YMIST

Nynorsk for utlendingar no !!

Eg nyttar nynorsk og alle på heimstaden min hev alltid nytta nynorsk. Nynorsk er noko som fell naturleg inn i kvardagen min. Kvifor skal eg bry meg um nynorsk ? Slik tenkjer sume. Til og med millom aktive målfolk. Sume av målfolki hev fenge seg eit sjokk.

Tenk at du skal forklåra den norske målstoda for ein utlending. Kva gjer du då ? Korleis skal du få den det gjeld til å gripa poenget med å nytta nynorsk ? Dei er jo utlendingar. Dei vil ikkje bry seg med interne stridar i Noreg, og målstriden er ein intern norsk strid for dei.

Sett no at du etter mykje strid greider å få ein utlending til å gå med på at nynorsk er det ideelle språket å nytta i Noreg. Korleis skal du so få denne utlendingen til å læra nynorsk ?

Mange målfolk som hev gift seg med ein utlending hev fenge dette problemet. Det er faktisk utruleg fåe høve til å få gjort noko for å læra utlendingar nynorsk.

Det er etter det me veit tvo upplæringstilbod på bokmål. Det eine tilbodet er vaksenupplæring. Det andre tilbodet er upplæring på universitetet. Vaksenupplæringi hev ikkje etter de me veit anna enn bokmålsundervisning.

På universitetet finst det noko upplæringstilfang på nynorsk,men viktige delar av tilfanget ligg berre fyre på bokmål. Skal ein skaffa seg bøker er det visst nok burtimot uråd å få tak i det som er utgjeve. Det finst tvo bøker,men dei er båe gjengne ut or sal. Det Norske Samlaget som er nynorskforlag skulde vera interessert i å få gjeve ut desse bøkene, skulde ein tru. Men Samlaget treng statsmidlar. Det vil ikkje løna seg å gjeva ut desse bøkene um ikkje,heiter det frå det haldet.

Kva kann ein so gjera ?
På landmøte i Noregs Mållag gjorde underteikna framlegg um at arbeidsprogrammet til Noregs Mållag skulde gå inn for at det vert løyvd statsmidlar til dette upplæringstilfanget. Framlegget vart nedrøysta av landsmøtet. I staden gjekk landsmøtet inn for at Noregs Mållag skal gjeva ut eige upplæringstilfang. Kvar Noregs Mållag skal få pengar til utgjeving stend det att å sjå ? Det hadde vel vore lettare å arbeida for å skaffa pengar til det tilfanget som alt ligg fyre ? Dessutan kva skal ein gjera for at det kjem nynorsk tilfang på serkursi på universitetet.

Kor som er. Dersom nett du treng upplæringstilfang til ein utlending. Kontakt Samlaget og mas på dei. Di fleire som gjer det di større kjøpargruppa ser dei fyre seg,og di vanskelegare vert det for dei å segja at marknaden ikkje er stor nok. Eg meiner dessutan at du kann protestera til departementet som ikkje løyver øyremerkte pengar til universitetet som kann tryggja rettane til dei utlendingane som vil læra nynorsk. Det må vera eit rimeleg krav at ein utlending kann velja nynorsk på alle upplæringsteg. Dersom ein ikkje tek norskkurs og fær papir på at ein kann norsk, kann ein ikkje melda seg arbeidslaus i Noreg. Det vil segja at ein misser ein demokratisk rett som nordmenn hev. Difor er det diskriminering av utlendingar når ein hindrar dei i å læra nynorsk. Utlendingar som alt kann nynorsk kann til og med verta tvinga til å nytta bokmål på kurset. Dette er uverdig. Det er på tide at folk tek bladet frå munnen. Lat oss ikkje gjera utlendingane mållause.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag