YMIST

Målvisjonar

Gode Vestmenn!
Det er alltid ei utbyding å skulla skriva for dykk. Sume gonger kann det ganga bra og sume gonger meir på det jamne. Emnet i fyredraget i kveld hev sirkla um krig. I Noreg hev me vore utan krig i meir enn 50 år. Dei som ikkje upplevde andre verdskrigen hev soleis lite og inkje evna til å fyrestella seg kva ein krig inneber. Difor skal eg ikkje gjeva meg til å snakka um noko som eg i det heile ikkje hev greida på. Eg skal i staden snakka um noko litt anna. Men lat meg starta upp med assosiasjonen krig.

I målrørsla hev det og til tider vore motsetnader som hev vorte kalla for krig. På 1950-talet snakka ein um borgarkrig i Noregs Mållag. Hallvard Framnes vart utropa til i-målsgeneral o.l. Militære samanlikningar hev det vel vore nok av seinare òg. Nynorskelevgerilja vart eit umgrep for ei tid sidan. Men den ideologiske krigføringi er meir interessant. Ord som måletar, måltynar, samnorskar, bokstavstrevar, dialektfantast og hemningslaus knotar er nokre av dei ordi som er i umlaup. Men ordi er no so si sak. Dei råkar ofte i skodda, og er berre grove sorteringsreidskapar. Meir interessant er det med dei målpolitiske brytingane og dei målpolitiske ytringane som fylgjer av desse. Korleis tenkjer folk um oss. Me som fylkar oss i Vestmannalaget. Mytane til dette laget må då vera like lange og gamle som laget sjølv.

Eg skal her leggja fram ein analyse som eg hev havt mykje moro av å tenkja igjenom. Analysen av oss vestmenn er grovt og usakleg skissert, og garantert ein del av ei ideologisk krigføring.

I nokre målfolks augo finst det vonlegt ein del visjonar. Ikkje alle er like visjonære som eg, som ynskjer høgnorsk til einaste riksmål i landet, og som gladeleg diskuterar med kven det skal vera, so sant eg hev tid til det. Eg ytrar meg slik at ytringi vert eit godt døme på fenomenet røyndomsbrest, segjer sume. Lat dei det. Sume hev gjerne trengt undan visjonane sine. Dei klarar ikkje å tenkja frametter og å drøyma. Dei må ha eit fatigt liv i målrørsla.

Men i alle høve, dei som hev visjonar: Det er dei me treng bry oss med. Dei andre kann me gløyma inntil vidare. For nokre av dei er det ikkje nok å berre vera visjonær. Ein kann gjerne vera visjonær, men ein må greida å skyna kva som kann slå igjenom. Kva som hev framtidi fyre seg ? Høgnorsken kann ikkje ha framtidi fyre seg. Det er då ingen som vil slutta upp um dette målet. Når eg legg meg ut med folk som meiner dette, brukar eg som eg gjorde greida for i ein tidlegare Tuftekall, so mykje som råd å karikera høgnorsken og fylgjone av å nytta høgnorsk.

Kritikarane meiner at dette innleider ein krangel som er fyremålslaus. Me kann ikkje vera visjonære på eit slikt grunnlag. Me hev rett og slett feil. Me kann ikkje meina noko slikt. Og dct fører oss til neste plan i analysen av oss. Me er ikkje politiske. Det vil segja. Me er ikkje i stand til å knyta oss upp til det som hev me dei røynlege maktpolitiske tilhøvi i målpolitikken å gjera. Me berre sit og hyggjer oss med Tuftekallen og med gamaldags kultur og andre ting som ikkje hev noko å segja for den målpolitiske utviklingi, utan å fylgja med i det som skjer av målpolitiske tildriv umkring oss.

Dersom eg so freistar å gjera upptak til noko målpolitisk, so vert alt feil. Stend eg fast på det eg meiner målpolitisk, er eg automatisk diskvalifisert frå å gjera noko. Eg må meina det som er rett. Eg må skyna at visjonane mine ikkje held, og at ein aldri kann verta i stand til å påverka dei målpolitiske makttilhøvi når ein hev Vestmannalaget til høgborg. Når ein hev Vestmannalaget til høgborg, skal ein halda kjeft når målfolk flest samlast.

Eg tykkjer dei fleste vestmenn er altfor flinke til å bøygja seg for denne ideologiske krigføringi.

I røyndi er det målfolk flest som er mest upphengde i rettskriving. Dei er iallfall meir interesserte i det enn eg er. Eg må segja at eg kann ikkje skyna at det er so mange i mållaget som idest bry seg med ulike typar av rettskriving.

Eg trur det er på tide å venda kritikken av Vestmannalaget mot resten av målrørsla. Den beste måten å gjera det på er å setja i gong å arbeida med å få til slikt som målrørsla ikkje fær til av seg sjølv, og å pressa på for å få dei andre målfolki til å verta politiske. Det er langt frå alle av dei som er so veldig politiske, endå um dei hevdar at me ikkje er det. Når målfolk sluttar å segja at Vestmannalaget ikkje er politisk, då hev eg tru på at det er voner for dei. Og greider dei å halda heilt kjeft når me i Vestmannalaget snakkar til dei, då må vestmennene ha kome inn på ein farande veg !!

Men kvifor skal eg nytta denne analysen som er so barnsleg naiv. Det er vel nett av di fordomane sit so djupt i folk. Men kvifor ikkje dekonstruera heile greida. Plukka heile analysen frå kvarandre. Fyrst av alt, det finst ikkje rette visjonar. Det finst ingenting som borgar for at det berre er den offisielle nynorsken som kann føra til framgang for målrørsla. Vestmannalaget er svært politisk. Me er faktisk ufattelegt politiske. Me er det mest aktive mållaget i heile landet, vert det sagt. Me hev 9 samlingar i året. Me er eit miljø som er ope for kven som helst som hev godhug for målsaki, men ingen er likevel i tvil um kva me meiner og kva me vil. Me er kjende yver heile landet. Gong etter gong møter målet vårt og me sjølve kritikk i pressa. Me møter kritikk for fulle fanfarar. Dei som meiner noko um målsak, gjer seg gong etter gong upp ei meining um kva Vestmannalaget meiner. Når dei gjer det, må dei dessutan taka standpunkt til kva dei skal meina um heile fortidi til målrørsla.

Eg gjer merksam på at Vestmannalaget berre er eit mållag med lokal tilknyting til Bergen.

Eg skulde lika å sjå det mållaget i Noregs Mållag ein kunde gjeva den same målpolitiske attesten som Vestmannalaget. Men det er godt at målfolki set høge krav til oss. Me skal vera glade for alle kritikarane. Det målsynet som ikkje vert sett under kritikk, må då vera aldeles daudt. Soleis er dei kritikarane som vil drepa ned høgnorsken våre beste vener. Me må berre ikkje gløyma at dei er ikkje visjonære og politiske, og i røyndi burde dei halda kjeft !!


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag