YMIST

Arne Garborg millom aust og vest - or soga åt midlandsnormalen

Arne Garborg kom i 1898 med i nemndi som fyrebudde eit ålgjengt mynster for skrivemåten i landsmålet til skulebruk. Ei regelfesting var naudsynt etter at dei nye skulelovene jamstelte landsmålet som upplæringsmål med dansk-norsken. Dei andre nemndmennene var Marius Hægstad og Rasmus Flo.I dette laget kjende Garborg seg som lækmann, og utrygg. Etter det han sa, trudde han skyldnaden hans var å vega på dei praktiske og pedagogiske umsyn, attåt dei boklege.

Gjerdi hans medan arbeidet stod på syner like mykje sterkt medvit um at umbodet burde tola eit målpolitisk endemerke. Det låg andsvar på nemndi til å skjera undan fåren til at ho vart ein slagplass for skilde meiningar i aust og vest um ortografi og ordendingar. Normeringi burde vera eit tilføre til å samla serflokkane i ei ihopvaksi målfylking som kunde standa samheldig utetter. Ei samstelt tilråding frå nemndi var mest fyremunleg, meinte Garborg,. helst um ei samform, elles um ei hovudform med ei sideform til bruk i bygder der folk vanda landsmålet som det no vart mest skrivi.

Den prinsipielle usamnaden um kva grunnlaget skulde vera for ein landsgild normal kom tidleg fram i nemndi.Hægstad stod her imot Garborg og Flo.Men dissensen vart til sist umsnudd til sameining. Det er kjent korleis rettskrivingssaki kom i hamn. På ei vis vann Hægstad fram. Men det gjorde på ei onnor vis dei andre og. Normeringi i 1901 vart i hovuddragi slik Hægstad ynskte det, ei tilmåting til dei mest livføre formene etter Aasen. Fleirtalsframlegget frå Garborg og Flo vart vraka som prinsipal skriveform, men midlandsnormalen dei sette upp tillaten som sideform. Um alt dette var det då semje i nemndi.

Til midlandsmålet vart rekna målføri i dal- og fjellbygdene aust um Langfjelli, frå Sætesdal gjenom Telemark og Valdres til nørdre luten av Gudbrandsdalen.Avbrigdi innum dette målvaldet kunde stydja seg anten til målbruken i heile landet å segja, eller til eit stort fleirtal av dialektar. I ljodverket var innlandsmåli mest skylde til Vestlandet, i tonelag og endingar liktest dei mest måli austantil og nordantil. Målbygnaden i desse bygdelagi var då, meinte Garborg og Flo, mest fyreemna til å samla eit nyreist, heilnorsk Noreg. Serleg burde ein byggja på dei rike skattane i telemålet som var komne i dagen med uppskrifter av folkevisor og onnor tradisjonsdikting.

Det er tri kjennemerke i midlandsmålet - kløyvd infinitiv:"Best sova um Dagen og gange um Natti", - kløyvd eintalsending i veike hokynsord:"ein Heim for Song og Sogu", "Stor Undring allstad der Sogo vart kjend", "ei Gjente som song burt yvi Dalen","Han heldt av Gjenta"- og triklangen i fleirtalsendingar:"Baard Nes var ein Stormann millom Bøndar", "ei sju Milir land laag Sandstrand", "doggblanke Tuvur i linn mjuk Morgonglans" (alle døme frå Garborgs dikting). Steinar Schjøtt var den fyrste som røynde seg med målet då han umsette Heimskringla (1.utg.) Umsetjingi fekk lastord frå vestlendingar, som syntest ho var for mykje ei austlandsk dialektbok.

Garborg og Flo skifte jamt brev i dei nære på tri åri normeringsarbeidet tok. Brevskiftet syner at dei to ikkje stødt drog i same leidi - Flo var meir grammatikaren, Garborg taktikaren som hadde augnefestet langt framme.Hægstad høyrer ein lite gjæti. Han hadde det yvertaket som fylgde med status quo-lægjet, og dertil politiske medhaldsmenn og parlamentarisk røynsle som gav tyngd til hans syn. Midlandsfraksjonen måtte difor vera tiltaksam; han skulde bryta fram noko nytt, og hadde mest å vinna. Men av brevi ser ein at dei med gjorde sine samlag - fyrst og fremst med Moltke Moe,som var grunnkjend i telemåli.

Historisk var Hans Ross upphavsmannen til arbeidet med midlandsmålet som samnorsk skriftmål. Garborg dulde ikkje at han hadde synet sitt på mål og målvokster frå Ross, "som var meg beint fram ein lærar." Det var difor Ross som var mest å finna i framlegget,hans tankar og synsmåtar.

Fyrstundes var det likt til at dei ikkje tenkte seg ei heilskapleg midlandsform, heller um noko som halla den vegen. Flo sette upp -a til einaste infinitivsform, medan veike hokynsord i ubundi form burde ha avbrigdi -u og -e: sogu, kiste og båe i bundi form -a:soga,kista.Meiningi var å gjera målet meir kjendsleg for austlendingen og nordanfjellingen. -Garborg kunde ikkje heilt sleppa den kløyvde infinitiven. Vestlands-a`en i ei visa hadde han lati fara alt i Fedraheimstidi av umsyn til tingarane på Austlandet, og um -u`endingi var han i tvil.Formi ei konu som stod på ei liste Flo hadde laga, nekta ham plent å godtaka; ho var for Vestlandet meiningslaus,urimeleg, beint fram tull, slik ei kona vilde vera for Austlandet.Aust og vest fekk heller møtast i den leide formi ei kone,so regelen vart eins for alle veike hokynsord.

Garborg og Flo vart likevel snart samde um skriveskikken i ei midlandsform dei vilde taka upp dersom dei ikkje fekk ei tilråding um noko anna i lag med Hægstad. No var Garborg heile tidi lite vonfull til at det øvste skulestyret kom til å bøygja av for eit fleirtalsvotum um midlandsk. Han grunna difor smått på ei subsidiær sideform - um Hægstad skulde få sitt igjenom - som gav høve til å nytta vise og fara/tenkje osf. Eit sovori fridomsprinsipp skulde og døyva gnålet um at målsaki var berre ei vestlandsovring.

Flo talde frå å fyreskipa ei millomløysing. Han ottast at styremaktene kom til å sjå ho som ei støring og velja den lettaste utvegen, jamvel um han dugde minst; betre då å våga heilt og vinna alt, kan henda etter at dei hadde ropa etter hjelp frå Jørgen Løvland.Svaret skapte mistykke. Garborg skulda hin for ikkje å skyna kva som kunde vinnast um dei slo av på eitt og anna av umsyn til byane og den nasjonale einskapen. "Eg maa ogso tru at De ikkje er so mykje Politikar helder som ein førande Maalmann bør vera heretter. Og det vilde vera ilde."

Meir vart det ikkje av upptaket då. Men det må nemnast av di Garborg her fyrste gong held fram fridomsdoktrinen sin til vern um Austlandet.Lenger ute vert det meir um dette.

Utetter hausten 1898 leid det til den tid arbeidet måtte vera fullført. Men der var enno ikkje teikn til vægsemd på nokor side. Tvert imot, Flo trudde vita at Hægstad var stridare på sitt enn fyrr, "og daa var det liti von til at me kunde koma nokon veg i nemndi med det me hev tenkt på". Seinare fælte dei jamvel for at det kunde bera til ei krise. Flo nemnde for Garborg tanken um å leggja ned heile arbeidet, eller styra beint mot usiger - det siste truleg i den meining at dei tvert sløkte voni um å koma til samskyn med Hægstad, og heller stod på midlandsframlegget, vitande um den yvermektige vågnaden som var for at departementet då vilde gjera Hægstaddissensen til skuleform.

Lengre fram nådde dei ikkje no.I nemndfyrelegget januar 1899 heldt Garborg og Flo herdig på midlandsnormalen; Hægstad hadde sitt eige votum.

I merknadene til fleirtalsframlegget var Garborg framleis uppteken av å sameina, og av ikkje å setja ilt blod med dal- og fjellbygdvarianten. Midlendingane skreiv difor at den målformi som vart vedteki måtte vera ei tilleiding, og at næmingane burde ha lov til å nytta bygdemålsformer der dei ynskte det.Dette var diplomati frå Garborg - den same velviljen måtte femna austlendingane um Hægstads votum vart fylgt. Garborg vilde helst ha gjengi vestlendingane endå lenger til møtes, med ord um at Vestlandet som alt hadde arbeidt seg upp ei skriftform,framleis burde ha høve til å halda ho ved lag.

Skulestyret sat på framlegget ei tid. So vart innstillingi prenta, og det kom sakkunnige umsegner frå Lars Eskeland og Matias Skard. Båe slo lag med Hægstad.

Her høver det med eit samandrag av det ein må tru var Garborgs ideologi i rettskrivingsstriden. Det skal koma fram at normeringi for honom vart eit spursmål um å vinna eller missa Austlandet; slaglina skrukna etter kvart , og striden stod til sist um ei defensiv åtgjerd: å meinka utstøyting av bygder med austnorsk mål.

Garborg skreiv jamt um eit grunnfest innvendes kivsmål i målrørsla. Tvidrættet reiste seg av at sume vilde ha ei meir gamalnorsk - og vestlandsk - form, andre ei meir tildagsført bygdemålsform. Dei siste meinte bygdemåli just slik bruken hadde forma dei var det gamle målet.Difor var det godt nok som ein no hadde det. Vilde ein ha ei allgild landsform, måtte ein finna det bygdemålet som var best falle til bokleg bruk, lett å skyna for alt folk, og reint og norsk.Hjå Garborg rådde ingen tvil um at det måtte verta folkevisemålet, målet frå Telemark. - Aasen hadde fylgt det vestlandske straumdraget; det vart eit vel formtungt skriftmål, meinte Garborg. Millom dei som fylgde bygdemålsstraumen etter Ross, nemnde Garborg Werenskiold, Schjøtt, Fjørtoft,Skar og Mortenson; jamvel Landstad tok han med.

Skrivemåten som no vart brukt var vel kjent på Vestlandet, men meir sjeldsynt i andre landsluter. Garborg trudde det kunde vera rett at midlands-,austlands- og nordlandsbygdene mykje heldt seg utanfyre målarbeidet av di dei kjende målet i den vestlandske skrivemåten framandsleg. På Austlandet var ogso noko anna vrangt:vestlandsformer av slaget visa,kasta,spinna o.a. var kjende berre frå svensk.Landsmålet fekk på denne måten ein unorsk svip for austlendingane.

Det bit når Garborg fortel um korleis han freista i Fedraheimen å bruka eit noko bygdemålslita mål, sidan det galdt å halda ihop med dei austlandske stroki. Men han vart tvinga attende til vestlandsmålet, med ei og onnor lemping. Aasen-folket var ved makti, og "fyrr gav (dei) upp heile Maalsaki fyrr dei gav upp ein daud t." - Mykje fint norsk mål fann Garborg i Asker, på Heidmorki og Romerike. Han vilde Austlandet skulde koma med den norsken dei brukte, og venja seg av med å tru at han ikkje var god:

"Tek austlendingen for aalvor sitt eige fram, vil han snart koma inn i det,inn i grunnane;og daa vil han finna større rikdom enn han hadde tenkt, og røtar og samanheng som fører heilt upp til dei beste og finaste austlandsmaali, dei han daa vil kjenna meir og meir att som i grunnen sine eigne, og kunde samla seg um til bokleg bruk."

Våren 1900, um ikkje fyrr, skyna Garborg at det var mot all von å få midlandsframlegget godkjent i fyrste lina. Men kunde det vera ei løysing å gjera dei to formene valfrie? Framvoksteren i arbeidet med denne tanken vikte rettskrivingsstrævet inn i eit far som leidde fram.Eit landsmål måtte ikkje verta nokon pånøydd.Hadde ikkje bygdene anna å velja millom enn norsk med vestlandsk skrivemåte og norsk-dansk, kunde det lett henda at mykje av det folkesterke austland vart drivi yver på framandsida for godt. Formtvang no kom til å kløyva landet, og gjera målsaki til eit isolert framtak i vest. Men ei tillati sideform som var runni or eit fridomsprinsipp, gav trygd for ein naturleg, um kan henda meir langsam framvokster mot landssamling.Dei formene som hadde flest med seg, vilde sigra.

I september 1900 var saki atter framme i nemndi. - Alt sumaren dette året hadde Moltke Moe bode eit kompromiss. Hægstadformi var etter dette den offisielle, og midlandsnormalen tillaten der dei vilde ha han. Det var ikkje her tale um at Hægstad lempa noko på si form - berre um å gjeva eit visst rom åt hi. Nemndi var likevel kløyvd.

Då dei no stod framfyre ei endeleg avgjerd, lyddest det at kløyvingi var vorti eit vandemål for Hægstad, og at han ikkje var umoda til å godtaka midlandsnormalen i andre hand. Her øygna Garborg råd til ein manøver som kunde samføra kreftene i aust og vest av di en kom undan tvangen. Hans siste framlegg var at midlendingane gjekk med på det vanlege landsmålet ("Eskelandsken" som Garborg no kalla det) til offisiell skriveform, og at midlandsformi til motlag kunde nyttast der det vart kravd. Det heilt nye, sjølve handgripet og sluttklemmen, var vilkåret um at nemndi in corpore,soleis Hægstad og, stelte seg attum skipnaden. Og slik enda det,med ei samrøystig innstilling.

Løysingi var sløgd utfunni av Garborg. åt den eine sida berga ho Hægstad or ei skor. Rett nok meinte Hægstad at midlandsken var lite brukfør i skulen. Men Hægstad var målreisar og målgranskar, og sette midlandsmåli over lag høgt; Hulda Garborg hermer ei utsegn frå honom um at dei var "den venaste norske målform." No slapp han vera den som gav midlandsmålet ulivsslaget. Riksråd Wexelsen kunde greidt binda avgjerdi til viljen i ei nemnd med målsmenn for både syn. Soleis fekk han avlyft den pinesame byrdi å måtte gjera eit val millom koryfear. åt hi sida var utgangen ei ættleiding av målbruken i dei bygdene som ynskte meir austlandske former. Dei trong heretter ikkje ha kjensla av å vera kjettarar og fråskilde.Når autoritetane stod i breidd og legitimerte deira rett, kunde ingen lenger med vekt tala um skiljing og kløyving.Sundringi var no innteki i systemet. Garborg meinte han måtte vera nøgd, no austlendingane hadde fengi ein plass innum døri.

Pedagogisk gjorde ikkje midlandsnormalen nokor sigerferd.Til skulebruk vart han ein rein vanfreistnad,som knapt leivde merke. Or skulemålet rauk han ut i 1917. Men det er i soga her forvitneleg at Olav Aukrust og Alexander Seippel midt i 1920-åri arbeidde med ein søknad um at normalen måtte verta teken inn i skulen att etter ei uppattbøting. Dei vilde ha burt -ir`endingi og -ar` endingi i halvljodsordi (bøkar,mennar). - Den meinslege lagnaden kjentest leid for Garborg. At midlandsmålet ikkje vann seg fram til norsk hovudform, var eit av dei største vonbrot Garborg hadde dei siste åri, fortel Hulda Garborg.

Garborg sjølv nytta formi frå fyrst på 1900-talet. Hans "Skriftir i samling" (1907) var umskrivne til midlandsmål. Skriftformi hans til no hadde vori ei fyrebilsform, med stemneleid fram til det midlandske, sa han. Midlandsmålet kunde han då kalla si rette skriftform."Um eg i seinare utgåvur rettar bøkene mine fram til det,so vil eg dermed ikkje koma i strid med meg sjølv," skreiv han i 1901.

Midlandsken er avbrigderik, kravsam, vyrdeleg, på si vis noko stormannsleg, i sitt kunstnarlege uttrykk ikkje sjeldan fornæm, og litterært eit elitemål. Dei bokmenn som - meir og mindre tiljamna - skreiv i midlandsmålet åtte jamt ein sers næpen målsans - attåt Garborg m.a. Ivar Mortenson, Olav Aukrust, Ivar Kleiven, og framum alle Alexander Seippel med sin sereigne svip av klassisk sæbygg- og telemål. Lengst fram i tidi vart målet haldi i hevd hjå sogegranskaren fylkeskonservator i Telemark Rikard Berge (1881-1969). Verket hans fyller meir enn 5000 sidor. Han nytta i fullt mangfelde ein varietet av midlandsmålføri som for honom var urformi. Det er ikkje å undrast på, utstokken som han var frå Rauland. Lenger inn i kjerneryftet er det uråd å koma.

Kjeldor:
Framlegg til skrivereglar for landsmålet i skularne, 1899
Handskriftsamlingi, Nasjonalbiblioteket
Rasmus Flo, Midlandsmaal, 1906
Forfang,Ivar Kleiven, 1946
Olav Aukrust,Skaldespor
Den 17.Mai 1900,1901,1903, Syn og segn 1926


Halvor Sigurdson, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag