YMIST

Det gamle Bergensvinstre og målreisingi

Det frisindede og ældre venstremænd liver jamt høgt paa det gamle vinstre her i Bergen. Dei 21 aari daa partiet raadde Bergensbenken i Stortinget fraa 1892-1903, daa stod det glans av vinstre. Daa var det rette frisyn og vidsyn som stod tilrors, det som stod i pakt med liberalismen ute i Europa. No er det anleis. No er vinstre vorte eit maal- og tvangsparti, som berre driv maalstræv og umdøyping. Det er trongsynet og nasjonalismen som raar og legg si kalde hand paa alt. Av den grunn kann ikkje verkeleg frilynde folk fylgja det, vert det sagt. Og det same høyrer ein val etter val. Dei gamle vinstremenn sine plassar i Bergen stend tome o.s.b.

Men kva stoda tok daa det gamle bergenske vinstre til maalreisingi og desse faarlege maallogerne ? Det var daa i den tid dei vart til, flestalle daa, og grunnen vart rudd og vegarne uppstaka. Ja, søkjer ein etter, vil ein finna at vinstre daa som no hadde det same nasjonalsynet. I dei 21 aari det sat med den politiske magti, stod Bergens tingmenn allstødt aa rekna paa maalmannssida. Eg skal freista syna dette ved aa taka fram alle viktugare avgjerder i denne bolken, til aar 1900.

I 1885 sett Niels Juel og Liestøl m.fl. Dette framlegget fram fyr stortinget.

"Regjeringen anmodes om at træffe fornøden forføiing til at det norske folkesprog som skole- og officielt sprog likestilles med vort almindelige boksprog."

Framlaget kom fyre i Stortinget den 12te mai. Det vart eit langt og kvasst ordskifte, som ventande var. Paa Bergensbenken sat den gong kaptein Krogh, stadsfysikus Sparre, kaupmand

Gade og John Lund. Alle røysta dei fyre, og det var vedteke med stort fleirtal, mot umlag 30 røyster.

Dette var den fyrste politiske framstøyt som vart gjord i maalsaki. Paa grunnlag av dette vedtaket er det ogso at maalfolket til dessar hev arbeidt - jamstellingslina. Det er ogso paa dette same vedtaket at vinstreprogrammet hev bygt til desse siste aari-- ogso i fjor.

I 1880 kom den nye folkeskulelogi til avgjersla i Odelstinget. Det var daa framlag um at borni skulde læra lesa baae maali. -- Atter kom det til kvass strid. Fleire av vinstre sine beste menn var ved valet i 1888 vortne nedhogne. Dette sette ogso merke denne avgjerdi. Med ei røyst i yvervigt vart framlaget nedrøysta, men baade Carl Berner, kaupmand Ameln, optikus Krohn og John Lund røysta fyre.

Men alt 3 aar i 1892 kom saki fram att ;men daa i noko brigda form. Kravet var no, at borni ikkje skulde læra lesa baae maali ; men skulestyret skulde ogso fastsetja maalformi i den skriftlege upplæring. Tilraadingi lydde soleis :

"Skolestyret bestemmer om skolens lære- og læsebøker skal være avfattet paa landsmaalet eller ved det almindelige bokmaal, og i hvilket av disse maal elevernes skriftlige arbeider i almindelighed skal avfattes. Dog skal eleveren lære at læse begge maal."

Atter røyster dei 4 bergenske fyre utan atterhald Chr. Michelsen, Krohn og auditør Prahl, og i Lagtinget John Lund. I odelstinget vart framlaget vedteke med 57 mot 28 røyster.

I 1890 kom framlag til ny seminarlog. Tilraadingi fraa kyrkjenemndi gjekk ut paa dette :

Kjendskap til bokmaalet og landsmaalets lyd- , form- og orddanelseslære

Riksraad Bonevie gjorde framlag um at ordet landsmål skulde ganga ut. Baade han og N. Hertzberg som baae var dugande skulemenn, stridde mot. Likevel vart tilraadingi vedteki med 42 mot 42 røyster. Millom fleirtalet finn ein opt. Krohn, kaupmann Ameln, John Lund og C. Berner.

Den einaste logi paa nynorsk som til dessar er komi, vart vedteki i 1894. Det er logi um sams normaltid. Proposotionen var paa riksmaal. Nemndarframlaget på nynorsk. Som vanleg vart det sjølvsagt maalstrid. Men det lykta med at tilraadingi vart vedteki med 44 mot 38 røyster i Odelstinget. Ogso her røysta Bergensbenken fyr den nynorske formi. Krohn, Prahl og adjunkt Lødrup sat der.-- I Lagtinget røysta John Lund paa same sida.

I 1896 fekk me ny log um dei høgare aalmenskular. I Odelstinget vart det samrøystes vedteke at elevane i millomskulen skulde læra lesa "saavel landsmålet som det almindelige bokmaal". Eit liknande krav vart ogso sett til norskupplæringi i gymnaset. Tilrådingi fraa kyrkjenemndi vedkomande norskprøva lydde soleis :

"De skriftlige opgaver kan avfattes saavel paa landsmaal som det almindelige bokmaal. Dog skal eleverne gives fornøden øvelse i skriftlig bruk av det almindelige bokmaal"

Nemdarframlaget (fyrste punktum) vart vedteke med 48 mot 35 røyster. Millom fleirtalet finn ein Berner og Prahl. --Dr Brunchorst var med mindretalet. John Lund røysta fyr tilraadingi i Lagtinget. Prahl røysta endaa til mot siste punktum. Logi stod ved lag til 1907, daa bergensaren Chr. Michelsen si regjering kom med framlag um " landsmålsstilen", som ogso vart vedteken.

Bergens Tidende 24.02. 1919

Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag