YMIST

5000-årsperspektivet

Skriftmålet og skrivingi hev ei lang soga i verdssamanheng. Alt for 5000 år sidan eksisterte det skriftmål. På bakgrunn av skriftmåli i Egypt og seinare sivilisasjonar fram til antikken vart det bygd upp eit historisk medvit. Det var skriftmålet som bygde upp dette medvitet. Skriftmediet fungerte slik at lærde folk kunde samlast og gjera nedteikningar som so vart spreidde gjenom upplesing for større møtelydar. Tekst kunde umsetjast ved lærdomssete og sendast ut til andre språkumråde.

Gjenom slik spreiding yver språkumråde vart det skapt eit historisk medvit. Dette historiske medvitet var saman med nyvinningar innanfor jordbruk, samferdsla og handel med på å dana grunnlaget for stadeigne identitetsuppfatningar. Folk kunde verta bufaste samstundes med at dei kunde tileigna seg kunnskapar um ting langt burte både i tid og rom.

Skriftmålet var det som dana grunnlaget for all kjend mannesoga som byggjer på yverleveringar av språk og språklege ytringar. Alt ein vil finna ut um språk fyrr 1900-talet, må byggja på dei skriftlege kjeldone som ligg fyre. Og berre ved hjelp av dei skriftlege kjeldone ein hev, kann ein slutta seg fram til kva for talemål som kann ha eksistert.

Det er soleis forunderleg å lesa eit sitat i ei lærebok for universitetet. Her heiter det at ein kann hevda at talemålet er primært i høve til skriftmålet. Med det siktar forfattaren til at talemålet historisk sett fanst fyrst. Skriftmålet kom seint inn i menneskesoga. Då må ein spyrja seg kva for ei soga skriftmålet kom inn i. Kann ein i det heile tala um ei språkleg soga og eit sogemedvit fyrr skriftmålet? Alt me kann segja um talemålet fyrr skriftmålet stod fram, vert berre spekulasjonar på bakgrunn av skriftmålet.

Forfattaren held fram med å hevda at mennesket lærer talemålet fyrr skriftmålet. Talemålet er morsmålet, og me lærer det utan spesiell instruksjon. I vår tid er det klårt nok alle born frå dei er ein neve stor vert bombarderte av skriftspråklege ytringar frå radio og fjernsyn, frå upplesingar og skriftspråklege songar, leikar, vers og rim. Men viktigare er det at med ein gong ein lærer skriftmålet, er det skriftmålet som legg premissane for korleis ein uppfattar sitt eige talemål, og korleis ein vil karakterisera sitt eige talemål. Det er i kraft av den 5000-års tradisjonen skriftmålet hev bygt seg upp som bodskapsformidlar og medvitsfaktor at skriftmålet legg sterke føringar på uppfatningar av talemålet. Skriftmålet vert det yverordna språket for folk flest.

Forfattaren meiner vidare at skriftmålet prøver å avspegla talemålet.Skriftmålet er avhengig av talemålet på ein måte som talemålet ikkje er avhengig av skriftmålet på. At skriftmålet prøver å spegla av talemålet, er ei merkeleg utsegn. Det finst og hev funnest eit utal av talemål. Skriftmålet er ein sams kode som folk innanfor eit språkumråde godtek å nytta til skriftlege meldingar. Skriftmålet er avhengig av at folk vil nytta det som språkleg kode. Kva talemål folk nyttar treng ikkje å hanga saman med den språklege koden dei vil nytta.

At talemålet ikkje er like avhengig av skriftmålet som umvendt, er ein rar påstand. Utan skriftmål finst det berre yverføringar via bandupptakarar og anna ljodkonserverande utstyr som kann fortelja oss noko um talemålet. Det vilde vera so godt som uråd å slutta noko som helst um eldre talemål utan tilvisingar til skriftmålet.

I eit 5000 års perspektiv kann me studera soga um skriftmålet og um skriving i verdssamanheng. I dette perspektivet er talemålet hjelpeslaust underordna skriftmålet og skrivingi. Det er i dette perspektivet ein må forstå soga um nynorsken og ikkje i eit trongrømd notidsperspektiv.


Lars Bjarne Marøy, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag