YMIST

Ordsoga åt dei heimlege ordi

Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman:
Våre arveord. Etymologisk ordbok
Novus forlag. Oslo 2000

I dei sidste åri hev det kome mange etymologiske ordbøker, dei kallar, millom anna tri bøker av Johan Rosbach, og ei av Sverre Klouman. Sams for desse er at dei ikkje er vitskaplege, dei hev mykje tykkjing og sume mistak, serlegt boki hans Sverre. Attpåtil kann dei vera noko rotut lagde upp, til dømes kann dei brådt gjeva upp ei indoeuropeisk rot til eit ord, men ikkje segja noko um korleides ljodi brigde seg frå indoeuropeisk til forntydsk {frumgermansk}. Men den store skuggesida med dei alle er at dei rømer mest lånord. Dei norske ordi er av einkvan grunnen ikkje forvitnelege. Det er ei undarleg syn, for det er radt dei som hev ei hugtakande soga, sidan dei hev brigdt seg mykje i både tyding og skap. Alle dei romske {latinske} og greske lånordi, som dei nemnde ritarane er so glade i, hev snaudt skift tyding eller skap på mesta 2000 år, sidan dei stort set er tekne rett upp frå den tidi, i staden for at dei hev vore med folket jamt. Det er detta boki "Våre arveord" bøter på. Ho er vitskapleg, for det er tvo høglærarar {professorar} som hev rita henne, og dei tek fyre seg dei ordi som hev vore med oss heile vegen, erveordi.

Fyrst litt um yrkesordi. Etymologi er eit flokut og uturvande ord for ordsoga, eit ord som mesta gjev tydingi si sjølv. Det er soga åt ordi, kvar dei kjem frå og kva den upphavlege tydingi var. Erveord er som sagt dei ordi som hev vore med oss heile vegen, helst frå dei eldste tider, som er indoeuropeisk tid. Indoeuropeisk er namnet på upphavsmålet vårt. Difor tykkjer eg me kunde kalla målet radt det, upphavsmålet. Der er ymse framlegg til kvar indoeuropearane, ættefederne, høyrde heima, og til når målet deira kom upp. Men det er tala um at det er fleire tusund år sidan. Forntydsk er namnet på ei avgreining av upphavsmålet. Det vart tala nord i Kveldlandet {Europa} kring fødsli Kvitekrists, og var upphavet til mål som engelsk, tydsk, flamsk, islendsk, norsk, færøysk, svensk, dansk og gotsk.

Boki tek på med ei innleiding um forntydsk, og um ovringane det forntydske ljodskridet og Verner-logi. Dei er det mykje um å gjera å skyna skal ein lesa gamal ordsoga. Andre ovringar, som barkeljod-læra (laryngal-teorien) og i-ljodbrigdet, er greidde ut um inni boki, under uppslagsordi. Der høyrer dei ikkje heima, tykkjer eg. Dei skulde stade i innleidingi i lag med dei andre ovringane. Eller det kunde hava stade under det uppslagsordet der ovringi fyrst er nemnd, so ein slepp å bledja framleides i boki for å finna ut kva eit barkeljod no er for noko. Attåt saknar eg ei utgreiding um ljodspranget (og "tema", dei kallar). Denna ovringi er nog den som hev havt mest å segja i upphavsmålet vårt, og ho er nemnd ofta i boki. Det er nog mange som ikkje veit kva ljodspranget gjeng ut på, so ei utgreiding må med.

So kjem uppslagsordi, meir en tusund sidor i alt. Dei er skipa soleides, at fyrst stend det norsk-danske ordet (det norske ordet stend attved um det ikkje er likt) med tyding. Er ordet eit lånord i norsk, so vert det nemnt med det same. Elles segjer dei berre at det er eit erveord. So kjem ei yversyn yver kva ordet heitte på dei ulike nordkynmåli {germanske måli}. So ei utgreiding um desse ordskapi i nordkynmåli, og endelegt ein bolk um upphavet til detta ordet i upphavsmålet, med jamføringar med andre avgreiningar frå upphavsmålet.

At uppslagsordi stend på norsk-dansk er sjølvsagt ikkje det mest laglege for oss, men det er til å liva med, sidan dei er glupe til å føra upp det norske ordet attved, og ikkje minst av di dei stort set er noggranne med å segja i frå um ordet er eit lånord, jamvel um det kjem frå dansk. Det er uvan kost! Slå upp i kva ordbok som helst frå i dag, og eg kann borga for at du ikkje finn upplysingi "frå dansk" i ordsogebolken. Grunnen til at dei er glupe til å segja i frå um ordet er eit lånord i denna boki, men at det er so å segja heilt fråverande i andre ordbøker, kjem fulla av at dei som hev rita denna boki er vitskapsmenner, og at dei som hev rita hine ordbøkene som oftast er målstridsmenner attved. Dei ynskjer å skyla sanningi når ho ikkje batar saki deira. Hann Harald og hann Fredrik vil heppelegt ikkje dylja sanningi, jamvel um dei då syner bjart at norsk-dansken er meir dansk en folk flest er vare. Eg skal gjeva nokre døme på detta. Dei segjer at "bedre [...] er i denne formen lånt fra da. bedre", "ledd er et nedarvet substantiv i da. form, jf. nno. led". Jamvel der det danske upphavet er uvisst, segjer dei ifrå: "det er [...] nærliggende å tenke seg blomst [...] som et lån fra dansk", "blære [...] er et nedarvet substantiv som i denne formen kan tenkes å være lånt fra dansk". Til og med der berre framburden {uttala} er unorsk, segjer dei ifrå: "uttalen med -d- i føde [skyldes] de fleste steder skriftpåvirkning", "hud [...] er lånt frå dansk, jf. den hjemlige formen i nno. hud [...] uttalt uten [d]", "den konsekvente mangelen på "tykk l" i uttalen [av hale] [...] kan tyde på da. lån eller påvirkning". Det er godt å endelegt kunna sjå sanningi koma fram um unorske ord og unorsk framburd.

Men diverre kann slike upplysingar vanta au. Mange stader der dei hevdar at uppslagsordet er eit erveord, held eg det for å vera kavt danskt, påverka frå dansk, eller leseframburd av norsk-dansk. Men det vert for flokut å ganga nøgnare inn på det her i ei bokmelding. Attåt kann dei vera for snøgge med å hevda at eit gamalnorskt ord er burte i norsk. Um ein nøyter Norsk Ordbok til uppslagsverk (noko dei gjer), då kann ein finna desse ordi dei segjer er burte til eigne uppslagsord. Og er dei eigne uppslagsord i hovudverket for norskt mål, då er dei inkje burte.

I boki hev ritarane nøytt nemningane "norsk", "nynorsk" og "bokmål". Det er ikkje godt å nøyta alle desse tri, for det byr ikkje vera nokon skilnad millom "norsk" og "nynorsk". Etter at namnet på ritmålet vårt, landsmålet, fekk namnet nynorsk, då femner namnet nynorsk um både ritmålet og alle målføri, so det vert skilt frå gamalnorsk. Kva det norsk-danske ritmålet vert kalla, hev ikkje so mykje å segja. Me tarv ikkje fleire nemningar en berre ei for det norske ritmålet og dei norske målføri, og ei for det norsk-danske ritmålet. Når namnet "norsk" i denna boki i røyndi vert nøytt um det norsk-danske ritmålet, bokmålet, då sit ein att med tokken at "nynorsk" er noko anna en "norsk", og det er nog ikkje det ritarane hev meint. Dei hev nog etla at "norsk" skulde vera samnemningi for "nynorsk" og "bokmål", men når namnet "bokmål" so å segja aldri er nøytt i boki, då kann ein tru at dei held "norsk" for å vera det same som "bokmål", og "nynorsk" for noko anna. Det beste hadde vore um dei hadde teke burt nemningi "norsk", og skift namni "nynorsk" og "bokmål" soleides eg nemnde ovanfor.

Namnet på boki, "Våre arveord", segjer greidt i frå um kva ord dei ritar um. I innleidingi segjer dei kvifor dei hev teke med sume unorske ord au, serlegt tydske. Det er av di dei nog var i målet vårt au, i frumnorderlendsk, sidan dei finst i dei andre nordkynmåli. Det er greidt. Men nokre fåe stader hev dei teke med romske ord til uppslagsord, ord som ikkje fanst i dei gamle nordkynmåli i det heile. Det tykkjer eg er uturvande i denna boki. Elles vantar det sume vanlege ord i boki. Det er av di dei ikkje kunde segja noko visst um upphavet. Men eg tykkjer dei kunde hava teke dei med endå, og kome med eit framlegg til kva upphavet var.

Der er gode utgreidingar um det ljodlege upphavet og den ljodlege framvoksteren til ordi. Men eg hadde ynskt å sjå meir til sogor um tydingi, for det er sers forvitnelegt å sjå påstand og utgreidingar um skyldskapen millom ord som eit bein - å bita, å blota - ein blome, ein bak - å baka, og å blanda - blind. Men det kann sjølvsagt vera at dei færraste ordi hev ei lika forvitneleg soga som desse eg nemnde no.

Alt i alt er det ei god vitskapleg bok, og det er sant som det stend på bokumslaget, at boki kann setjast i staden for Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog frå 1906 av Falk og Torp. Ho hev mange fleire, og betre, utgreidingar um ljodlegt upphav og framvokster en Etymologisk ordbog hev. Men Etymologisk ordbog rømer fleire ord, so er ein forviten etter ordsoga byr ein hava både tvo, attved Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp, som både er ei ordsogebok og ordbok for nynorsken (det er dei norske målføri). Desse bøkene burde då standa i bokhylla hjå kvar ein norske som er forviten etter norsk ordsoga.


Sverre Johnsen, 20050408

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag