YMIST

Eit heilnorsk Vestland er den beste trygd mot utgliding eller atterslag i målvegen

Det er ikkje med gleda me her vest ventar på det nye målbrigdet. Me hev inkje godt å venta oss av det, korleis det so kom til å verta til slutt.

Men det vilde vera eit stort mistak um me no av vonbrot eller likesæla med det heile la arbeidet ned. Det må ikkje henda. No meir enn fyrr gjeld det å heisa seglet til topps - gjera reint bord i Bjørgvin bispedøme. Eit heilnorsk Vestland er den beste trygdi mot den utgliding dei vil føra oss inn på.

Alle ting tyder på at det er det norsk-danske bokmålet det gjeld um å berga i hamn, med so få og små brigde som råd er. Det andre målet er det ikkje so nøgje med.

I "Samtiden" nr. 3 for i år er ein forfattar, Sten S. Nilson, ute og syner leidi. Artikkelen er elles velskriven og vorten åtgådt. Men tendensen er tydeleg nok.

Vi har to skriftformer å reformere her i landet, en bygger på gammelnorsk, en på dansk. Skal vi nå bygge "på norsk folkemålsgrunn" for fremtiden - og det vil nærmest si på bygdedialektene og østlandsdialektene av idag - så tror jeg bare det er riksmålet som tåler flytningen. (Merk deg ordi). Det fine korthuset som heter nynorsk, ramler sammen når vi gir op tanken om å bygge på de dialektene gammelnorsken lever i." - Kanskje vert nynorsken "sprengt innenfra efterhvert".

Ja, forfattaren gjeng so vidt at han vil ikkje vita av nynorske ord i bokmålet. "Nå sitter landsmålsordene som store fluer bortetter i nettet, ser ut som de liker sig ille og spreller for å komme løs".

Han talar um "rare ord" og "rare gloser" og nemner i denne samanheng "ymse", "søknad", "vågnad" og "høve" som skjemmer bokmålet. Ikkje ein gong desse skal få heimstadrett i det nye riksmålet.

Ja, det er nok mogeleg å byggja ei kunstig bru millom målføri, men då vert det å byggja på papir, ikkje "på folkemålsgrunn", segjer han.

Det er tydeleg vinden hev snutt seg i det siste. I den leid peikar og det at bokmålsmennene i revisjonsnemndi no held på å hala inn att for sin part, og på ein måte bryt fyresetnaden for heile samarbeidet um samnorsken, ja set reine vilkår, ser det ut for. Det hev hendt det som mange ottast vilde og måtte henda, at nynorsken skulde kosta gildet åleine. Kva kyrkjedepartementet som sit med andsvaret no vil gjera, fær tidi syna.

Men for oss er det ingen grunn til å leggja årane inn. Vår leid er greid og médi gamle, Åsen-lina og i-formi. Slepper me denne, glid me ut i rotet. Då spyrst det um ikkje forfattaren i "Samtiden" kjem til å verta sannspådd med sitt syn, allvisst um politikken skal verta hjelpesmann.

Difor gjeld det um at Vestlandet no tek eit krafttak. Nynorsken må inn i alle skular på bygdene. Her er endå att holmar her og der som bokmålet rår yver, soleis i Askøy, Tysnes o. fl. Det er serleg kystheradi som ligg etter endå både i Hordaland og lenger nord. Men tek lærarane, skulestyri og mållagi seg saman, torer det ikkje taka so lang tid fyrr siste kneiken er teken. Det er gledeleg å sjå at bygdene i Sunnhordland gjeng i brodden. - Men kyrkja må fylgja etter med Nynorsk Salmebok og norsk liturgi.

Det er no i røyndi dei som brukar norsk mål som avgjer lagnaden for det. Soleis bør det og vera.

Frå Gula Tidend 27. april 1938


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag