Mål og vanmæle 10 Målreisingskrav

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

X Målreisingskrav

Norskliberalisering

Ein av talsmennene for samnorsken, um ikkje av dei mest pågåande, Knut Liestøl, skreiv i Målstriden i går og i dag i 1949 (attgjeve frå Festskrift til Halvdan Koht, Oslo 1953):

«Alle spådomar om at nynorsken i si nye «utskjemde» form ville gå tilbake, vart gjort til skamme; tvert om vart han innførd i ca. 1000 nye skulekrinsar. I bokmålet vart dei radikale norske formene delvis nytta i sentraladministrasjon, og dei vart innførde i mange bygder og byar, m.a. i sjølve hovudstaden».

Ei meir reinhekla ranganalyse, venteleg bygd på velmeint ynskjetenkjing, er det vanskeleg å finna. Reint burtsett frå at sjølve talet «ca. 1000 nye skulekrinsar» er beinveges gale. Den røynlege auken i nynorskkrinsar i heile tidsromet 1935-1945 var på 821 krinsar, og slett ikkje alle desse krinsane skifte skriftmål for skuld samrøringi, i mange høve truleg tvert um. Folk skifte venteleg um til nynorsk av dei dei endå trudde på det nynorske framtidsmålet som med kvart miste mykje av sitt truverde ved nett samnorskpolitikken. Sjå elles «Krig og hersetjing» i bolk VII. Men i 1949 var det klårt at atterslaget for nynorsk i skulen var i full gang, eit atterslag som meir enn halverte skulemålsprosenten, og som sette målet att nokolunde med same prosent som kring 1917. Eldste tilgjengelege skulemålsstatistikk er frå 1930 med målprosent på 19,5%. I 1977/78 var målprosenten 16,4%. Dessutan stod ein etter samnorskøsingi med eit skulemål som var meir avnorska, sundrive og systemlaust enn i utgangsstoda.

Knut Liestøls tankar um det radikale bokmålet i styringsverket var det eit visst grunnlag for i 1949. Men slik heldt det seg ikkje lenge. I 1954 vart det radikale bokmålet avskipa i Oslo-skulen med landsfemnande signalverknad. I bokmålet skulde det snart koma ei avnorsking og ei uppdansking som hev ført dette målet attende til kring 1917. Lærebøker på radikalt bokmål var det longe slutt med.

Saman med si urette analyse av målstoda lyfte samnorsktalsmennene fram ei falsk læra um måldemokrati, Etter at i-mål og a-mål vart jamstelte i 1917, med høve til å velja millom parallelle grunnbøker i norsk, var det slett ikkje so at i-målet vart ålment utkasta. Ein viss yvergang til a-mål var det i fyrstningi i sume krinsar, gjerne etter hard og einsynt propaganda. Men slik me hev vore inne på i bolk VI i eit yversyn frå 1929 for Bjørgvin bispedøme, hadde godt som heile Hordaland, storparten av Sogn og Fjordane og kring halve Sunnmøre i-mål i dette bispedømet. Det er liten grunn til å tru at stoda var serleg onnorleis i iallfall Rogaland, Agder-fylki og Oppland. Og ingenting tyder på at i-målet var i vedvarande attergang etter 1930. Etter Gustav Indrebø si uppmoding til målfolk um å slå ring kring dei tilvande hovudformene, det justerte Aasen-målet, er det derimot sers rimeleg at i-målet hadde lag til å siga inn att. Ja, Olav Midttun stadfeste på mållagslandsmøtet i 1936 at i-målet var i ny framgang. Slik det tidlegare er skrive, vart samnorskstrevet dessutan politisk tvinga igjenom med eintydeleg tilsidsetjing av målfolkfleirtalet og den nynorske målvitskapen. I-målet hev ei indre kraft, ser det ut for, som a-målet snaudt kann tevla ut på fritt grunnlag.

Den romsleg og grunndemokratiske Gustav Indrebø tenkte nok at det vandelaust skulde lata seg gjera å få godkjent lærebøker med i-mål. Som me veit var det lite av både romsemd og demokratisk huglag hjå makthavarane. Det vart avslag. Um Gustav Indrebø sitt syn på i-mål og a-mål er det ingen tvil. Han skreiv klårt ymse stader at han ynskte eit fredeleg samliv millom i-mål og a-mål, sjå til dømes Målreising eller målblanding, attgjeve i «Fram daa, Frendar», Oslo 1958.

Indrebø fall burt i 1942, og millom andre Vestlandske Mållag tok upp att saki um i-målsgrunnbøker etter krigen. Hallvard Framnes og andre var til kyrkje- og skuleminister Lars Moen. Det var nytt avslag. Slik det hev vorte avslag frå fleirtalet i Språkrådet på framlegg um å opna det offisielle skriftmålet for tradisjonelle målformer.

I røyndi er det tankane til Gustav Indrebø som framleis er kravet frå målreisingsflokken: full rett til eit fredeleg samliv for i-mål og a-mål; atter jamstelling i skulen for Aasen-målet.

Det er ikkje noko urimeleg krav. Det er ikkje meir enn talsmennene for det gamle riksmålet alt hev fenge - liberalisering for sine målformer. Me ynskjer same liberalisering i norsk leid som bokmålet hev fenge i dansk.

Dette let seg ordleggja på ein litt annan måte. Prinsipielt meiner målreisarar flest at ingen elevar skal få «feil» i norsk skriftleg so lenge dei held seg til former og skrivemåtar som hev vore godtekne til ålmenn bruk i målet. Dét vilde vera ei liberalisering som målreisingi og skulen og elevande kunde leva med.

Fylgdi av ei slik romsleg og fridomsleg mål-liberalisering vil vera, naturleg og sjølvsagt nok, at det trengst parallellutgåvor av sume grunnleggjande norskbøker, serleg ABC-bøker og språklege rettleidingshefte på fyrste stegi. Men dette kjem i næste umgang. Og det er ikkje meir enn eit anna språkkløyvd land, Sveits, med si målføremerkte fyrsteupplæring i morsmål alt lenge hev havt. Det er jamvel ikkje meir enn dei sers fåmente nordfrisarane hev - i den mun dei då hev læretilfang på eige mål. Og det er ikkje meir enn samane hev, språkleg uppstykkja som dei er i nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Parallellutgåvor av sume fåtalde slike rettleidingsbøker vert ikkje noko økonomisk skræmande tiltak. Trengst det 20.000 ABC-bøker og desse vert skifte på tvo parallellutgåvor, er det samla talet endå berre 20.000, og meirkostnaden er lite nemnande.

Skipnaden millom 1917 og 1938 med parallellutgåvor av ABC-bøker på i-mål og a-mål, verka i seg sjølv bra. Med den språklege blindveg som hev vore fylgd sidan 1938 og som no hev enda ved stupet, finst det snaudt anna å gjera enn å gå same vegen attende frå stupet til utgangsstødet, steg for steg. Den skrivegjerd og skriveugjerd som ættledene etter 1938 hev vant seg til, lyt målreisingsfolk til so lenge tola, og det finst ingi onnor løysing synleg enn å godtaka eit stort og stundom slarkande mangfelde med målformer og skrivemåtar. I andre umstende og med ei onnor soga vilde det nok sumtid kunna segjast å vera ei slarking i utrengsmål, som når ubundi form av ordet tunna finst i heile seks avbrigde - tunne, tunna, tynne, tynna, tønne, tønna. Men fyrebels er det rettast, etter alt å døma, å jenka seg etter den påtvinga røyndomen. Um det ein gong skal koma til ein ny og naturleg einskap i rettskriving og regelverk, fær komande tider og ætter få lov til å avgjera. Den millomaldrande og alrande ætlleden, som bokskrivaren høyrer til, hev gjort meir enn nok språkleg ugagn som det er, nye tusenkunster bør ikkje prøvast.

Rettskrivingsumbøtene frå 1938 av treng ikkje i alle småting vera skadelege eller fordømelege. Det er til dømes i nokre høve råd å finna verjemål for skifte frå einfeld til tvifeld konsonant og frå æ til e - som teppe (for tæpe), lell (for lel), skulla (for skula), hev (for hævd) osb. Sistnemnde ord skreiv Aasen med æ (hævd), men Aasen upplyser at etymologien kanskje er uviss, og på gamalnorsk heitte det hefd. Her er det kanskje grunnlag for valfri skrivemåte.

Uppnorskingsstrevet

Målreisingsfolk bør vera varsame med å leggja seg serleg burt i skrivemåtane i bokmål; det er ikkje vårt bord. Men det kann vera verdt å minnast langtidsmåli som Knud Knudsen sette upp for uppnorskingi for meir enn hundrad år sidan.

Langtidsmål for norskdansk etter Knud Knudsen:

1. Ho-ord på -a: flaska, skjorta, boka. 2. Fleirtal på -ar/-ane: hestar, hestane. 3. Gradbøygning på -are/-ast: kortare, kortast. 4. Tviljodar på au, ei, øy der det finst i norsk folkemål.

Me minner og um nokre av dei uppnorskande korttidsmål til Knud Knudsen:

Knud Knudsen vilde ha skrivemåtar som m.a.: mage, duge, korg, torg, gagn, gras, hand, kald, svart, såpe, bjørk, fjøl, snø, glømme osb.

Og so langt det let seg gjera, vilde han ha burt tyske ordlagingslekkar som: an-, be-, ge-, -aktig, -het, -ige, -messig, -inne, -isk.

Jau, bokmålet hev ein vegstubb att!

Me vender atter attende til Gustav Indrebø si utgreiding den 13. februar 1938, Målreising eller målblanding. Etter dei mislukka røynslone frå 1917 kjem Indrebø inn på uppnorsking i bokmålet:

«Men dei norske bøygjingsformene som resolusjonen 1917 tok upp, hev nærast falle daude til jordi i bokmålet. I 1917 vart fyrst vedteke obligatorisk ein 150-200 hokynsord med norsk bøygjing, og nokre verb av kasta-klassa med norsk fortidsending. Men det hev mislukkast reint å få desse bøygjingane til å trivast i bokmålet, det stridde for mykje mot målkjensla åt dei som ber bokmålet og hev det til morsmål. Vilde dei no ha reformera bokmålet men von um framgang, so måtte dei ha retta seg etter det som røynsla og ålmenn måltenkjing lærer, og lagt hovudvekti på dei einskilde ordi og ordformene (golv, vatn, botn, herad, hummar osb.). Og ved det skapt miljø for norsk grammatikk. Men på dette punktet hev resolusjonen gjort serskilt lite i bokmål, og tvertimot retta nynorsken. Dei hev lagt hovudtyngdi av reformi i bokmålet på den enden som kjem sist og er vanskelegast, bøygjingsformene. Fylgja er at reformi i bokmålet i stor mun kjem til å mislukkast, nett som det gjekk med hokynet i 1917. Dei norske bøygjingane strider enno for mykje mot målkjensla åt deim som hev bokmålet til morsmål og ber det.»

Dei som måtte hugsa pressa frå krigstidi, veit at bokmålet som makthavarane bruka den gongen, i røyndi eit konservativt bokmål, fekk ein eigen norsk svip for skuld nokre heller få sernorske ordformer som gjekk att- kanskje serleg ordet no. Etter frigjeringi var det ei tid mykje i bruk nokre ord som gav teikn til ein liknande norsk måltone - heimefront, heimevern, helserøkt, folketannrøkt. Men etter at uppnorskingi slo yver i sitt eige rengjebilete, avnorskingi, hev det minka med dei sernorske merkjeordi som på ein klår og yvertydande måte sanna tankane til Gustav Indrebø frå 1938 um å lata norske einskildord få festa seg i bokmålet og med tidi skap miljø for norskare bøygningsverk.

Dette fær vera nok um uppnorsking i bokmål, ei sak som ikkje er vår.

I-målet

Sidan trælkingi og nedtrampingi av i-målet hev det vore ei hovudgjerning for samnorskande målreformistar heilt sidan 1930-åri, skal me taka med nokre ord serskilt um i-mål og a-mål. Garborg frå Jæren slo fast at å-mål høvde ikkje til hans skriftmål.

Hovudskiljet millom i-mål og a-mål er, som lesarane nok sameleis veit, bøygningsskiljet millom sterke og linne ho-ord: soli, men kvinna; solene, men kvinnone (etter midlandsmålet solir, kvinnune).

Slik me hev vore inn på, ynskte Gustav Indrebø eit samliv millom i-mål og a-mål. Eit jamstelt samliv.

Skilnaden millom i-mål og a-mål er i røyndi noko meir enn skilnaden på vokalane i og a. Um dette skriv Eigil Lehmann i Vestmannalaget i 110 år, Bergen 1978, s. 353:

«Heller ikkje reknar eg a-målet som like god norsk som i-målet, ikkje so mykje for vokalen skuld, men fordi skriftformi totalt øydelegg den sernorske og vestnordiske uttalen av k og g i fyreendingar, der desse endingarne tilsvarer gamalnorsk i-. Her gjeng fyre seg ei snikmyrding av norsk tone som er verre enn alt hitt. Eg held nett på med ei nynorsk lesegruppe for gymnasiastar. Dei hev ikkje frå skulen den ringaste aning um uttalesystemet i deira eigen dialekt. Sjølvsagt ikkje, for skriftmålet høgg det yver alt i hop.»

Full jamstelling for i-målet er eit grunnkrav.

Vegen

I denne siste bolken er det drege fram litt um siktemål og krav. So lenge det offisielle nynorske skriftmålet vert nekta den liberalisering som Språkrådet gav bokmålet i 1972, eit liberaliseringsvedtak som formelt vart iverksett ved stortingsmelding i 1981 - so lenge vårt offisielle skriftspråk vert nekta tilsvarande liberalisering, er beste utvegen, no som tidlegare, å ignorera den sernorske uppfinningi som vert kalla «gjeldande rettskriving».

Det norske skriftmålet som i si tid vann grunnskulen og kyrkja og styringsverket i meir enn tridjeparten av landet, det varsamt tillempa Aasen-målet, høgnorsken, stundom kalla klassisk nynorsk - dette målet hev synt sterkare livskraft, seigare indre samanhengskraft og friskare uppnyingsevna enn målreformistar drøymde um på 1930-talet og 1950-talet. Ja, kanskje drøymde dei ikkje um det alle Aasen-folk heller.

Skriftmålet på Aasen-grunn, på lag slik det levde i dei innarbeidde offisielle hovudformene fram til 1938, var samlingsfana til Gustav Indrebø i 1930-åri, og er den einaste norskrøtte skriftform som gjenom ein lang tidbolk med offentleg framhjelpt målsundriving, villskriving og nednorsking, hev stade fast og framleis peikar seg ut til mynster. Til den offentlege liberaliseringi kjem, og til stengslone mot mynstergild norsk i skuler atter vert burttekne, gjer nok folk på vår kant best i, so langt dei ikkje i tenesta eller liknande er bundne til noko anna, å vraka mykje i det offisielle målet, og i hovudsak skriva etter dei innarbeidde målreglane frå fyre 1938 - som både er lettare og meir fylgjerette enn skulemålsreglane.

Det er grunn til å ha i minne at det offentlege kravet um offisielle skriftmålsformer ikkje gjeld lærebøker for universitet og høgskular (Sjå stykket Målfridom på universitets/høgskule-plan i Vestmannen nr.4/1990). I lærebøker for universitet og høgskular kann ein skriva so norsk som ein sjølv vil.

Vedvarande er det truleg so at det styrkjer eit skriftmål, og gjer det lettare, med faste og einskaplege former og skrivereglar. Men med vår målsoga - ikkje minst vår skriftmålssoga - ligg dette fyrstundes ein stad inne i framtidi. Det kann dessutan henda at ein viss fridom, innanfor rimelege grensor, må vera eit gode i seg sjølv. I minsto vil ein viss typologisk målfridom vera ufråkomeleg i all tenkjeleg tid. Kanskje kann det ein dag koma til friviljug og tilnærma einskap i norskmålsvegen tufta på fri vokster, men den dagen er ikkje synleg.

Lovnaden den 25. september 1938 på fyrebuingsmøtet for Ivar Aasen-ringen i Bjørgvin, er framleis vegvisande: Den som lyt bruka den offisielle rettskrivingi, skriv so tradisjonelt mål som det offisielt er høve til. Den som er ubunden, skriv so norsk som han evnar. Og den som munnleg brukar målet offentleg, strekkjer seg etter velflidd og uppnorska ordleggjing.

Maningsordi frå 1938 synest få dagfersk og sterkare kraft no fram imot det tilstundande hundradårsskiftet. Det synest heller ikkje reint utenkjeleg lenger at strengslone mot nedervde norskmålsformer kjem til å falla i offisielt mål. Det vesle norskmålssamnøytet, ein prikk millom folk og tungemål på Tellus, hev i mange av verdsens vindar med seg.

Nynorskprosenten i grunnskulen 1930-1988: 1930 19,5%, 1935 19,9%, 1938 22,0%, 1940 31,5%, 1941 31,9%, 1942 33,2%, 1943 33,6%, 1944 34,1%, 1945 33,2%, 1946 31,9%, 1947 31,1%, 1948 30,8%, 1949 30,5%, 1950 29,7%, 1951 29,0%, 1952 28,2%, 1953 27,3%, 1954 26,2%, 1955 25,3%, 1956 24,3%, 1957 23,9%, 1958 23,5%, 1959 23,3%, 1960 22,7%, 1961 , 1962 21,5%, 1963 21,1%, 1964 20,5%, 1965 20,4%, 1966 19,4%, 1967 19,2%, 1968 19,1%, 1969 18,4%, 1970 17,9%, 1971 17,5%, 1972 17,3%, 1973 17,1%, 1974 16,8%, 1975 16,7%, 1976 16,5%, 1977 16,4%, 1978 16,4%, 1979 16,4%, 1980 16,4%, 1981 16,5%, 1982 16,6%, 1983 16,6%, 1984 16,7%, 1985 16,7%, 1986 16,8%, 1987 16,8%, 1988 16,9%, 1989 16,9%, 1990 17,0%.