Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Bergverksdrift ved Odals verk og gruvedrift i Kongsvinger

Av Lars Bjarne Marøy

I nokre av dei norske innlandsdistriki vart det tilverka jarn av myrmalm. Det hadde likevel ikkje lukkast å arbeida fram ei norsk bergverksnæring i millomaldaren. Kongen hadde makt til å avgjera korleis malmfyrekomstar skulde utnyttast, og både fyre og etter 1537 sette kongemakti i gong bergverksdrift. I fyrste umgang var dei største prosjekt i Noreg knytte til Akershus og Oslo. Kring 1537 vart det gjort malmfunn i Telemark. Kongen finansierte leiting og lova bruksrett til den som fann malm. Leitingi vart lokalisert til Seljord og Fyresdal. Båe stader vart det utvunne koparmalm. Det vart òg sett i gong mindre drift på sylvhaldig blymalm i Bamble og på jarnmalm i Gjerpen.

I fyrste umgang vart det kulturkollisjonar millom bergmenn og bønder. Nokre hundrad bønder måtte taka hand um kring 80 bergmenn i Telemark. Det var ikkje lett. Det førde i fyrste umgang til uppstand der bøndene i 1540 jaga burt bergverksmennene. Kongen slo hardt ned på dette, og leidarane vart avretta. Etterpå vart bergverksdrifti intensivert. Det var likevel vanskeleg å skaffa nok mat, bygningsartiklar og brensel. I 1549 vart drifti stogga.

Den fyrste mislukka drifti førde likevel til gunstige langtidsverknader. Fossum jarnverk vart skipa i 1543, og det vart drive med vekslande hell frå slutten av 1500-talet. Staten hadde i det store og det heile lite bruk for norsk jarn på 1500-talet, og den private marknaden var liten. På 1600-talet endra dette seg.

Staten starta rustningsindustri i Helsingør i 1590-åri. Våpenfabrikkane tufta produksjonen sin på norsk malm. På Sjælland og i Skåne vart det sett i gong malmleiting, men det viste seg å vera med sterkt nedslåande resultat.

Både i Eiker og Bærum vart det sett i gong malmleiting tidleg på 1600-talet. Det var lite å henta i bergverksdrifti på 1600-talet fyre ein kom til det som vart sylvgruvone på Kongsberg. Dei kom i drift på 1620-talet og var dei einaste gruvone kongen vilde ha kontroll med. Frå no av opna kongen for at private kunde få leita etter malm og driva andre former for bergverk. Kongen vart mindre interessert i å driva statskapitalisme og meir interessert i å skaffa seg inntekter frå skattleggjing. (Aschehougs Norges historie, bind 5, den nye begynnelsen, 1995)

Jarnverksmonopol

Jarnverki i Noreg vart eit austnorsk fenomen og ligg i eit belte frå Odalen til Aust-Agder. Det rike arendalsfeltet forsynte dei fleste verki med den malmen dei trong. Jarnmonopolet frå 1730 til 1791 gav norske verk einerett på sal av jarn i Danmark og Noreg. Alt i byrjingi av 1600-talet vart det slutt på dansk jarnproduksjon. Ny leiting i Danmark var uaktuell, og den nyleitingi etter malm som vart gjort i dansketidi kom til å gå fyre seg i Noreg. Tri norske verk var store når det galdt gruvedrift. Fritzøe og Fossum var dei store når det galdt jarndrift, medan Kongsberg dreiv med sylvproduksjon.

Odals verk er gamalt, grunnlagt kring år 1700. Det er nok ikkje mange som er fullt klar yver det i dag, men verket er eit senter for ein av dei viktige næringsvegane i dansketidi, nemleg jarnverksdrifti. Det er vel ikkje unaturleg å knyta upprettingi av Odals verk til andre viktige hendingar i samtidi. For det fyrste stod festningi i Kongsvinger reist kring 1683. For det andre var tidi kring 1700 eit vendepunkt i den militære utviklingi i Europa. Det vart bygt festningar og teke i bruk meir og betre skytevåpen og ikkje minst det vart halde ståande herar i land etter land. Noreg og Danmark vart vikla inn i den nordiske krig i åri millom 1700 og fram til 1719. Då kuliminerte ei tid der det hadde vore mange militære krigar og konfliktar. Det skulde gå lang tid fyre det kom ein ny storkrig att.

Eigedomen som i dag utgjer Odals verk er stor den utgjer 900 dekar jord og 35 000 dekar skog. Verket vart grunnlagt på slutten av 1600-talet og hev havt mange ulike eigarar. I 1868 vart Odals Verk kjøpt upp av ei gruppe forretningsmenn frå Eleverum, med millom andre Helge Berger og Henrik Opsahl. Etterkommarane deira eig Odals Verk i dag.

Verket er eit aksjeselskap

Verket vart starta som næringsverksemd på slutten av 1600-tallet. Svensken Lars Robsahm fann då jarnmalm i grunnen på Vallstad gard, der Odals Verk ligg i dag, og i det som vart Fossgruva i Kongsvinger. Han utnytta fossekraft for å driva jarnverket med stangjernshamrar. Vassdraget frå åsryggen mot Kongsvinger i nord vart demma upp for å magasinere vatn til å driva vasshjuli på verket. Resultatet av uppdemningane er Fløyta, Vallsjøen og Gjøralsjøen, og fleire mindre tjern i vassdraget. Ei omnsplate frå Brandval i Kongsvinger hev inskripsjonen «Odals Verk 1704» innstøypt, so det må ha vore prøvedrift alt nokre år fyrr Klas Johansen kjøpte garden Vallstad med Odalens jarnverk 8. Mai 1708.

Steinkol var den drivande krafti for at jarnverket kom i gong og i perioden 1710 til 1717 var det ein del produksjon på Odals verk, men etter dette gjekk det dårleg, og drifti hadde stogga heilt opp i 1723. Den fyrste og største hindringi for å få verket i gong att skulle ha vore at «Faas-malmen medfører saadan strænghed, u-art og vanskelighed at den paa ingen maade har villet lade sig i Masofnen forsmelte».

Fossgruva på Kirkhus i Kongsvinger, Sæteråsgruva på Sæter i Kongsvinger og Grimslandsgruva på Odals verk var dei fyrste gruvone i drift, og alle tri var i drift so tidleg som i 1707. Malmgangen i Fossgruva gjekk i retning frå nordvest til sudaust og heldt fram i dagen med umlag 200 sjaktar. Langs denne strekningi var det avsøkkt elleve stader. På ein av desse stadene låg eit stort malmbrot; Storgruva. Denne gangen hadde stor og rein malm. Fossgruva var tvillaust den viktugaste gruva i jarnverket sin fyrste driftsperiode. I 1732 kom 91 % av malmen ved verket frå dette ”skurvet”. 9 % av malmen kom frå Sætergruva. Grimslandsgruva og Svarttjennsskurvet på Odals verk gav veldig lite og dårleg malm. Malmvegen frå Kirkhus sudyver til Odals Verk var umlag to mil lang og gjekk yver skogen. Delar av vegen er framleis synleg i dag.

Ramsøy-gruvone

Umrådet kring Ramsøy berre nokre kilometer frå Brandval-brui er eit svært malmrikt umråde. Umrådet der gruvone ligg vert kalla Gruvåsen og hev fleire hundreårs soga å visa til. På 1500-1600-talet kom ein ny måte å utvinna jarn på. Det vart aktuelt å brjota malm i fjellet som vart smelta i masseomnar. Den fyrste drifti ved Gruvåsen i Brandval var ved Ramsøy-gruvone i umrådet som no vert umtala som Gruvåsen. Andre namn på dei tri åsane i umrådet er Nesvarden, Kalvåsen og Kolåsen. Kolåsnamnet skal skriva seg frå den tidi då koplingi til Odals verk kom til. I 1739 fekk bøndene pålegg um å brenna trekol til Odals verk og den brenningi skal ha bore til i same umrådet som der Gruvåsen ligg.

Vegen frå Odals verk til Ramsøy vert kalla for Malmvegen. Den er berre på 15 kilometer, skulde ein til samanlikning reisa den vanlege allmannavegen um Vinger, var den dubbelt so lang. (Brandvalboka, s. 374 og 375)

Arbeidet med å brjota malm tok truleg til her kring 1708, og det var truleg millom anna for å skaffa malm til Odals verk at arbeidet tok til. Odals verk stod reist kring år 1700.

Det er ikkje lett å finna gruvone her og ein kann nytta mange timar på å leita seg gjenom attgrodd skog um ein ikkje gjeng rett veg. Når ein fyrst kjem til det myrlende landskapet like ved vegen, er det derimot lita å utsetja på tilretteleggjingi av gruvone for sogemedvitne menneske. Det er all mogleg grunn til å takka Halvor Fosseid og ev. hjelpesmenn for framifrå merking og vern av dette unike kulturlandskapet.

Når ein passerar Brandval-brui kjem ein etter nokre fåe kilometer til eit busstopp. Her er det berre å klyva av, so kann ein gå rett upp i skogen bakanfor.

Etter nokre hundre meter kjem ein til gruveumrådet. Det er samansett av fleire gruvor.

For dei som vil leita upp fleire gruvor skal det nemnast at dei gruvone som vert nemnde i Brandval-boki s. 377 er: Larsgruven I-III, Ravgruven, Smiugruven I,II, II, XI og X, Storgruven, Heimsgruven, Morfarsgruven, Oksegruven, Kathrineberg og Minaberg.

Spetalengruvone

“Brandval-boka” meiner at Spetalgruva må ha vore i drift alt kring 1643 og at det truleg var den svenske bergmeisteren, Harald Olofson, som styrde med henne. Den svenske direktøren Lars Robson kunde driva gruva godt millom 1685 og 1700. Han henta blandingsgods frå Värmlands jernmalmgruvor, likeins kalkbrot. Førselsvegen gjekk yver Vestmarka og Almenningsskogen til Spetal. Då det vart krig i 1700 måtte Robson attende til Sverike, men Odals verk var i drift.

Det vart òg uråd å få tilførslor frå Värmland i krigstidi, so no vende ein seg til Vormsund, der fekk ein kalkstein. Malm fekk ein frå Ramsøy og Trøftskog-gruvone i Nord-Odal. Brandval-boka 374-379

Eyvind Lillevold hevdar i boki Vinger og Eidskog at det ikkje er grunnlag til å hevda at Spetalgruvone var i drift fyre kring 1730-talet. Hadde dei vore i drift fyre dette, vilde ikkje Odals verk ha stogga upp drifti, for Spetal-gruvone hadde ein svært fin kvalitet på malmen. Lillevold meiner at når lønsemdi gjekk sterkt upp og fekk liv i Odals verk med Spetal-gruvone, so vilde det same ha skjett um det hadde vore gjort tidlegare.

Dei neste åri vart iallfall Odals verk drive med vinst fram til 1830-åri. Fyrst i 1877 vart drifti ved Spetalgruvone heilt slutt.

Millom Bæreia og Sjukeheimen på Skyrud i Kongsvinger ligg det til saman kring 60 gruvor. Gruvone ligg yver eit svært stort umråde, og det er vanskeleg å få med seg alt på berre ein eller nokre fåe turar. Ein kann vel like fullt segja at dette er til motivasjon for turgjengarar og andre som hev ferdsla i umrådet. Det er råd å gjera mange interessante funn.

På Skyrud-sida stend det att restar frå gamletidi millom anna ei malmvogn.

Umrådet er godt merka med raude markeringar på tre og pinnar, so det er ikkje vanskeleg å finna fram.

Den fyrste gruva ein finn når ein kjem upp frå Skyrudsida er langt større ei dei gruvone ein finn ved Ramsøy i Gruvåsen. Her kann ein berre ana djupni på og umfanget av gruva.

Framstellingsmåte og bakgrunn

Ein kann tenkja seg at det var folk med kunnskapar frå utanlandsk gruvedrift, ev. gruvedrift innanlands som var sentrale i å starta gruvedrifti. Dei må iallfall ha visst kva dei var på jakt etter, for det er store sprang millom dei einskilde gruvone. Det ligg gruvor i heile Kongsvinger, kannhenda framfor alt på nord-vestsida mot Brandval, men viktigare gruvor i umrådet millom Skyrud og Bæreia.

Ein kann tenkja seg at kunnskapsrike personar i tilknyting til Vallstad-gard høyrde seg fyre med bønder i umrådet um dei kjende til spesielt malmrike umråde. Mineralane hadde ein sermerkt utsjånad og bøndene var mykje ute i skog og mark. Då var det naturleg at dei uppdaga interessante umråde.

I gruvone vart malmen driven ut ved å varma fjellet med bål av fyrsetjing/setjeved. Deretter vert det hevda at malmen vart avkolna med kaldt vatn, slik at han vart sprø og kunde knusast.

Men Øystein Rian tek eit uppgjer med denne uppfatning i Norges histori bind 5, s. 99. Rian peikar på at fjellet sprakk på grunn av at varmt fjell kom i kontakt med umkringliggjande kaldt fjell. Av og til vart det bruka krutt til å sprengja ut fjell, men bruken var avgrensa fordi prisen på krutt var høg. Kruttet vart lagra i et eige krutthus. Krutthuset er den einaste bygnaden frå sjølve jarnverksdrifti som framleis stend att på Odals verk.

Malmen vart frakta til verket for å verta reinsa i rostesengene og pukka ut fyrr han gjekk til masomnen. Det jobba en rostbrennar, ein ”holdholder” og tre malmpukkarar på Odals verk i 1801. I masomnen vart malmen bore i trau til omnen etter fastsette mål. Sekstan trau malm og ein lest trekol vart kalla ei uppsetjing. Ei slik oppsetjing skulde stå i omnen og søkka sakte for å gjeva godt resultat. Utslaget vart gjort etter fem til seks uppsetjingar og eit nytt vart sett på. For utslagsopningi sto det ein leirklump som vart fjerna med spett, og jarnet rann ned på sanden i hyttegolvet. Arbeidsstokken i smeltehytta var ein masmeister, tre masomnarbeidarar, tre kolharkarar og tri mann til å rulla slagget og arbeida på hyttegolvet. Når jarnet skulde formast var det tvo formarar. Jarnet vart støypt til omnar, grytor og anna eller forma til smeltestykke for ”stangjernshammeren”.

Frå masomnen gjekk smeltestykki til hamrane, som det vart tvo av mot slutten av 1700-tallet. I tillegg vart det sett upp ein spikarhamar i 1783. Åtte hamarsmedar, ein knipsmed og tri spikersmedar hadde arbeid på Odals verk i 1801. Ved desse hamrane vart smeltestykki smidde eller rekka ut til stangjarn. Jarnet vart gløda i dei store herdane og under uttrekkingi vart dei reinsa for slagg og ureinleikar. Fagarbeidarane var for det meste svenskar, medan grovarbeid som ikke kravde fagkunnskap vart gjort av odølingar og grannesokningar. Dette kunde vera malmbryting, vedhogging, køyring og anna arbeid.

Kjeldor

Norges historie, Aschehoug, bind 5, Øystein Rian, 1995
http://no.wikipedia.org/wiki/Odals_Verk
Brandval-boka, Gunnar Mandt, redigert av Ottar Weberg etter forfattarens død, 1953
Vinger og Eidskog, Eyvind Lillevold, 1965


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!