YMIST

Det nynorske litteraturmålet

Nynorsken hev i lengre tid vorte knytt upp til dialektreising og til heimstadkjensla. Heimstadkjensla til målbrukarane i nynorskumrådi og det språket dei nyttar utan å tenkja seg um hev vorte sett upp som eit ideal for målreisingi. I beste fall hev dialektane og heimstadkjensla vorte knytte til noko vidare. Men kortslutningane kjem på rekkja og rad med eit slikt utgangspunkt.

Ivar Aasen bygde nynorsken på dialektane heiter det i offisielle samanhengar.At han bygde på norrønt freistar ein å løyna. Dei formene som hev samanheng med norrønt mål og ymse ljodbrigde som ikkje samsvarar med norskdansken skal skuvast undan. Soleis vert sambandlinone i målsoga og dei systemrette formene som Aasen kom fram til sekundære. Det var missteg frå Aasen.

Ein ting er det at ein ikkje skal ha fram røtene til nynorsken. Noko anna er korleis norskundervisningi gjeng fyre seg. Dialektpedagogikken gjenomsyrer fleire delar av norskfaget og er lite gjevande. I ei lærebok i nynorsk for ein 3 klasse stend det: Når du skal læra nynorsk er det tvo rettesnorer. Den eine er talemålet ditt, den andre er at du uttrykkjer deg munnleg. Korleis kann ein undervisa folk etter desse rettesnorene ? Det syner ein total svivyrdnad for at eit skriftmål skal lærast gjenom å lesast. Det er slik folk lærer norskdansken og vert uppmoda til å læra han. Men nynorsken skal ein altso berre snakka ut på papiret. Tenk um nokon hadde skrive i lærebøkene til tridjeklassingar på vidaregåande at norskdanken lærer du ved å skriva som du snakkar og ved uttrykkja deg munnleg. Det vilde truleg ha ført med seg umfattande aksjonar og protestar frå lærarane som vilde ha sett at det ikkje vilde føra fram. Ein viktig del av upplæringi i den vidaregåande skulen gjeng med på å læra elevane til å meistra skriftlege stilarter og å handtera språket skriftleg, i motsetnad til det munnlege språket som i denne samanhengen berre kann vera ei av mange kjeldor til å skriva godt.

Kjærleik til skjønnlitteraturen og sakprosaen er grunnlaget for å meistra norskfaget. Det er denne kjærleiken som fær ungdomen til å søkja seg skriftlege stilideal. Dei ser seg ut forfattarar som skriv godt. Dei plukkar ut tilfang til si eigi skriving, og dei fær gradvis større tame i å skriva.

Når nynorsken vert formidla gjenom dialektpedagogikken, vert folk framande til den verdien som ligg i nynorsken . Det fører til vonløysa og protestar. Svaret frå store delar av målrørsla er å moralisera yver at nynorsken er ein naturleg del av kulturarven og å koma med heimstadkjensle-, rettferds- og dialektargumentasjon.

I staden for å fokusera på dialektpedagogikken, må norskfaget få fram rikdomen i den litterære arven frå norrøn tid og yver i den 150 år gamle nynorsktradisjonen og motivera elevane til å lesa. Den einaste måten å læra nynorsk på er gjenom å lesa han. Dialektane vert underordna det norske litteraturmålet.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag