Mål og vanmæle 3 Fyrste statsinngrepet

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk


III Fyrste statsinngrepet

Skulerettskrivingi frå 1901

Det hev vore hevda til våre dagar med stor brennvisse, utan mottankar, utan motspursmål, at kring hundradårsskiftet laut det norske skriftmålet, landsmålet, få fastare skrivereglar. Tarvi til skulen tvinga nærast av seg sjølv fram iverksetjing av offentleg autoriserte skrivereglar, lyder den velkjende læreboksanningi.

Som me veit, fekk desse velkjende og visseleg velmeinte synsmåtane gjenomslag. Me hoppar litt fram i soga no, men finn grunn til å minna um at synsmåtane - rett nok i meir tilspissa og umvridi utforming - sistpå førde folket inn i den makelause stoda at fåmente språkteknokratiske utval i røyndi fekk mynde til å avskapa/skapa det offentlege målet med offentlege maktbod.

Attende til hundradårsskiftet: trongst ei offentleg rettskriving, slik me hev vorte fortalde? Me hev alt sétt at ein kjend skulemann og lærebokskrivar meinte at det ikkje trongst, Lars Eskeland. Og jamfører me med andre folk og tungemål, finn me so langt vår synsvidd rekk snaudt døme som i det heile tyder på, langt mindre stadfester, at den norske målpolitikken kjem av nokor historisk tilnøydsla. Det var ikkje noko ljomande naudskrik frå folket som tvinga fram skriftnormalen i 1901. Det heile vart sett i verk på høgt og sentralt hald, administrativt av riksstyret, utan vegen um Stortinget. Upptaket kom frå Det Norske Samlaget der formannen, riksråd V. A. Wexelsen, på årsmøtet i 1898 sa at skulen trong noko fast å halda seg til i målvegen. «Samstundes galt det aa arbeida norsken vidt mogleg, eins reglar der der gjekk aa»

Når dette er sagt, lyt det straks leggjast til at i 1901 gjekk alt av seg på ein måte og med eit utfall som var rimeleg og truleg gagnleg for norsk mål.

I det norskdanske mållægeret var det ved denne tidi strid, og striden loga upp etter leseboki til Nordahl Rolfsen kom med innslag av uppnorsking i utgåva på «det almindelige Bogmaal». Professor Johan Storm (1836-1920) tala um «Den haabløse Forvirring» på den eine vengen, medan Moltke Moe (1859-1913), professor i «det norske Folkesprog med Forpligtelse til ogsaa at foredrage Folketraditioner» la imot på den andre vengen: «Vi svarer dertil, at enhed og konsekvens under sprogforhold som vore ikke lader sig opnaa, undtagen ved bibeholdelse af den traditionelle danske skrivebrug - og da i strid med hele vor sprogutvikling - eller ved fuldt at vælge byernes talesprog og da i strid med hele den nedarvede skrivebrug og ofte ogsaa med landsskolen».

Uppnorskingsviljen var stigande, endå um Bjørnson no vilde so langt attende til dansk som råd var. Den norskdanske rettskrivingi i 1907 var uppnorska, men slett ikkje i nokon stor mun. Viktugast var dei harde medijodane (konsonantane), dobbel medijod i utijod etter stutt sjølvljod (fonn, sott, bukk), nokre uppnorska bøygningsformer og utskifting av ordi af, nogle, I og Eder til av, nogen, dere.

I norsklægeret var det etter måten fredeleg. Utbyggjing og utbreiding av målet var hovudtingen, og samlingi innetter tufta seg nærast på retten til fridom og mangfelde. I utsegni til V. A. Wexelsen på det nemnde årsmøtet i Det Norske Samlaget i 1898 høyrde desse ordi med: «Forfattarane maa ha sin fridom no som fyrr, det berre gagnar saki.»

Nemndi frå 1898

Framanfor vart det nemnt at påskuven for ei offisiell rettskriving ikkje kom frå folkegrunn eller styringsverk i det vidsveimde landet, men frå topphald i hovudstaden. Det var krinsar i Det Norske Samlaget som fekk departementet til å peika ut ei nemnd som skulde laga framlegg til den offisielle rettskrivingi. Kyrkjedepartementet valde ut dei tri nemndmennene. Bakgrunnen for valet er ukjent, men det var ingi ring nemnd.

Formannen var Marius Hægstad, språkleg grunntrygg, frå 1899, professor i norsk. Med seg hadde han Arne Garborg, mest kjend for si dikting, men som dessutan hadde vore med i ordskifte um mål og målreising. Den tridje i nemndi var Rasmus Flo (1851-1905) - lærar og filolog fra Oppstryn, ein kravlaus arbeidsmaur med store språklege evnor. Han arbeidde m.a. med umsetjingar frå gamalnorsk, gav ut Gamle skaldar og kvad (1902), sette m.a. um Styrmann Stay av Marryat (1900), styrde Syn og Segn frå fyrste hefte til han døydde. Koht fortel at Rasmus Flo var den einaste som utan tvikmål bruka raudblyant på tekster av Arne Garborg, og Koht skriv um han at «han var den verste bokormen du skulde kjent». (Halvdan Koht: Norsk vilje, 2. utg. Oslo 1977).

Mennene i trimannsnemndi var usamde. Marius Hægstad vilde halda seg nærare Aasen-målet enn dei tvo andre, Flo og Garborg, som sa seg å vilja opna meir for målet austanfjells, serleg for folkevisemålet i Telemark og Setesdal. Hjå Flo og Garborg kom det dertil fram eit drag som alltid hev vore merkande i norsk målstrev, både tidlegare og seinare - den sterke uviljen mot altfor streng normering. Dei meinte skuleborn måtte få skriva sitt eige målføre so langt og lenge som råd var.

Framlegget i 1899 frå nemndi var merkt av den indre usemja. I mykje stod nemndmennene saman, men framlegget enda med ei fleirtalsutsegn (Flo og Garberg) og ei mindretalsutsegn (Hægstad) som tilrådde kvar sine normeringsalternativ.

Me skal ikkje koma nøgnare inn på dette framlegget som gjekk til departementet og vart prenta. Deretter rådspurde departementet sakkunnige skulefolk og lærebokskrivarar, Steinar Schjøtt, Lars Eskeland (1867-1942) og Matias Skard (1846-1929), alle framskotne og velvyrde målfolk.

Steinar Schjøtt hadde ikkje høve til å taka på seg dette finsiktingsarbeidet, men Lars Eskeland og Matias Skard gjorde det. Dei la fram kvar si rådsegn, og båe studde eintydeleg alternativet til Marius Hægstad. Serleg Skard bruka sterke ord urn normalen til Flo og Garberg som han rekna for ubrukande, utan studnad i bokheimen som han meinte normalen var, og altfor vanskeleg til å læra. Eskeland var mildare i ord, men like klår i meining.

Då rådsegnene til dei sakkunnige låg fyre, kom Hægstad-nemndi med eit tillegg til det fyrste framlegget sitt. Rasmus Flo og Arne Garborg bøygde av. Til vederlag gjekk Marius Hægstad med på å godkjenna den fyrste tilrådingi frå Flo og Garborg til sideform «etla til bruk i folkeskulen i bygder eller byar som maatte ynskja det».

Hovudformene frå 1901 hev sidan gjerne vorte kalla Hægstadnormalen. Formene som Flo og Garborg tilrådde hev vorte kalla midlandsnormalen. Rettskrivingi vart godkjend i kongeleg resolusjon den 6. februar 1901, og godkjenningi var knytt til ei skulemålsordliste av Matias Skard. I ordlista er dette slik attgjeve: «Ved kongebrev av 6te februar 1901 er denne ordlista med umsyn paa skrivemaaten «naadigst godkjent til skolebrug og bliver at anvende i alle lærebøger paa landsmaal som brukes i skolen».

Hægstad-normalen hev vel helst vorte rekna for ei letthendt tiljenking av Aasen-formene etter talemålet. So langt bokskrivaren kann døma, verka normalen styrkjande på målreisingskreftene, utan stor strid i sitt fylgje. Heilt fritt for mottankar var det vel endå ikkje, slik me ser her i boki under Jan Prahl, som i brev av 1915 tala um «Stipendiat og Pavemaalet» frå Oslo. No stod desse ordi i eit privatbrev, og Prahl trong ikkje plent ha rettskrivingi 1901 fyrst og fremst i tanke, endå um det ligg nær å tru det. Men det hadde kome fram tankar um nye skrivebrigde millom 1901 og 1915, både kring 1910 då det kom nokre nye tillatne skrivereglar, og seinare.

Midlandsnormalen tok Lars Eskeland med i eit tillegg i nyutgåva av mållæra si i 1902. Garborg sende ut eit hefte um midlandsmålet i 1906. So langt det er kjent, vart midlandsmålet lite eller inkje bruka i skulen. Derimot synte målet att i bokheimen, i minsto sume former.

Departementet tykkjest ha arbeidt samvitsfullt med rettskrivingi frå 1901. I hovudnemndi og den sakkunnig ettersynsnemndi sat folk som hadde stor tillit, dei hadde i skrift synt eigne språklege evnor og høyrde fagleg til dei best tenkjelege. Dei stod heller ikkje for eins målsyn. 1901-målet var eit lærebokmål som i prinsippet opne for lærebøker både med hovudformer og sideformer.


Hægstad-normalen

Dei fleste hev venteleg meint at Hægstad-normalen var til gagn for landsmålet. Ordet modernisering hev vorte bruka, utan at dette ordet fortel stort her korkje um mål eller modernisering. I sumt var Hægstad-normalen eit brot med skrivemåtar som hadde godt grunn lag både etymologisk, historisk og i nordiske skriftvanar. Likevel vart dei avlagde skrivemåtane knapt sakna av mange.

Viktugaste skrivebridgi 1901 var:

1. Fleirtalsendingar i gjerningsord fall burt (Aasen eiga, vita).

2. A-gjerningsord fekk -a i alle tidsformer frårekna notid, dvs, utgang på sjølvljod (vokal): kasta - kastar- kasta - kasta (hjå Aasen kasta kastar - kastade - kastad/kastat).

3. Fortids partisipp for sterke gjerningsord fekk ending på -e: bore, funne, kome (hjå Aasen boret, funnet, komet).

4. Utgangs-t fall vekk i anna, kva, noko og i inkjek. av eigenskapsord (adjektiv) som lite, mykje, ope.

5. Utgangs-t fall vekk i bundi form av linne inkjekj.ord eintal: hjarta-hjarta; auga-auga; nyra-nyra; okla-okla;, hyrna-hyrna; nysta-nysta; noda-noda (nysta).

6. Ingi t-ending i utfyllingsord (adverb) på -leg (han skriv tydeleg).

7. Nokre ord fekk einfeld sjølvljod (monoftong) der det hadde vore tviljod (diftong), som: del, brød, kjøpa, dåp, rekning (tidlegare deil, braud, kaupa, daup, reikning), med eit visst høve til jamstelt skrivemåte - kjøpa/kaupa.

8. Ei rad ord fekk nye skrivemåtar, som: dør, gjeta, sjæl, sjø, snø (tidlegare dyr, gita, saal, sjo, snjo).

9. Etymologisk d fall burt i sume ord, m.a. mei, sau, skei, sei (hjå Aasen meid, saud, (ei) skeid, seid).

På slutten av 1900-talet er det likt til at etymologiske/historiske grunntankar er på framsig. Og kva kann i grunnen setjast i staden i normeringi av eit skriftmål som vil vera samnemnar for mange målføre? Jamfører me Hægstad-normalen med det reine Aasen-målet under slike synsvinklar, meiner snaudt alle, no snart hundrad år etterpå, at Hægstad-normalen i alle stykke treng vera best. Ordformer som saud og meid kjem framleis på prent. Og avvikande røyster, snart hundrad år etterpå, hev jamvel rekna burtkastet av daud medijod i former som «kasta» og «funne» for ei mistyding. (Eigil Lehmann: «Fleirtalsendingi for linne hokyns ord» i Vestmannen nr. 1/1989). Hovud-domen um Hægstad-normalen hev likevel vore velviljug.

Midlandsmålet

Rasmus Flo og Arne Garborg tok midlandsnormalen i bruk sjølve, og dei fekk noko fylgje, bokleg. Det hev vorte sagt um normalen at han knyter skriftmålet nærare til Austlandet, serleg til landet kring Langfjelli. Samstundes hentar midlandsmålet styrke frå folkevisemålet. Sume hev lagt vekt på at i midlandsmålet kjem den norske triklangen sterkare fram enn i nokor onnor nynorsk skriftform -a-i-u: gjenta-bygdi-sogu; hestar-tuftir-kyrkjur.

Flo og Garberg skriv i sergrunngjevingi si for midlandsnormalen, som til sist vart uppførd til sideform i 1901-rettskrivingi: «i bokheimen heile tidi, jamsides normalformi, (hev det) gjenget ein sidestraum av norskt maal i andre former, mest midlandske og austlandske, stundom former lenger nordanfraa (Sunnmøre, Trondheim) ... og det er ingen grunn til aa hava imot dette. Eit nytt bokmaal treng tid til aa vinna fast form og slaa djup rot, og det vilde vera galet aa forhasta seg her, og tru landsmaalet ferdigt, fyrr landet hev arbeidt seg saman um det. Det trengst ein sidestraum som den nemnde, um landsmaalet skal faa veksa seg rikt og halda seg friskt, og ikkje for snart slaa seg til ro i si faste form, og stivna der, og kanskje turka inn til eit daudt skule- eller kancellimaal».

Nokre viktuge drag ved midlandsmåiet:

1. Kløyvd nemneform (infinitiv) på -a og -e (t.d. sova, vera, men finne, lære).

2. Eigenskapsord og partisipp av type funnen, open skal ha ending -in, -i, -i: han er komin, ho er komi, det er komi. Supinum samt på -i (han hev komi).

3. Fleirtalsendingar i namnord: -ar, -ir, -ur.

4. Ingen endings-t i bundi form eintal av sterke inkjekjk. ord (huse, barne, dyre, mæle, eple). Heller ingen endings-t i ordet de (=det).

5. Linne hok.ord med open (stutt) sjølvljod i roti og berre ein med etter sjolvljoden (eller medljod + j) fær i ubundi form endingi bundi form -o (sogu/sogo, seiju/seljo. Andre linne hok. ord fær endingi -e og -a (gjente/gjenta, lukke/lukka).

Nokre døme på namnordsboygning etter midlandsmålet, der midlandsformene vik av frå Hægstad-normalen:

fot -foten -føtar -føtane mann -mannen -mennar -mennane gjest -gjesten -gjestir -gjestine kvist -kvisten -kvistir -kvistine son -sonen -sønir -sønine

Hok.: bok -boki -bøkar -bøkane rot -roti -røtar -røtane syster -systeri -systrar -systrane tuft -tufti -tuftir -tuftine bjørk -bjørki -bjørkir -bjørkine tavle -tavla -tavlur -tavlune stjerne -stjerna -stjernur -stjernune line -lina -linur -linune furu -furo -furur -furune sogu -sogu -sogur -sogune

Midlandsmålet var ikkje noko brot med Aasen-målet, og Garborg sa um Aasen i 1897: «Erfaring lærer os, at han alligevel ikke har været dum, den gamle. Naar han kaldte sin Skriftform en Generalnævner, saa var der noget i det» I sumt var midlandsmålet ei atterføring mot gamalnorsk, serskilt i bøygningi av namnord og eigenskapsord. Um midlandsmålet ikkje hev vorte noko samlingsmerke for målskrivande, hev formene heller ikkje, so langt, vorte reint utrudde, alle, or skriftbiletet. Sume hev kalla midlandsmålet for den venaste nynorskform som hev funnest. I offisielt skulemål fekk midlandsmålet derimot eit stutt liv. Der vart kasta ut alt med rettskrivingi i 1917, den kløyvde infinitiven frårekna. Politiskpedagogisk målreformisme låg alt i vassskorpa.