Mål og vanmæle 5 Mot umboti i 1917

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Mot umboti i 1917

Uppnorskingsvilje og samnorsktankar

På riksmålssida var det sume som ynskte meir uppnorsking etter 1907, um det nok dertil var tildrag andre vegen. I 1907 lovfeste Stortinget skriftleg prøva i den høgre skulen i båe mål sidemålsstilen. Dei som var imot sidemålsstilen, freista alt den gongen, som i alle år seinare, å påvisa den skriftlege sidemålsupplærings serskilt skadelege verknad på ungdomen!

Til dei sterke kreftene i Riksmålsforbundet som såg med ein viss velvilje på uppnorskingi, høyrde Hans P. Lødrup, lagsskrivaren i riksmålssamskipnaden og ei tid styrar for Riksmaalsbladet. Andre kjende namn på same kanten var professor Alf Torp (1853-1916), professor Hjalmar Falk (1859-1928), båe målgranskarar, og Fridtjof Nansen (1861-1930), polfararen. Riksmålsforbundet sette ned ei nemnd som skulde koma med framlegg til uppnorsking, og umframt Torp og Falk sat Ivar Alnæs, Hans Eitrem og August Western i nemndi, alle skulefolk. Tilrådingi frå denne nernndi vart ikkje godteki av riksmålssamskipnaden, men mange av framleggi frå nemndi kom med i den seinare rettskriving 1917.

På målsida var det, grovt rekna, innbyrdes fredeleg, i alle høve samanlikna med dei mest stridfulle bolkane. Men det var ymse meiningar urn trongen for ny landsmålsrettskriving. Sume var beint imot all tanke på ny rettskriving no att, som Vestlandske Mållag, skipa i 1904. I 1916 vart østlandsk Reisning skipa. I brodden stod Eivind Berggrav-Jensen (1884-1959), skulestyrar på Fetsund, seinare bisp, Didrik Arup Seip og historikaren Halvdan Koht (1873-1965). Dei vilde ha meir norsk i norskdansken og meir austlandsk i norsken. Målfolk hadde ikkje serleg imot at østlandsk Reisning vilde norska upp det danskrøtte målet. Men ikkje alle var like nøgde med utfalli mot det norske skriftmålet.

Berggrav og Seip var i fyrstningi målvener; dei vart etter kvart noko halvhjarta og nærma seg snart dei samnorskfarga tankane og synsmåtane til Moltke Moe. Sidan minka det visst med slike tankar og. Østlandsk Reisning var ikkje berre velsedd millom målfolk, ikkje i Austmannalaget heller som hadde vorte skipa i 1899 og arbeidde for målreising på Austlandet. Sume kalla østlandsk Reisning eit k/myvingslag. Hovudtankane til østlandsk Reisning vart, i det minste på papiret, uppfylte med 1917-rettskrivingi. Ut på tjugetalet slokna laget burt.

Den innebygde motsetnaden i målrørsla millom etymologi og ortofoni, freista sume gjeva ein geografisk vridnad. Dette var ikkje nytt. Denne vridnaden var tydeleg anti-vestlandsk og anti-innlandsk. Med tidi kom dei ortofonistane eller arvtakarane deira til å tala svært so vanvyrdeleg um vestlandsmålet og målet i utkantane og avdalane.

Me skal no gjera eit heller langt sprang fram i tidi. Um geografisk servridne talsmenn - folkemålstalsmenn, som dei med kvart gjerne kalla seg - upphavleg stundom sa seg vilja tena norsk folkemål i og kring Oslo - eller kanskje rettare, den ekte grunnkjernen i dette målet, vikamålet - so kom denne grunnhåtten med åri til å skifta karakter.

Frå 1950-åri eller tidlegare, og med vissa so seint som i 1980-åri, hev det i målrørsla funnest ein trivlande flokk målblandingsfolk, gjerne med den sjolvpåklistra merkjelappen progressive eller framstegsvenlege (og kven reknar seg ikkje fer dét?). Meir og meir hev dei enda i rådlaus bakevja, for alle deira framtidstankar og spådomar um målet alle hev svikta. Denne vegville og minkande herflokken eller fyregangarane deira - var ein gong dei stolte vimpelberarane for ein statleg produsera og med statshjelp framdriven samnorsk, det heim avla målteknokratiske underverket. Um dei i si tid heldt fram austlandsmålet eller den norskrøtte luten av vikamålet til skriftmålsmynster, hev dette longe skift. No er det bokmålet. Bokmålet er moderne. Målfolk skal skriva so likt bokmål som råd er. Norsk er arkaisk. Dette var rettesnori for fleirtalet i Norsk språknemnd og 1959-målet, og det kann seg sjåast at fleirtalet i Norsk språkråd hev fylgt med på same ferdi so langt, med vedvarande forbod i nynorsk skulemål mot å skriva for norsk, men liberalisering av nynorsken mot bokmål og liberalisering av bokmålet mot dansk.

Tilstemna byrja rimeleg, kanskje, men kverna frå lovsong for folkemål til målføre til klassemål til fleirtalsmål til austlandsmål til oslomål til samnorsk til statsautorisera mål til - skiftevis eller samstundes alt saman, etter tid, stad og høve. Det enda upp med å setja danskrøtt bokmål til fyrebilete for den norskmålsreisingi som skulde vera eit alternativ til det danskrøtte bokmålet. Sumt av dette er sett på spissen, men det er snaudt usant. Ordet samnorsk hev vorte so utskjemt at det er ubrukande til agn.

Ja, dette var eit sprang utanum tidsfylgd. I det andre tiåret av vårt hundradår kunde ingen vita det me no veit. Serleg ikkje dei som var fyrebod for ein målveng, samnorskvengen, som aldri merka seg ut med stort framsyn i målvegen. Dét er det lovleg å skriva i dag, med etterpåklokskap.

Riksmålsforbundet sette ned ei rettskrivingsnemnd i 1912, men tilrådingi frå denne nemndi vart burtlagd året etterpå, slik me hev høyrt; tilrådingi gjekk for langt i uppnorsking. I riksstyringi var det sameleis uppe tankar um ny rettskriving, og same året som Riksmålsforbundet sette ned si nemnd, bad filologane i Undervisningsrådet riksstyret um at det måtte peikast ut ei rettskrivingsnemnd. Namni på dei som gjorde dette upptaket var: Marius Hægstad, Knut Olai Brekke (1855-1938), Anton Henrik Ræder (1855-1941), Peter N. Østbye (1855-1943). Rådsmedlemene vilde serleg ha burt uturvande ulikskap i skrivemåte for dei tvo måli, slik at ord med same segjemåte skulde få same skrivemåte; men dei vilde ikkje binda ei rettskrivingsnemnd berre til dette mandatet.

Kyrkjedepartementet sette året etterpå, i 1913, ned ei nemnd som skulde arbeida med dette siktemålet: «Den størst mulige tilnærmelse mellem vort lands to skriftsprog gjennem en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge. Det er selvfølgelig ikke meningen at ville fremtvinge en kunstig sprogenhet; men komiteen maa altid ha for gie at den skal aapne for en utvikling frem imot national samling på grundlag av folkets virkelige talesprog.»

Halvdan Koht fortalde sidan at det var han som fekk ordi «folkets virkelige talesprog» inn i mandatet. Um Didrik A. Seips synsmåtar desse åri fortel det noko at han i 1917 sende ut heftet Ett mål i Norge - Målstriden avgjort denne generasjonen? Millom norske vimpelord som mange ynskte i den norskdanske rettskrivingi var den gongen hard, kald, mye, låg, gammal, fram, hok.bøygning på -a og - a-bøygde gjerningsord. Som me veit slo det antinorske bakstrevet til for fullt då Seip aldrast.

Den departementale nemndi, utpeika i 1913, hadde like mange talsmenn for kvart mål. Nemndi var slik samansett: professor Alf Torp, formann; skulemann og målgranskar frå Fredrikstad Ivar Alnæs; jurist, pressemann og forfattar Haakon Løken (18591923); folkehøgskulestyrar og lærebokskrivar Lars Eskeland (1867-1942); dosent Knut Liestøl (1881-1952); forfattar og skulemann Jens Tvedt (1857-1935).

Nemndformannen Alf Torp døydde i 1916, midt i fyrste verdskrigen. Resten av nemndi gjorde ingenting, og grunnen til dette skulde vera at nemndmennene skyna at uppgåva i mandatet var uløyseleg (etter Einar Haugen som heimfester dette til stortingsmann A. Hoe!, 1919).

Ny nemnd, ny rettskriving, stort hastverk

Departementet peika ut ei ny nemnd, mindre mangsideleg samansett enn Torp-nemndi og utan den same jamvekt millom måli. Nemndi var på fem mann, og berre tvo var målfolk: professor Hjalmar Falk, formann; nyutnemnd riksmålsprofessor Didrik Arup Seip; Ivar Alnæs (som og var med i Torp-nemndi); professor Marius Hægstad; Knut Liestøl (som hadde vore med i Torp-nemndi).

Det hev vore ålment medrekna at Didrik A. Seip var drivkrafti i nemndi, og hovudmannen for det framlagde arbeidet. Marius Hægstad, meister for 1901-normalen, fekk nok vanskeleg gjenomslag både mot den pågåande Seip, fleirtalet i nemndi og dei mest høgmælte utanfor. Det var ikkje tid no, skulde det syna seg, for finhendt og gjenomtenkt målarbeid, men snarare for kraftreformisme og dundrande slagord.

Um Marius Hægstads medverknad til 1917-målet veit me elles at han la fram eit servotum i det endelege nemndframlegget. I servotumet skreiv han klårt at han var usamd med nemndfleirtalet i sumt i framlegget, både i ymse motiveringar og i resultat. Men Hægstad som stod so fast i 1901, bøygde seg i 1917 - eller vart nøydd å bøygja seg.

Nemndi kom med tilrådingi si den 12. desember 1917. Tilrådingi vart godkjend i brennhast med kongeleg resolusjon alt den 21. desember same året. Denne framgangsmåten og dette hastverket vart snart sterkt avdømt. Eit usømeleg og grovt brot på demokratiske prinsipp, skreiv Riksmaalsbladet. Som sant var.

Den lettvinte framgangsmåten til riksstyret i ei so viktug kultursak, utan høyringar, utan ålment ordskifte um tilrådingi, var som skreddarsydd til å reisa den stormen um saki som riksstyret tydeleg nok trudde dei skulde lura seg ifrå med dette framskunda vedtaket. Kanskje vona dei at rettskrivingi skulde drukna i fyrejolskavet. Men lastordi tok til å hagla. Og med rette.

Motstanden reiste seg, på norsk bald og endå sterkare på norskdansk. Arnulf Overland let høyra frå seg alt den gongen. Hamsun ottast «Sproget i fare». Nils Kjær laga nemningi «Sjøliesproget» etter stortingsmann Knut Sjølie, sosialdemokrat, som etter uppmoding frå Seip heilt på tampen kom til å stydja den nye rettskrivingi i ei avgjerande stund. Sume på den norskdanske ytterkanten spela på språkleg vankunna, antinorsk botnslagg og fordomar av ymist slag; og sosial snobbeskap gav verknad både no og i den nye flodbyglja som brusa upp ein god mannsalder etterpå.

Til riksmaktene fløymde utsegner både for og imot rettskrivingi. I Stortinget kom saki upp i april 1918 då skulebudsjettet vart dryfta, og sidan i august same året i samanheng med tilrådingi frå protokollkomiteen. Saki kom upp att i Stortinget på breidare grunnlag den 1. april 1919, då tinget hadde uppe ein interpellasjon frå Carl Joachim Hambro, Høgre, um kva departementet vilde gjera for å koma i møte den sterke folkemeiningi mot rettskrivingi. Ordskiftet vara i dagevis og skal vera det hardaste i den parlamentariske luten av målsoga, hev det vorte sagt.

I Stortinget kom det upp tri framlegg. Hambro, Ole Gausdal, sosialdemokrat, og og nokre andre stortingsmenn vilde at den kongelege resolusjonen skulde avlysast og rettskrivingsumboti utdrygjast til ei kunnig nemnd hadde sett på saki og Stortinget sagt si meining. Carl Stousland, ubunden, vilde at riksstyret skulde venta med å setja den kongelege resolusjonen i verk til Stortinget hadde sagt si meining um rettskrivingi. Johan Gjøstein, sosialdemokrat, vilde skulane skulde fara fram med lempe når dei tok den nye rettskriving i bruk. Dette siste framlegget studde i røyndi riksstyret og rettskrivingi.

I avrøystingi fall fyrst framlegget frå Gausdal, med 58 mot 68 røyster. Deretter vart dei tvo andre framleggi sette mot kvarandre, og rikssstyret sigra so knapt som det let seg gjera - med 63 mot 63 røyster, men der stortingspresidenten Anders Buen, sosialdemokrat, fekk vekti til å vippa. Det var i denne avrøystingi Knut Sjølie studde riksstyret.

Gruppa til Vinstre, som hadde gjenge sterkt ned ved valet i 1918, studde riksstyret samla. Høgre gjekk imot - minus ein mann. Sosialdemokratane var kløyvde nokolunde på midten (8 for og 10 mot). Dette var fyrste gongen Stortinget gav seg i kast med målnormering. Sumt i rettskrivingi vart noko avslipt fyrr 1917-målet gjekk inn i lærebøker, ordlistor og skular. Ei nemnd for kvart mål gav rettleiding um korleis målbruken i lærebøker skulde vera, og i målnemndi sat lærar og målrettar Olav Brekke frå Sogn, Lars Eskeland og Halvdan Kokt. Utsegni frå denne nemndi vart prenta med tittel Rettleiding um rettskrivingi i lærebøker på landsmål, og denne rettleidingi bægde av for største inngrepet i skriftmålet. Koht ynskte større målbrigde, men han sat i mindretal.

Endå um det frå norskdansk hald vart piska upp mykje dumbe kring 1917, var vel tankane til folk flest at det var rimeleg å føra det norskdanske bokmålet nærare norsken. Målbrigdet og uppstyret kring målbrigdet styrkte trui på at det norske målet var framtidsmålet, og no som i 1907 var det yvergang til nynorsk i skulen. Kring 440 krinsar skifte upplæringsmål i 1910/1920, og etter Peder Hovdan gjekk straumen berre ein veg.

I 1901 meinte Hægstad, Garborg og Flo i nemndtilrådingi si at «I det heile kann det ikkje vera tale um noko slags aatsemje (med det andre målet) som gjer norsken mindre norsk» Det var ingen tvil um at umbøter i skriftmålet måtte ha sine grunnar i målet sjølv. Same tankar låg bak dei varsame skriftmålsuppmykjingane i 1910.

Låg liknande grunnsetnader bak 1917-rettskrivingi? Alle er vel ikkje samde um det, og det kann vanskeleg lesast eintydeleg ut or den vedtekne rettskrivingi. I tilrådingi i 1917 er det likevel stundom synleg ein vilje til sakleg grunnfaring av sjølve målet som kanskje vart mindre synleg hjå offentlege utval med makt yver skulemålet seinare. Med dette er meint at i 1917 var det gjerne ein naturleg og skynleg samanheng millom indre språklege addendar og sluttsum. Som t.d. når det vert tilrådt å taka burt t i inkjek. av eigenskapsord (adjektiv) på leg, men derimot ikkje på -ig: 'Rm (riksmål) sløyfer t etter endelsen ig, men her holder mange bygdemaal fast ved t og sløyfer snarere gen (rektigt). Man kan derfor ikke foreta nogen forandring i lm (landsmål).' 20 år seinare fanst ingen slike smålege sakumsyn att; då kom det forbod mot t i inkjek. jamvel etter -ug der knapt nokon, 50 år etterpå, fær seg til å skriva t-fritt (tolugt mod). Det røynlege grunnlaget for t i inkjek. etter -ig og -leg er elles nokolunde det same kring 1990 som det var kring 1917.

Dette var eit heller lausleg utplukka døme. I andre høve kann det verta meir polemik enn saklege grunngjevingar i 1917-tilrådingi. Um skrivemåte med d heiter det (s. 43) at når ein hev tillate hi (for hide), må ein og kunna tillata li. Det d-lause ordet hi kom inn i skulemålet saman med nokre fåe einstaka andre ord i 1901, (dei mest ålgjengde er hi, mei, sau, sei, (ei) skei, (ski), og etter tankegangen til tilrådingsskrivaren i 1917 bør eit einstaka brot på ein ålmenn regel draga med seg regelbrot i fleng. Liestøl skreiv ei magnate utgreiding um daud d i rettleidingi for lærebokskrivarar i 1919, og i endelykti gjekk det ikkje so ille for denne tilvande og etymologisk botnfaste skrivemåten som det fyrst såg ut til. Men lettsynlege brot på endefram fylgd vart verande att - og er der enno - som t.d. snau/snøya jamsides aud/øyda.

Skrivaren tok munnen hoste full når det heiter i tilråding: «Det rm. (riksmål) som bru kerde tillatte sideformer, vil komme til at staa meget nær det lm. (landsmål) som bruker de for dette tillatte sideformer. Denne radikalere retskriving, som staarfolkesproget nærmere, vil til at begynde med særlig være paa sin plads ifolkeskolen i by og land, og vil derfra med en naturlovs nødvendighet arbeide sig oppover i samfundet.»

Alle røynslor etterpå stadfester at ein bør vera meir varsam med å tala um ei naturlovs tilnøydsla.

Det kom mange jamstelte sideformer i 1917, i båe mål. Denne setningi rå grunngjevingi vitnar både um ein viss jordnær sans og eit visst målvit: «Som hovedvinding ved dobbeltformer kan man saaledes fastslaa at de gjør reformene mindre haardhændte og sikrer de mest livskraftige former seiren, idet valget overlates fremtiden.»

1917-målet

Dette yversynet er ikkje fulldekkjande. Her er berre nemnt brigde som må reknast for viktuge, og som etter måten ofte synst att i skrift.

Formverk

Bundi form av sterke hok.ord eintal og bundi form av inkjk.ord fleirtal fekk valfritt -i eller a: soli-sola; husi-husa. Det er dette som vanleg vert kalla i-mål og amål.Eigenskapsord (advjektiv) og partisipp på -en fylgde namnordi i hok.soleis at dei i ubundi form i a-mål fekk endingi -en (ei vaksen gjenta), i i-mål fekk den endingi -i (ei vaksi gjenta). Denne endingi for eigenskapsord i a-målet er i røyndi hank.endingi. Endingi i hok. er i målføri vanleg -a (ei vaksa gjenta).

Denne jamstellingi av i-mål og a-mål kravde parallellutgåvor av sume norskbøker, serleg ABC-bøker. Krinsane sjølve avgjorde kva utgåva dei ynskte. Det var, som langt kjent, ein skipnad som verka sers godt til det i 1938 kom røynleg forbod mot i-målet i skulen.

Namnord i bunde fleirtal kasta ut r (som og var utkasta i bokmål) (karane/kvinnone)

Linne hok ord fekk valfritt -e eller -a i ubundi form eintal (ei vise/ei visa). I fleirtal fekk linne hok.ord valfri ending på -or/one eller -er/ene (visor/visone eller viser/visene). Midlandsmålsformi -ur/une (visur/visune) vart forbodi i skulen.

Nemneformforgjerningsord (infinitiv) vart verande trikløyvd med ending på -a eller -e eller ei blanding av -a og -e (med grunnlag i sume målføre). Refleksiv nemneform fekk -s jamsides -st (finnas(t)). Linne gjerningsord i 2. klassa fekk valfritt -de eller -te i fortid etter l, n, r: kvilde/kvilte; brende/brente; førde/førte.

Notidsformene slår, får, står, går, har vart tilsleppte attåt slær, fær, stend, gjeng, hev (dei tri sistnemnde ordpari var elles innkomne i skriftmålet fyrr).

27 gjerningsord fekk stuttformer attåt dei vanlege formene med d i innljod (ending): be/beda; bla/blada; grø/grøda osb.

Andre stuttformer vart tillatne, som ta(ka), dra(ga), la(ta).

Slike stuttformer kom inn i bokmålet med, og dei kann, um ein vil, reknast for ei sernorsk skriftform.

Ljodverk/skrivemåtar

Mange ord fekk ny sjølvljod (vokal) som gav same skrivemåte som i det andre målet. I nokre høve hev bokstavskiftet dertil grunnlag i eit visst tvidrag i talemålet og målføri, og som stundom syner seg i skriftmålet og kann sporast attende til Ivar Aasen. Tvidraget kjem fram i gnidingi serleg millom i/e, millom y/ø, millom u/o. Det låg ikkje for Aasen å freista seg med kvasivitskap; han godtok den språklege røyndomen, og der han såg grunn til, det førde han upp i Norsk ordbog viktuge avbrigde av ordi, på alfabetisk plass, utan rangering, men med tilvising til det ordavbrigdet der Aasen, venteleg av språkhistoriske umsyn, tok med tydingar, historiske upplysningar mm. Upplysningar um ordet somar finn me soleis under sumar.

-æ ti le: 40-50 ord skifte skrivemåte æ til e I 1917: bilete, hevd, embete, fornem, lekfolk, nepa, redd, sjel, slep, slepa, streva, (hand)veska osb. Serleg misnøgje hev det vore med at samanhengen æ-å vart broten i eit par ord: ekre (av åker); (klokke)slett/(eit) slette (av slå).

-i til e: Kring 50 ord med open e-ljod fekk skrivemåte med e mot tidlegare i: andlet, bek, drev, grep, kje, lekam, let, leva, skred, skreda, steg, strekm osb. Sers mange av desse ordi er uppførde med alternativ e hjå Aasen. Millom-mellom vart jamstelte, men læreboknemndi fastsette millom til einaste lærebokform. Det er òg einaste Aasen-form for dette ordet.

-y til ø: 15-20 ord med uttale millom open y og ø fekk fast skrivemåte med ø. For nær sagt alle hev Aasen upplyst um ø-formi: børsa, dønning, føl, (ein) høl, høvring, høvel, kløv, mønster, røslyng, skjørbuk, støvel, vørter, møk, spør, spøt, spøta, bør (undanvind), søre, ca/røyk (varmedisma).

-Eit tjug ord fekk valfri skrivemåte med y eller ø, likevel slik at dei fleste y-ordi vart lærebokformer: dyn/dønn;kyn/kjønn; myrje/mørje; fyrr/førr; fyre/føre; gyrme/gjørme; myrk/ mørk; myrker/mørker; skyn/skjønn; stydja/stø osb. Hjå Aasen finn me for desse ordi med, stort sétt, upplysning um tvidrag i uttale. Læreboknemndi fastsette jamstelling for studnad-stenad, men frå 1938 hev fyrstnemnde ord vorte kasta ut orondlistone, endå båe ord er levande framimot år 2000, stundom med litt ulik tyding.

-o til å: Skrivemåte med å mot tidlegare o fekk desse ordi: (ein) båe (bode), skåna, skånsel, vånd, årsak. Sideformer vart ma. fråde, nå, så (frode, no, so). Nå kom sterkare att i skriftmålet etter 1959, men knapt i talemålet. Så vart eineform i skulemålet etter 1938 trass i o-yvervekt i målføri (i alle høve der nynorsk er hovudmal) og trass i at o-skrivemåte høver betre til samnemnar - um ein dies ynskjer ei eineform (men so hev ingen bakgrunn i norskdansk, og då so).

-u til o: Ei rad ord fekk valfri skrivemåte med u eller o: burte/ borte fumla/fomla krune/krone lumme/lomme lut/lott mun/monn muna/monna skut/skott smult/smolt stue/stove sumar/sommar sume/somme sumla/somla trune/trone trumme/tromme tume/tomme tumsut/tomsut ukse/okse um(me)/om(me) upp/opp uppe/oppe.

I lærebøker var u påboden i dei fleste ord, frårekna dei valfrie lut/ lott, skut/skott, og dei obligatoriske o-ordi smolt, stove, trone, krone (pengestykket). Sameleis var (spreng)bombe obligatorisk o-ord, medan u var obligatorisk i (konge)krune.

Ikkje fåe av desse ordi er uppførde med det skriftlege tvidraget u og o hjå Aasen, m.a. ordi um/om, upp/opp som det ofte er bruk for og som syner mykje att i skrift. Sume ord hadde alt i gamalnorsk båe slag skrivemåte, i alle høve lut og mum og skuta. Med ei so lang valfridomssoga bak seg, utan kjend skade, hadde nok sume ord som er nemnde i denne bolken tok valfridomen nokre hundradår til. Men, som me veit, fekk sume i nett vårt hundradår den grilla at dei på ein ættled skulde tvangsfullføra den målevolusjonen som siste tusundåret ikkje hev fullført, og som i botn og grunn, so langt det er råd å sjå, snaudt kann fullførast i det heile, um ikkje livsens gang skal stoggast. Um det gjekk tolleg bra i 1917, laga det seg slik at i 1938 og 1959 vart sume av dei mest tilvande skrivemåtane, umrødde framanfor, utestengde or skulemålet eller nedstøytte til sideformer - som hev vorte jamgodt med utestengjing.

Tviljodar: Ei rad skriveformer med einfelt sjølvljod (monoftong) vart uppsette jamsides former med tviljod (diftong). I lærebøkene fekk tviljodane likevel stort sétt vera. Dei einerådande monoftongformene hadde god grunn for seg: del, c/cIa, øre (pengestykket). Røyst-røst vart valfritt i lærebøker, det òg kanskje med ein viss grunn. (Den gamalnorske formi var raust). Ykt-øykt-økt var alle godkjende og jamstelte; sidan vart ykt-øykt utan påviseleg språkleg grunn forbodne, men økt vart verande att åleine, truleg av di dette høvde best for norskdansk.

Mange av dei ordi som i 1917 fekk sideform med monoftong, var mykje bruka ord, både åleine og i samansetjingar: aust/øst draum/drøm flaum/flom haust/høst naud/nød saum/søm straum/strøm taum/tom deil/del deila/dela peika/peka drøyma/drømma fløyma/ flømma fløyte/fløte gløyma/glømma høyra/høra køyra/kjøra røyr/rør røyst/ røst søyle/søle trøyst/ trøst trøytt/trøtt øykt/ykt/økt øyra/øre øyre/øre (penge)

Tviljodsordi deil-deila, jamstelte i 1917, vart forbodne i skulemålet frå 1938. Dei er lite og inkje i bruk, og rekna isolert var vel ikkje dette verste utslaget av offentleg målverksemd. Ordi kunne enda ha ei upplysande gjerning i ordlistone; dei vilde syna samanhengen med det avleidde ordet deild som berre finst med tviljod og som ikkje lenger hev innlysande tyding for alle, men som i det minste trengst i visse sernemningar (t.d. deildestein og markdeild), og som difor med rette er ordlisteført.

Tviljodsordet søyla (vassdam, vassdepel) som fekk vedvarande jamstelling i 1917, vart sameleis forbode i 1938 - utan synleg grunn i det norske målet. Slik det er nemnt, vart øykt-ykt og strokne i 1938. Sume monoftongord frå 1917 vart på hi sida burttekne i 1938. Nokre kom inn att i skulemålet i 1959, men ikkje øst og høst.

-jo/ju til y: Ei rad parallellformer med y for jo eller ju kom inn i 1910, ord som bjoda/by(da), bljug/blyg, brjota/bryta osb. I 1917 kom det nokre til: lys, lysna, lys-ter, romme (attåt ljoS, Ijos-na, ljos-ter, rjome). Av desse vart ljos, ljos-na, rjome, lys-ter lærebokformer. Det hev ikkje hendt noko større med desse ordi sidan frårekna at rjome i 1959 vart nedstøytt til sideform og fekk dermed eit verknadsfullt forbod mot å koma til synes i offisiell skriftbruk.

-gt til kt: Gamal skrivemåte med gt vart avløyst med kt i båe skriftmåli for mange låneord: akt, akta, flukt, jakt, makt, vekt, viktug osb. Men gt vart ståande framfor bøygningsendingi t der det var g i ordroti, t.d. trygg/trygt, gløgg/gløgt. Skrivebrigdet slo fort igjenom og må vel reknast for vellukka, men sume set spursmålsteikn ved burtkastet av logisk gg i dømi framanfor (tryggt, snøggt).

Tvifelt medljod (dobbelkonsonant)

-Tvifelt ll utijod fall burt i endingi -al (tidlegare -alt): atal, gamal, vågal, apal o.fl.

-Jamstelt skriveform for notid av kunna - kan/kann. Men i lærebøker skulde kann brukast. Frå 1938 hev den fylgjerette skrivemåten kann vore utestengd i skulen.

-Ei lista på 30-40 ord fekk sideformer med dobbelkonsonant, «mest etter austlandsk og trøndsk talemål» helter det i grunngjevingi. Me tek med nokre av dei mest tidgjengde ordi - som alle fekk einfelt medijod i lærebøkene: bos/boss brot/brott fok/fokk kyn/kjønn kjøt/kjøtt kot/kott krit/kritt krut/krutt lok/lokk lut/lott mun/monn møk/møkk not/nøtt skin/skinn set/sett (sjå) skot/skott skut/skott skyn/skjønn tin/tinn ven/venn vit/vett.

Det vart godkjent sideformer i fleirtal av nokre ord: fot-føter/fetter; gås- gjæser/gjæsser; rot-røter/røtter; natt-næter/netter. Formene med tvifelt konsonant vart burttekne i 1938 - med rette. Men det forbodne fleirtalsordet næter hev grunnlag frå gamalnorsk og i målføri. Dei fleste av ordi i lista ovanfor brytst framleis mot kvarandre både i talemålet og i skulemålet.

I nokre ord vart den tradisjonelle skrivemåten med einfelt konsonant utkasta i 1938: kyn, set, skyn, tin. I andre ord vart den tvifelte konsonanten burtteken: krit, krut, skin (solskin).

Kring 30 ord fekk godkjend sideform med tvifelt m - mm - attåt den innarbeidde formi med einfelt konsonant: blom/blomme domen/dommen draumen/ drømmen flaumen/flommen fløyma/ flømma gamal/gammal hamar/ hammar hamen/hammen koma/komma lame/ lamme lemer/lemmer lomen/lommen rjome/rømme røma/rømma same/samme sauma/sømma saumen/sømmen strama / stramma straumen/strømmen strimel/strimmel strøyma/strømma sumar/sommar sume/somme tame/ tamme tume/tomme tøma/tømma

Sume av formene med dubbel konsonant hev falle heilt ut or skulemålet, noko dei fleste visseleg meiner er rimeleg: blomme, hammen, samme. Formi med einfelt m, strimel, vart av ukjende grunnar kasta ut or skulemålet i 1938. Dei andre ordformene slitst stort sétt mot kvarandre ute i det røynlege livet, men det er knapt gagnleg for norsk målreising at former som romet, tema, røma er nedstøytte til sideformer. Ordformi komma fall ut i 1938, men kom inn att i 1959, då som jamstelt lærebokform.

For mb kom det i 1917 inn mm eller m: t.d. kam, lam, yam, kjemma, lamma attåt kamb, lamb, vomb, kjemba, lamba. Dei godkjende dessutan tommer/tømra; men det hev ført til at frå 1938 hev det meir upphavlege og framleis levande timbra/timber vorte bannlyst i skulemålet.

Etter g og gg reglane um j etter g og k korn dét brigdet at i trygg lei staving skulde j kastast i desse hovi:

1. I hank fleirtal av ord som bekk, belg, dreng osb Desse ordi fekk no fleirtalsformene bekker, belger, drenger osb. mot Aasen-formene bekkjer, belgjer, drengjer. (I midlandsmålet heitte fleirtalsordi bekkir, belgir, drengir). Same bøygning fekk hok.ordet seng-senger.

2. I inkjek.ord på -ge, -ke, -ske: hygge, tekke, ynske osb. Aasen var noko prøvande her; i ordboki finn me både t.d. ynske, stykke og ynskje, stykkje. I fleirtal fekk slike ord i 1917 tilaten -j fyre -a: merkja, tekkja. Sameleis fall -j burt i ord på -ende: kvikende, likende. (Det lite bruka og lite kjende ordet høgjende (pute) fekk i 1917 den tvilsame formi høyende som sidan hev gjenge att i ordlistone).

I rettskrivingsreglane gjorde nemndi serskilt merksam på at ein skulde skriva: ikkje, inkje, korgje, korkje, mykje, byggja-byggjer-byggjing, tenkja-tenkjer-tenkjing. Like eins bøygjeleg, fylgjeleg.

Daud d

Tidlegare hev me vore inne på at nokre få ord med stungen d i gamalnorsk, vart skriven utan d frå hundradårsskiftet (m.a. sau, mei, hi, sei, (ei) skei. ski). I rettskrivingi 1917 kom det nokre d-lause ord til, M.a.: bu båe flu glo groe hei hia seg li lee rei ri skrei snau snei snøya stø støtt sva så (ei) tiare/tiast titt.

Rettskrivingsnemndi vilde gå lenger på denne vegen, men læreboknemndi bægde av. I tilrådingi si hadde dei med ei utgreiding frå Knut Liestøl som sette upp desse ordformene til lærebokbruk: breid/breida, greid/greida/greide, leid/leida, keid, leid, reid.

26 gjerningsord med d i innljod fekk godkjende stuttformer utan d.

Valfridomen gjeld framleis i 1990 for dei fleste ordi, ein valfridom som knapt hev vore til skade: beda/be føda/f bjoda/by gjøda/gjø blada/bla gleda/gle bløda/blø glida/gli bræde/bræ gløda/glø floda/flo gnida/gni grøda/grø klæda/klæ lada/ la røda/rø råda/rå skada/ska speda/spe steda/ste støda/stø (stydja) svida/svi træda/træ vrida/vri

Dei fullskrivne formene speda og stoda hev vore forbodne i skulemålet frå 1938 til liks med formi stydja. Kvifor nett desse ordi vart utvalde til systembrot, er ikkje godt å vita. I 1938 skifte dei dessutan frå klæda/klæ til kleda/kle, eit nøytralt og på sett og vis harmlaust umskifte, burtsett frå at det var utan visleg årsak og braut både med alle norderlendske mål og med tradisjonen frå gamalnorsk. 50 år etter skrivebrigdet ser ein framleis æ-ordet i bøker og blad, som t.d. i marknadsføring. Eit nærast utruleg offentleg iverksett skrivepåfunn. Meir fyre seg hadde det å godkjenna formi byda jamsides by i 1959.

D-ordi lid, sted, hundrad, tusund o.a. fekk leva eit jamstelt liv fram til 1938. Då var det slutt. I utgreidingi si um ord med daud d hermer Knut Liestøl etter rektor Peder Blix i Norsk pædagogisk tidskrift II s. 67: «Daud d i slutten av ord og millom vokalar er og eit vanskelegt umkverve. Der har det gått ut yver landsmålet. Frå norsk stoda er det ikkje stort meir grunn til å skriva li og ri enn um ein vilde taka til å skriva go, ti, rau, hu, bli, sine.»

Fylgjor hadde sitt

I utgreidingi si um daud d skreiv Knut Liestøl at ved målbrigde tidlegare hadde det vore teke umsyn til slikt som sjølve den norske målorganismen syntest å krevja. Ved den nye målumboti hadde ein derimot bøygt seg for krav som kom utanfrå.

Det som Liestøl peika på, var noko nytt i det som sume mykje seinare tok til å kalla offentleg målplanleggjing, eit ord som i denne samanhengen er både vanhoveleg og misvisande. Burtsétt frå at det burde få nokon kvar til å frysa langs ryggen. Heilt visst i 1990. Offentleg målplanleggjing hev, dømt i ettertid, køyrt seg dundrande i grøfti og stend att som eit skræmsel ved vegkanten. Men frå 1917 - ja, tildragi er nok synlege i 1909 i utgreidingi frå Hans Eitrem, Amund B. Larsen og Steinar Schjott - frå denne tidi tek dei offentlege rettskrivaraneut på si sigersferd som likevel sistpå skulde møta sitt Stalingrad. No vart det etter kvart tale um at målfolk skulde ofra målet for at det same målet skulde vinna landet. Ja, ikkje ofra heile målet med ein gong, sant nok; berre stykke for stykke, litt etter litt. Frå hi sida vart det sagt at desse offermennene på ingen måte hadde eigedomsrett eller rådvaldsrett yver det målet dei slik vilde ofra.

Det kann vera verdt å skriva nokre ord um Knut Liestøl og den noko tvitydelege rolla han spela. Knut Liestøl (1881-1952) var fødd i Aseral, skreiv ei doktoravhandling um folkevisor, vart professor i folkeminnevitskap, og han grunnla Norsk Folkeminnesamling som han styrde til 1951. Han var med i rettskrivingsnemndi som kom med tilråding um 1917-målet, men han skreiv og ei utgreiding som jenka på og bægde av for sumt som stod i den same tilrådingi.

Det syner tydeleg nok at andre enn Liestøl hadde vore den rådrike krafti i nemndi. At dette var D. A. Seip, er det vel ålmenn semja um. I l930-åri var Liestøl kyrkje- og skulestatsråd 1933-1935, og han var andsvarleg for utnemningi av rettskrivingsnemndi då. Sidan kom han med i revideringsnemndi der han hadde vektuge motlegg mot dei verste målbrigdi som denne nemndi kom med og som han sjølv i grunnen var andsvarleg for. Han nådde ikkje fram med alt. Når Liestøl ikkje vilde ha med Seip i rettskrivingsnemndi då han sat i riksstyret, er det ikkje urimeleg å gissa på at røynslone med Seip i 1917-nemndi å segja. Liestol var innvald i Norsk Måldyrkingslag; ingen hev sagt anna enn at han hadde djup umsut for norsk mål, men han var stundom med på å løysa ut krefter, venteleg, som han sidan ikkje meistra.

I 1917 vart ikkje skriftmålet so upprive, korso, som sume hadde ottast. Lærebokmålet heldt nokolunde uppe hovudtyngdi av den vesle måltradisjonen som det sers unge skriftmålet åtte - ja, målet hadde ikkje meir enn gode 25 års skriftspråkleg bakgrunn, formelt, i skulen. Og i romfang var denne bakgrunnen liten, serleg i fyrstningi; det var ingen stor prosent av krinsane som hadde teke ved det norske skriftmålet.

Uppstyret kring målbrigdet i 1917 førde til framgang for norsk i skulen. Kring 440 krinsar skifte mål ved dette leitet, noko samnorskfolk både då og seinare hev teke som eit prov på velsigningi i samnorskpolitikken. Endå det motsette etter alt å døma er den røynlege samanhengen. Det kann me segja no. Ikkje ein einaste krins førde samnorsk inn i skulen; folk førde inn i skulen den nynorsken som del trudde bokmålet skulde tøygja seg etter. Når samnorskvengen med politikken sin fekk syna allverdi at denne trui bygde på tome ord, talemåtar, språkleg vankunna og hildringar, gjekk folk andre vegen. Som rimeleg er.

I den høgre skulen kom det, motsett i folkeskulen, sume stader til uppløysingsfreistnader for det norske skriftmålet. Rundt um på sume skular laga dei seg sernormalar i nynorsk med bakgrunn i sideformene, medan dei same skulane tok det på ei heilt onnor vis med norskdansken. Dette vart teke upp i ei utgreiding frå Norsk Måldyrkingslag i 1936, Skal me reisa det norske målet eller riva det sunder?

Millom dei som kom med åtvaringar, finn me (etter Kjell Venås, 1984) Olav Midttun og Knut Liestøl. For det veikaste av dei tvo skriftmåli, nynorsken, var det god grunn til å ottast fåre. I den vanstoda som tok til å syna seg, skreiv professor Gustav Indrebø (1889-1942) den kjende uppmodingi si til målfolket um Einskap i rettskriving, fyrst prenta i Firda Folkeblad 1929, nr. 74, 77, 79 og 80. Gustav Indrebo synte her til at fyresetnadene frå 1917 hadde broste. Dei som laga målsrettskrivingi i 1917, og heile flokken deira, fylgde ikkje gjenom dei valfrie formene brui yver til norsken. Tvertimot var det konsolidering kring dei danskaste hovudformene. I denne stoda mana Indrebø målfolk til å samla seg um sine hovudformer, dei formene som hadde ført målet fram dit det den gongen var kome. Det var ei utmaning til friviljug indre disiplin. Språklege tvangsbod hev aldri stade sterkt på denne vengen, ikkje då og endå mindre seinare. Utmaningi var knapt fåfengd. Målet i målpressa var, so langt synsviddi rekk, tolleg bra, serleg samanlikna med det som seinare skulde koma. Det er heller ikkje kjent at parallellutgåvone på i-mål og a-mål av grunnleggjande norskbøker i skulen førde til større knirking.

Den indre striden loga upp med ny kraft etter 1917, mindre for målumbøtene, truleg, enn for ideologien bak umbøtene. Med stor brennhug søkte eit mykje doktrinært mindretal av målfolket under demokratisk røykleggjing å vinna ei alt anna enn demokratisk makt yver sjølve skriftmålet.

På landsmøtet i Noregs Mållag den 13. februar 1938 kunde Gustav Indrebø setja upp denne sluttsummen for verknaden av 1917-umbøtene for bokmål: «Dei norske ord og ordformer som vart innførde då (i 1917), hev slege tolleg godt igjenom. Men dei norske bøygjingsformene som resolusjonen 1917 tok upp, hev næmast falle daude til jordi i bokmålet. I 1917 vart fyrst vedteke obligatorisk ein 150-200 hokynsord med norsk bøygjing, og nokre verb av kasta-klassa med norsk fortidsending. Men det hev mislukkast reint å få desse bøygjingane til å trivast i bokmålet, det stridde for mykje mot målkjensla åt deim som br bokmålet og hev det til morsmål».

Med tanke på det norske skriftmålet spurde Indrebø ved same høve um nynorsken skulde vera ein nokolunde trygg målgrunn å flytja yver til, eller ikkje. Vilde Noregs Mållag no ha målreising eller målblanding? Etter upprit i Fram daa, Frendar, Oslo 1957, svara Indrebø klårt at han ynskte front mot ei tilsikta og framskuva målblanding i norskdansk leid, og han var for sjølvstendig norsk målreising. Det same sa utsendingane på landsmøtet med 2/3-partars fleirtal. Men då hev me i denne skildringi hoppa litt for langt fram i tidi.