YMIST

Sigeren fylgjer våre fanor!

Høgnorskfolket med Ivar Aasen-sambandet, Vestlandske Mållag, målungdomen og andre gjorde eit fagnaverk i den rjukande striden mot freistnaden åt fleirtalet i Fagnemndi i Språkrådet på å brytja anbeheitelseord inn i nynorsken. Målreformistane var snaudt synlege i ordskiftet. Som rimeleg er. Denne summeringi frå stjorni i Volda og Ørsta Målungdom var å sjå i millom anna Klassekampen og Dagens Næringsliv:

Det hjelpte lite at det var fredag 13. då årsmøtet i Norsk Språkråd hadde uppe framlegget frå fagnemndi um å sleppa 130 anbeheitelseord inn i norsken. I eit samrøystes vedtak valde nynorskdeildi å utsetja framlegget og senda heile greia attende til fagnemndi for ny fyrehaving. Dette vedtaket hadde neppe vore tilfelle um det ikkje hadde vore for det massive motstandet frå norskmålsbrukarar flest, og det syner at kamp nyttar.

Etter å ha fenge fleirtal i fagnemndi, trudde målreformistane at dei på same måten som i 1938 skulde klara å yverkøyra Noregs Mållag. Dei tok i miss. Samnorskmotstandarar yver heile landet mobilisera. Lesarbrev, fyreteljingar, konferanseskiping og underskriftskampanjar gjorde det klårt at no meinte me ålvor. At språkrådet endelegt hev gjenge til full rettrett er soleides ein siger for fridom og demokrati.

Valspråket åt Jan Terje Faarlund, leidaren i fagnemndi, er at "det er betre å skriva dårleg nynorsk enn godt bokmål." Difor meiner han at nynorskbrukarar ikkje lenger skal verta retta på når dei nyttar bokmålsord som er "vanlege i folkeleg norsk talemål", jamvel um han kann gå med på at dette ikkje vert noko godt språk. No ventar me i Volda Målungdom berre på språkrådet slepper til att dei norske ordi og formene som vart forbodne i 1938, slik at norskmålsbrukarar ikkje lenger skal verta retta på når dei skriv godt språk!


Olav Torheim, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag