv med parapsykologi er etter det eg kann skyna liten. Rett nok finst det eit utal av bøker og filmar som sirklar innum denne emnekrinsen,men nokor ålmenn og breid rørsla finst det ikkje attum parapsykologien. Steffens ser fyre seg ein heil kultur bygd på ein elite som søkjer seg mot det yversanselege. Å argumentera for at det veks fram ein ideasjonell kultur og grunngjeva det med at folk vert meir interesserte i det paranormale og at det veks fram ein religionspluralisme gjev visse vanskar,og det gjev eit tilfløkt perspektiv.

Steffens gjeng mot vitskapen,teknologien,folkesuvereniteten og demokratiet som han meiner er upphavet til den økologiske problematikken. Steffens vil då um eg uppfattar han rett stogga den vitskaplege og teknologiske voksteren. Til det vil eg segja at vitskapen og teknologien ikkje ureinar naturi. Vitskapen og teknologien legg råmone for kva slags råvareemne som kann nyttast. Men det som ureinar, er dei naturresursane som vert nytta til brensla og drivstoff. Avfallsproblematikken er •g eit sentralt punkt. For å løysa alle desse miljøproblemi trengst det vitskap og teknologi. Innanfor kapitalismen finst det ikkje noko handfast verde attum å verna naturi. Det dagsn‘re i kapitalismen er pengar og ikkje miljø. Difor må langtidsverknadene med å trekkja inn miljøvern understrekast,utan demokrati vert det,etter mitt syn, uråd å få fram dei vanskelege vurderingane som må leggjast i råstoffbruken. Me kann korkje kutta ut all produksjon som nyttar brensla eller stogga drivstoff-forbruket. Men me kann skjera ned på uturvande bruk.

Steffens vurderar ei radikal umleggjing til ein ideasjonell kultur. Det vil vel då segja at ein elite av yvertydde menneske som legg vekt på det yversanselege i styringi av ein stat, ein sambandsstat eller um det hadde late seg gjera ein verdsstat,skal ha makti. Korleis denne eliten skal koma til makti,segjer ikkje Steffens noko um.

Det finst ikkje ein fasitt på korleis me kann driva fram eit samfund som er i pakt med naturi. Hadde det vore ein slik fasitt vilde ikkje mennesket havt nokon fri vilje,meiner eg. So lenge menneske kann velja millom gode og vonde,tenlege og ikkje-tenlege handlingar,vil det alltid vera dei som vel dei vonde og ikkje-tenlege handlingane. Soleis vil det •g vera på statsplan. Dessutan vil det alltid vera trong for å vega løysingar. Steffens vil setja upp ein elite som skal vigja seg til yversanselege studium som skal leida oss fram til eit berekraftigt samfund. Men kva for ein essens skal det liggja i dei yversanselege studiane til elitestyrarane ? Og korleis skal denne eliten kunna vega for og mot når viktige avgjerder skal takast dersom ein ser på teknologi og vitskap og demokrati som problemskapande. Vilkårlege løysingar som ikkje byggjer på grundige ordskifte kann føra oss ut i ei røynleg økologisk krisa lenge fyrr nokon hev tenkt.

Eg ser ein samanhang millom m.a. artiklane Nasjonalisme som religionssurrogat i Vestmannen nr. 3 1996,Nasjonalismen som trong til tilhøyrsle i Vestmannen nr. 9 1996 og den siste artikkelen til Steffens,Noko om Sorokin ... I artikkelen i nr.3 1996 skriv Steffens at nasjonalismen byggjer på konstruksjonar. Konstruksjonane er us‘tande i altfor mange tilfelle,hevdar Steffens. Når menneske vil nå fram til vissa og tryggleik,kann det lett føra til sjølvdåring,fanatisme,hat og vald. Nasjonalismen er prega av desse ålmennmenneskelege turftene,meiner Steffens.

Steffens er søkjande han ynskjer å finna fram til alternative grunngjevingar som ikkje er beinveges knytte til nasjonale grunngjevingar i målstriden. Sume tider tykkjer eg han legg for stor vekt på å pressa fram ein røynleg essens i tilknyting til nasjonalismen. Historikarar og folkeminnegranskarar vert kritiserte for å gå lengre enn det dei hev sakleg grunnlag for. Det er rettkome,men alle konstruksjonar som byggjer upp um ein nasjonal identitet og ei nasjonale reising må likevel kunna prøvast ut for det dei er verd,so f‘r ein revidera konstruksjonane etterkvart og kanskje forkasta dei um dei ikkje held mål.

So kann ein spyrja seg um Steffens alternativ til nasjonalismen som svar på trongen til tilhøyrsla og grunngjeving for målstrevet hev noko fyre seg. So langt må eg segja at eg hev vanskelegt for å sjå fyre meg ein ideasjonell kultur.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag