YMIST

Høgnorskdagane - motlegg frå ein motmann

Like årvisst som Volda og Ørsta Målungdom skipar til høgnorskdagar hev det kome reaksjonar på tilskipingi. No seinast i eit innlegg på Internettet mållag. Innskrivaren reagerte på meldingi um høgnorskdagar i fjor. Han tykte tilskipingi hadde noko "stauraktig sært over seg". Innskrivaren skriv at han hev vel ikkje kome til ei ny meining i år. Han meiner at høgnorskdagane vender augo bakyver i tidi og dyrkar fram eit slags "høgnorsk" antikansellispråk bygd på 1900-talsdialektar frå Nordvestlandet og arkaisk ordtilfang.

Innskrivaren meiner at høgnorskdagane kann vera interessante for dei som ikkje hev anna å gjera enn å kasta burt tidi med akademisk krimskrams utan band til verdi og livet. Det luktar museum av denne "høgnorske" målreisingi. Noreg er ikkje eit slikt land lenger. Den nasjonale kampen for kulturell "frigjering" gjekk fyre seg i det fyrre hundreåret.

Kva meiner so innskrivaren er det røyndomsnære ?

Han meiner at me hev kome fram til ein slags tvospråkleg konsensus. Han vonar at ein dag vil dei tvo språki glida yver i eitt felles norsk skriftmål. Ein slik skriftnormal kann sjølvsagt ikkje byggjast på, og vil heller ikkje verta bygd på arkaiske modellar, korkje den "høgnorske", eller andre, meiner innskrivaren

Det siste kann me gjeva innskrivaren rett i. Men at me hev ein tvospråkleg konsensus reknar me for eit narrespel. Nynorsken er jamnast den veikaste parten. Det det føre med seg av bokmålisering og liknande skulde vera velkjend for lesarar av Vestmannen. Høgnorskdagane trengst i år som i tidlegare år for å rista liv i tenkjingi til sovande målfolk.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag