Av
Lars Eskeland
Avprent av åttande utgåva
Utgjeve av Norrønalaget Bragr i
Bergen i 1996 (ISBN 82-91639-00-0).
Netutgåva i desember 2005.
Netportalen sambandet.no ||| Tidskriftet Målmannen
Dette litle heftet er eit grammatikalsk yversyn yver det me kallar høgnorsk. Lars Eskelands formlæra kom fyrste gongen i 1982, med ein mengd seinare tilvølte utgåvor. Dette nyprentet byggjer på 8. utgåva frå 1918, og heftet er tenkt til rettleiding for dei som vil skriva høgnorsk. Mange av formene som stend her er framleis lovlege i skulen, men av målpolitiske grunnar er t.d. i-endingane nærast utskotne av ordlistone. Me vil uppmoda lesarane til å setja seg godt inn i det høgnorske formverket.
Den grammatikalske nemningsbruken er ikkje alle stader den same som i dag. Nemningsbruken hev brigda seg både i nynorsk og bokmål - som preteritum for tidlegare imperfektum (fortid). I nynorsk er nemningi fyrrtid for det meste avløyst av ordet fortid; adjektiv hev fenge avløysarordet eigenskapsord. Andre døme kunde leitast fram, men me trur uppsettet talar for seg sjølv.
Lars Bjarne Marøy
Sidan Ivar Aasen tok til med arbeidet sitt, hev morsmålet vårt fått ei so god dyrking og vyrdsling, både av han sjølv og av andre, at det hev reist seg i ny yngd og friskleik, betre for kvar tid, so det alt no er mykje bøtt på den store målskaden vår.
Den store meisteren og merkesmannen er burte, og alt som levande er i folket bøygjer seg yver gravi hans med takk i hjarta. Både livet og arbeidet hans var so vent og stort at det aldri kann missa makti si, so lenge norsk mål lever og kann halda nordmannshugen vaken og i vokster.
Og no tarv me ikkje berre vona på full atterreising for morsmålet; me må sjå at me hev sigeren i hende å kalla. Det gjeld berre um å halda ut med trugen hug og idig trott, som Aasen og andre hev lært oss.
Aasen "laga" ikkje målformi si; han fann mållovene og synte dei fram, og i skrift retta han seg etter dei ålmennne drag i dei.
Best for eit skriftmål er det å ha seg eit breitt læge innimillom bygdemåli, so det i det store og heile kann høva saman med dei alle, og på den vis lett få tilførsla frå dei, leva og nøra seg av dei. Di betre den beste og mest levande tale kann flyta inn i bokmålet, di friskare held det seg.
Dette hadde Ivar Aasen for auga, og han fann, at når skrivemåten retta seg etter dei mest formklåre bygdemål, måtte bokmålet verta best skikka til å samla alle dei andre målføre i landet um seg. Og framvoksteren av det nynorske skriftmål i siste halve hundradåret hev teke den hovudlei som Aasen synte fyre.
Det snauaste og lettaste formverk som norsk talemål kjenner, hev skriftmålet vunne seg fram til med umsutsfull temjing og tilsliping, og i alle meir viktuge ting er det den målbunaden som Aasen straks synte fram, so ein må segja at hans syn er godkjent av soga til no.
Men at leitingi etter høvelegaste skriftformi alt skulde vera ende, det var
heller ikkje rimeleg; ho kjem truleg til å vara ved endå ei god stund, og det
kann ikkje føra anna enn godt med seg, berre me går fram so varsamt og vyrdsamt
som det sømer seg når det gjeld so høge og store ting, og når me soleis på
serleg måte står framfor åsyni åt soga.
Ein kann skriva:
bjoda |
eller |
|
by |
bljug |
" |
|
blyg |
brjosk |
" |
|
brosk |
brjost |
" |
|
bryst |
brjota |
" |
|
bryta |
drjug |
" |
|
dryg |
drjupa |
" |
|
drypa |
fjuka |
" |
|
fyka |
fljot |
" |
|
flot |
fljota |
" |
|
flyta |
fljuga |
" |
|
flyga |
frjosa |
" |
|
frysa |
gjota |
" |
|
gyta |
knjosk |
" |
|
knosk (kveikjebork) |
krjupa |
" |
|
krypa |
ljon |
" |
|
lyn |
ljona (ar) |
" |
|
lyna (er, te) |
ljoster |
" |
|
lyster |
ljuga |
" |
|
lyga |
njosa |
" |
|
nysa |
njota |
" |
|
nyta |
njupa |
" |
|
nypa |
rjome |
" |
|
røme |
rjota |
" |
|
ryta |
rjuka |
" |
|
ryka |
rjupa (ei) |
" |
|
rypa |
skjota |
" |
|
skyta |
skrjona |
" |
|
skrøna |
sljo |
" |
|
slø |
sljoast |
" |
|
slåast |
smjuga |
" |
|
smyga |
strjuka |
" |
|
stryka |
trjosk |
" |
|
trøsk |
trjota (få ende) |
" |
|
tryta |
1. Konsonantane, eller medljodi, er: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Vokalane, eller sjølvljodi, er: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å (á, aa). Diftongane, eller tviljodi, er: au, ei øy.
2. e, i, o, u, y lyder på to måtar, trongt og ope. Den tronge ljoden er namn på sjølvljoden. I lange stavingar finn me oftaste den tronge ljoden, i stutte oftaste den opne. Med den opne ljoden nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y tilø.
|
Trong: |
tre, kne, bles, ser; sédd, tédde |
|
|
fri, tid, lika,
slipa; ill, vidd |
|
|
god, bok, sol,
drog; sott, otte |
|
|
bu, hus, duva, truga;
trutt, snudde |
|
|
by, sky, syn,
styra; nytt, bytt |
|
Open: |
kjenna, bekk, eld; nes, lepe, lesa |
|
|
mitt, viss,
kippa; vika, skin, visen |
|
|
dott, odd,
hogga; skot, mose, koma |
|
|
turr, upp, grunn; hug, sumar, fura |
|
|
fyrr, fylgja,
syrgja; skyn, lykel |
3. Til letting for lesingi skil dei ofte millom trong og open sjølvljod med eit merke, lutande kile (´) yver trong sjølvljod, og attkeik kile (`) yver open, serleg i nokre ord, t. d. lèt, notid av lata, og lét, fyrrtid avlata; fór, fyrrtid av fara; ei fòr.
4. Ljodbrigde ("omlyd") kallar ein eit sjølvljodskifte som ein gong i tidi er kome frå ein i (j) eller u (v) i sta vingi etter.
5. Lint ljodbrigde (i-ljodbrigde) er det når ein hard sjølvljod hev vorte til ein linn:
|
a til è: fast, festa; lat, lèta; mann, menner |
|
å — æ: våt, væta; lås, læsa; kåt, kjæta |
|
o — ø: bot, bøta; dom, døma; stor, større |
|
ò — ỳ: dott, dytta; sorg,
syrgja |
|
u — y: sut, syta; hus, hysa; sur,
syra |
|
ù — ỳ: grunn, grynna; ung, yngja |
|
au — øy: blaut, bløyta; draum, drøyma; laup, løypa |
|
jo |
} y: tjon, tyna;
ljos, lysa; mjuk, mykja |
6. Hardt ljodbrigde er det når a hev vorte til ò: holva av halv, toka av tak, soga av sag-de; born av barn.
7. Eit anna slag ljodskifte, ljodsprang (avlyd), hev me i
kjenneformene av dei sterke gjerningsordi. Sjølvljoden ymsar på fleire måtar: finna,
fann, funne; lesa, las, lese. Sjå st. 66-75.
8. Stutt d etter sjølvljod eller millom to sjølvljod er for det aller meste daud, d. v. s. burtfallen i talen: tid, strid, lagnad, kveda, gleda. Sameleis når han står etter r: gard, ord.
9. I nokre ord kastar dei no den daude d'en: Båe to (men: både — og), brå, breia, ei bu, ei glo, grei-a, hei, kei, lei-a, løa, snau, soleis og andre som endar på leis, stø, sva-berg o. fl.
10. I bundi form av inkjekyns-ordi (landet, fjellet, huset) er t'en daud. Like eins i ordet det. I dei linne inkjekynsordi skriv ein bundi og ubundi form sameleis (eit auga, vinstre auga).
11. rn vert oftast til nn (dn) i talen: born, kvern, korn. Men det finst bygdemål som hev rn, so ein kann bruka den lesemåten og, um ein vil. I bundi form av namnordi er r-en burtfallen å kalla. Fyrr skreiv dei gutarne, gjesterne, visorne; ein må lesa gutane, gjestene, visone. No let ein skrifti fylgja talemålet i dette stykket; for r-en gjerer ikkje ordi klårare for auga heller. Sjå st. 21-29.
12. g og k lyder som gj (j) og kj fyre linne sjølvljod (e, i, y, æ, ø, ei, øy): gild, gøyma, kinn, kyrkja. Fyre e, æ og ø skriv ein ogso vanleg j: gjera, gjæv, kjenna, kjøpa. Men fyre e i endestavingar skriv dei han sjeldan: rike, lykel, dregen.
13. Fyre e i samansetning lyder g og k hardt, for di e då står i staden for ein gamall a eller u: bakkebrun, vikeblad.
14. Ordi fær tonetyngd på to måtar, som me kallar tonelag: einstavingsord hev einstavings tonelag: dag´en, bekk´en. Like eins ord som fyrr hev vore einstavings-ord: bøk´er, end´er (av and).
Fleirstavings-ord hev tostavings tonelag: vi`sa; so`la seg; dag`ar.
Som ein ser, kann ein syna tonelaget med tonelagsteikn, eller
aksentar.
15. Sume ord er alltid eins, men dei fleste skifter form, vert bøygde, etter
som dei vert brukte til.
16. Namnordi er anten hankyn, hokyn eller inkjekyn (kynlause). Alle hankynsord kann ein byta um med han, hokynsord med ho, og inkjekynsord med det. Um ei ku kann ein segja at ho er stor, um ein båt at han flyt lett, um eit fjell at det er høgt.
17. Namnordi hev to talformer, eintal og fleirtal. I kvar av desse formene må ein skilja millom ei ubundi og ei bundi form: dag, dagen; dagar, dagane.
18. I det gamle mål hadde namnordi fire kasus eller høveformer, som synte klårt kva ordet hadde å gjera i setningi: nemneform, motfallsform, sidefallsform og eigeform. Dei to fyrste hev falle saman for lenge sidan, og dei to siste er mykje burtslipte.
Sidefallsformi er det ymist att av i fleire bygdemål, men dei fleste nyttar henne no lite eller inkje i skrift, anna i nokre talemåtar, som: av garde, i make, i fatle, i live, av lage.
Eigeformi er brukt ein grand, serleg i samansetning, dagsror, årstid. Dess-utan hev ein henne att i ymse ord og talemåtar: dagsens, heimsens, mannsens; manna mål, årsens tid, all landsens ulukka, husens folk, himmels høgt, livs levande. Etter styreordet til finn ein ofte eigeformi: til lags åt alle —, til gards, til skogs, til bygdar.
19. Men elles er det so i norsk som i fleire nyare mål, at ein mykje må skriva um eigeformi. Det kann ein gjera: 1) ved styreord: garden åt grannen, rokken til mor, sanden i havet, taket på huset 2) ved vara-ordet sin: grannen sin gard, môr sin rokk. 3) ved hans og hennar fyre folkenamn (sernamn og nokre få samnamn): garden hans Gunnar, målet hennar mor. 4) ved samansetning: grannegarden, skogkanten.
Nemneformi er soleis brukt mest i alle høve.
20. I bøygjingi skil namnordi seg fyrst etter kynet i tri flokkar. For kvart
kyn hev me to bøygjemåtar, som me kann kalla den sterke og den linne. Etter
den sterke bøygjemåten går alle einstavingsord, og dei
fleirstavingsord som endar med medljod. Etter den linne går dei fleirstavingsord
som endar med sjølvljod.
21. Den sterke bøygjemåten.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
dag |
dagen |
dagar |
dagane |
Eigeform (samansetning) |
dags |
|
dage |
|
Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. ås, arm, båt, by, bø, dom, fugl, gut, heim, kamb, mur, odd, sal, stein, stol. Like eins mange fleirstavingsord som endar med medljod: riking, gamling.
Merk elles: Nokre ord som endar på el og ul vert samandregne i fleirtal: bendel — bendlar; høvel — høvlar; spegel — speglar; støvel — støvlar; trygel (lite tnog) — tryglar; jøkul — jøklar; ongul — onglar; vondul — vondlar. Og soleis: jøtun — jøtnar. Ordet morgon heiter både morgonar (regelrett) og morgoar eller mornar i fleirtal.
Nokre ord som endar på ar og er vert og samandregne i fleirtal: sumar — sumrar; hamar — hamrar; vinter — vintrar.
Men når ar er ei utvidkings-ending, går ordi støtt regelrett: tenar-en — tenarar — tenarane; lærar-en — lærarar — lærarane; bakar-en — bakarar — bakarane; borgar-en — borgarar — borgarane; klokkar-en — klokkarar — klokkarane; romar-en — romarar — romarane.
Ein må aldri kasta ei staving liksom dansken gjerer i sovorne høve, so ein t. d. fær bakarne i staden for bakarane, murarne i staden for murarane, fiskarne i staden for fiskarane, og romarne i staden for romarane.
22. a. Nokre ord fær er i fleirtal:
|
kvist kvisten kvister kvistene |
Sameleis: brest, døl, gjest, gong, gris, lem (t. d. lemene påkroppen), let (t. d. raud og kvit let), lut (ein lut av arven), mun. (Det gjorde stor mun. Alle munene dreg), rett (matrett. Det andre ordet rett går som dag: Det stod seg for alle rettar), sau, sed (t. d. skikk og sed), stad, ven, vev, vær (t. d. Lom-vær).
Soleis går alle som endar på nad: månad, verknad o. fl.
Dess-utan nokre folkenamn som alltid står i fleirtal: egder — egdene; fyrder — fyrdene (t. d. eidfyrdene), kvemmer — kvemmene (folk frå Kvam); sygner — sygnene (folk frå Sogn); teler — telene; trønder — trøndene.
Like eins dei ordi som endar med g og k og hev linn rotvokal.
|
øyk øyken øyker øykene |
Fleire slike ord: bekk, belg, benk, dregg, dreng, drykk, flekk, hegg, klegg, legg, løk (bekk), rygg, rykk, sekk, serk, streng, stylk, styng, vegg, veng.
Samansetningsformer: belgmyrker, kleggbit, leggbein, ryggverk, strengnett, veggmåling, bekkefar, benkefot, drengestova, drykkevisa, heggebær, sekkelereft, veggemot, øykeflokk.
Merk: sko, fl. skor — skorne ell. sko — skone; ljå, ljår — ljårne.
23. Nokre ord fær er og lint ljodbrigde: bror, fl. brør — brørne ell. brøder — brøderne; far, fedrar — fedrane(ell. feder)— federne); fot, føter — føtene; mann, menner (ell. menn) — mennene; nagl, negler — neglene; son, søner — sønene; spon, spøner — spønene.
Mrk.: ein ting, fl. ting (t. d. ein liten ting), b. f. tingi.
24. Den linne bøygjemåten.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
hane |
hanen |
hanar |
hanane |
Eigeform (samansetning) |
hane |
|
(hane) |
|
Bolle, granne, hage, kjole, sele, time, og alle andre fleirstavingsord
som endar med vokal (e), vert bøygde soleis, so nær som bonde, bonden; bønder
— bøndene.
25. Den sterke bøygjemåten.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
skål |
skåli |
skåler |
skålene |
Eigeform (samansetning) |
skåle(ar) |
|
skåle |
|
Soleis vert dei aller fleste einstavingsord bøygde, t. d. bru, bøn, dygd, ferd, grein, høgd, klauv, lei, lyst, nål, rid, røyr, segn, ski, sokn, stund, tid, tuft, urt, ætt.
26. Nokre fær ar i fleirtal:
|
elv elvi elvar elvane |
Soleis: år (til båt), ådr (blod-), erm, flis, geil (veg med gjerde på sidone), grind, gimber, gyger, hei, helg, herd, hind, hit, kleiv, kvern, mjødm, myr, møy, reim, rip (båt-), røyr ("lyske"), røys, sen, sild, spik, svill, sæter, vik, øks, øyr. Like eins alle som endar på ing: ending, føring, kjerring, rekning, sending.
Nokre ord skil seg endå meir ut med det, at dei fær j fyre endingane i flt.: hes, hesjar — hesjane. Soleis: egg, eng, fit (eng), klỳv, skjel (sand-).
27. Nokre ord med hard rotvokal fær lint ljodbrigde:
|
gås gåsi gjæser gjæsene |
I samansetn. gåse, t. d. gåsefeitt.
Soleis: and — ender; bok — bøker; bot — bøter; brok — brøker; hand — hender; lus — lyser; mus — myser; natt — netter (ell. næter); not — nøter (fiske-); rand — render; rot — røter; skåk — skjæker; strand — strender; tåg — tæger.
Endar ordet med rotvokalen, er fleirtals-tillegget berre r, og denne r'en står fast i bundi form og:
|
klo kloi klør klørne |
Soleis: flå — flær; glo — glor; krå — krær, ell. kro — krør; ku — kyr; rå — rær; slå — slær; tå — tær; tro — trør.
Like eins står r'en fast i alle former, dersom han fyrst er med i eintalet: dotter, fl. døtter — døtterne; mor, mørne (ell. møder — møderne. Skrivemåten mødrar — mødrane er og brukt); syster — systerne (ell. systrar — systrane).
28. Eit skifte frå o til e (og o til a) i rotvokalen hev me i nokre ord: fonn, fl. fenner — fennene; nòs (= nase), naser — nasene; not (frukt), neter — netene (samansetn. nate-hams, -kjerne); stong, stenger — stengene; tong, tenger — tengene; tonn, tenner — tennene (samansetn. tann-gard, -verk).
29. Den linne bøygjemåten.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
visa (vise) |
visa |
visor |
visone |
Eigeform (samansetning) |
vise |
|
|
|
Godkjend sideform fl.: viser, visene.
Gata, gåva, kåpa, klokka, tavla, tunga, og alle andre fleirstavingsord som
endar med sjølvljod, vert bøygde soleis.
30. Den sterke bøygjemåten.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
år |
året |
år |
åri |
Eigeform (samansetning) |
års |
|
åre |
|
Bein, brev, hus, hår, mål, tun, og alle ord med berre ei staving eller med medljod-ending, vert bøygde soleis. Dei fleirstavingsord som endar med e går og etter denne bøygjemåten. Eks.: eple, eplet; eple, epli.
Inkjekynsordi fær soleis ingi ending i fleirtal, anna dei 7-8 som vert bøygde liksom auga (st. 32). Ein må soleis ikkje skriva mange epler, stykker, liksom på dansk, men: mange eple, stykke.
Ende-t'en (året) er daud, og må soleis ikkje lyda med i lesingi.
31. Det harde ljodbrigde (sjå st. 6) er det no lite att
av i bøygjingi: barn, born. Elles vert sjølvljoden eins i eint. og fl.:
land. fl. land ; vatn — vatn; fat — fat (fyrr fl.: lond, votn, fòt) o. s. fr.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ub. form |
B. form |
Ub.form |
B. form |
Nemneform |
auga |
auga |
augo |
augo |
Eigeform (samansetning) |
auge |
|
augne |
|
Soleis går: hjarta, nyra, øyra,
okla, nysta, noda (= nysta), hyrna.
33. I ubundi form heiter kjenneordet ein, og bøygjer seg etter kynet av namnordet det står til:
hank. ein, hok. ei, inkjek. eit.
Det finst ogso ei fleirtaisform, eine: Dei fer som eine gapar. Fyre talord kann det tyda "på lag", og heiter då ei: ei ti tolv, ei tjuge tretti stykke.
34. I bundi form hev me to slag kjenneord:
a) ei ending til namnordet: dag-en, skål-i, hus-et (sjå namnords-bøygjingi);
b) eit serskilt ord som vert brukt fyre tilleggsord: den rike mannen, det nye huset.
Det bøygjer seg i kyn og tal etter namnordet det står til: hank. og hok. den, inkjek. det, fl. alle kyn dei.
Ende-kjenneordet er oftaste med då og: den rike mannen.
35. Tilleggsordi hev ei ubundi og ei bundi form. I ubundi form rettar dei seg etter namnordi dei høyrer til, og vert bøygde i kyn og tal, for det meste soleis:
|
Eintal |
Fleirtal |
|
hankyn |
hokyn |
inkjekyn |
alle kyn |
|
stor |
stor |
stort |
store |
Eks.: ein stor mann, ei stor kona, eit stort barn; store menner, konor, born.
36. Endar ordet med rotvokalen, fær det tt i inkjekyn: ny — nytt; blå — blått; tru — trutt.
37. Ein t-ljod etter vokal vert lang (tt) i inkjekyn, og sjølvljoden vert stutt: flat — flatt; kvit — kvitt. Men er det ein medljod fyre t'en, fær ordet ingi ending i inkjek.: svart — svart; fast — fast.
Merk: jamn — jamt, samansetn. jam-stor, -god.
38. Når ordet endar med dubbel medljod, fell den eine burt fyre inkjekynsendingi, utan han kann skilja frå eit anna ord: sann — sant; trygg — trygt; men visst av viss, til å skilja det frå vist av vis; fullt av full, men fult av ful.
39. Nokre ord vert samandregne i fleirtal: diger — digre; gamal — gamle; mager — magre; ymis — ymse.
40. Tilleggsformi (partisippet) av dei linne gjerningsordi vert bøygd soleis:
|
dømd, dømd, dømt; dømde |
|
kasta, kasta, kasta; kasta |
41. Dei ordi som endar på en vert bøygde soleis:
|
open, opi, ope; opne |
Tilleggsformi av dei sterke gjerningsordi vert bøygd soleis.
42. Den bundne form liknar fleirtalet, og er alltid eins: den store mannen; det opne gapet; dei store, dei opne.
Liten heiter i bundi form litle: den litle guten.
43. Sume tilleggsord vert ikkje bøygde: truande (og andre på ande),
einstaka, jamstroka, manglida (mangment); fagna, grepa (gild), gasta,
måta o. fl.
Til grunnformi (positiv) fær tilleggsordi are i høgregrad (komparativ) og aste (ast) i høgstegrad (superlativ):
|
rik |
rikare |
rikaste |
|
tru |
truare |
truaste |
|
mager |
magrare |
magraste |
|
open |
opnare |
opnaste |
45. Nokre ord fær re i høgregrad og st i høgstegrad, og lint ljodbrigde:
|
ung |
yngre |
yngst |
|
tung |
tyngre |
tyngst |
|
stor |
større |
størst |
|
lang |
lengre |
lengst |
Og like eins: få (færre, færraste), høg (høgre, høgst), låg (lægre, lægst), trong (trengre, trengst), små (smærre, smæst). Desse ordi kann elles få are og aste og: høgare, høgaste; lågare, lågaste o. s. fr.
46. Uregelrette er:
god, betre, best |
gamal, eldre, eldst |
mykjen, meire, mest |
vond, verre, verst |
liten, mindre, minst |
mange, fleire, flest. |
Nokre ord finst berre i høgre- og høgstegrad: indre — inst; ytre — ytst; øvre — øvst; nedre — nedst; fyrre — fyrst; fremre — fremst; nørdre — nørdst; søre (syndre) — synst. Øystre, vestre; høgre, vinstre. Einaste.
47. Høgre- og høgstegradformene vert ikkje bøygde, utan høgstegradformene på st (og på ast).
48. Ord som endar på ut hev ikkje samanlikningsformer. Me
må då bruka meir og mest: meir flekkut, mest flekkut.
49. Mengdetali er: ein, to (tvo), tri (tre), fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, tolv, trettan, fjortan, femtan, sekstan, syttan, attan, nittan, tjuge, ein og tjuge o. s. fr., tretti, fyrti, femti, seksti, sytti, åtti (åtteti), nitti, hundrad, tusen.
50. Rekkjetali er: fyrste, andre, tridje (tredje), fjerde (fjorde), femte, sette (sekste), sjuande, åttande, niande, tiande, ellevte, tolvte, trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande, nittande, tjugande, ein og tjugande o. s. fr., trettiande, fyrtiande, femtiande, sekstiande, syttiande, åttiande, nittiande, (hundrade), tusende.
51. Talordi vert ikkje bøygde so nær som ein:
hnk. ein, hok. ei, inkjek. eitt. Me såg berre eitt hus.
52. Dei personlege:
Eintal
|
|
|
1ste pers. |
2dre pers. |
3dje pers. |
|
Nemnef. |
|
eg |
du |
han ho det |
|
Motfallsf. |
} |
meg |
deg |
han(honom)
henne(ho) det |
|
Eigef. |
|
— |
— |
hans hennar — |
Flerital
|
|
|
1ste pers. |
2dre pers. |
3dje pers. |
|
Nemnef. |
|
me (ell. vi) |
de |
dei |
|
Motfallsf. |
} |
oss |
dykk(er) |
dei(m) |
|
Eigef. |
|
— |
dykkar |
deira |
Aust og nord i landet brukar del mest vi, med gamal rett.
Det er reint gale å segja: det er meg; me må segja: det er eg, det er du, det er han ell. ho, det er de, det er dei.
53. Det attervisande vara-ord seg vert ikkje bøygt. Like eins dei motsvarande (resiproke) einannan og kvarandre.
54. Eigedoms-vara-ordi vert bøygde i kyn og tal:
|
|
Eintal |
|
Fleirtal |
|
hnk. |
hok. |
inkjek. |
alle kyn |
|
min |
mi |
mitt |
mine |
|
din |
di |
ditt |
dine |
|
sin |
si |
sitt |
sine |
|
vår |
vår |
vårt |
våre |
55. Dei påpeikande.
|
|
Eintal |
|
Fleirtal |
|
hnk. |
hok. |
inkjek. |
alle kyn |
|
den |
den |
det |
dei |
|
denne |
denne |
dette (detta) |
desse |
Hit høyrer: same, slik, sovoren, sjølv.
56. Atterførande (relativt) vara-ord er berre som. Det vert ikkje bøygt.
Til ei stadnemning kann ein visa med der: So kom han upp til garden der broren budde.
57. Spyrjande vara-ord er kven og kva.
Dei vert ikkje bøygde. Kva kann då få ei sidefallsf. kvi = kvifor. I staden for eigef. til kven må ein bruka kven sin.
58. Ubundne.
|
Eintal |
Fleirtal |
|
hnk. |
hok. |
inkjek. |
alle kyn |
|
all |
all |
alt |
alle |
|
annan |
onnor |
anna |
andre |
|
annankvar |
onnorkvar |
annakvart |
— |
|
einkvar[1] (ell. einkvan) |
eikor |
eitkvart |
— |
|
hin |
hi |
hitt |
hine |
|
ingen |
ingi |
inkje |
ingi |
|
korgje[2] |
korgje |
korkje |
— |
|
kvar |
kvar |
kvart |
— |
|
mang ein |
mang ei |
mangt eit |
mange |
|
nokon |
nokor |
noko |
nokre |
|
sum |
sum |
sumt |
sume |
59. Mykje brukt er ein (svarar til det tyske "man"),
og det upersonlege det. Eks.: Ein kann vel vera hag, um ein ikkje
er heppen. — Um det regner og snjo'r, um det stormar frå nord —. Dei fær ingi
onnor form.
60. Gjerningsordi vert bøygde i tider og måtar.
I fleire bygdemål vert dei ogso bøygde i tal, serleg i notid. Fl. not. er då likt med grunnformi. Aasen og andre hev skrive soleis; men det er mykje avlagt no.
61. Serskilde former for passiv er lite brukte: det høyrest, det spørst. Det gode gjerest medan det vonde gjeng. — Dei vert mest umskrivne med vera og verta: Det er mangt gjort, og mangt vert gløymt. — Ei refleksivform, som endar på st, er att i sume ord: finnast, ottast o. fl.
62. Formene åt gjerningsordi er anten einskilde (dei som vert til utan hjelpegjerningsord) eller samansette (dei som vert til ved hjelpegjerningsord). Hjelpegjerningsordi er: hava (ha), skula (skal, skulde), vera, verta, vilja.
63. Etter tidformene skil gjerningsordi seg i to bøygjemåtar, den sterke og den linne.
64. Skal ein kunna bruka eit gjerningsord i alle høve, må ein vita kjenneformene: grunnformi, notid, fyrtid og fyrrtidstilleggsform.
65. Roti finn ein når ein tek endevokalen (a) burt i grunnformi: far-a,
døm-a.
66. Eins for dei sterke gjerningsord er: notid og fyrrtid i forteljemåten er utan ending. I notid fær sjølvljoden lint ljodbrigde, er det råd, og i fyrrtid kjem det jamnaste ein annan sjølvljod (ljodsprang). Fyrrtidstilleggsf. endar på en i hank., og vert bøygd som eit anna tilleggsord med same endingi. Notidstilleggsf. hev endingi ande. I bjodemåten er det snaude roti, i ynskjemåten kjem e til.
|
Forteljemåte |
Ynskjemåte |
|
Notid fer |
fare |
|
Fyrrtid fór |
— |
|
Tilleggsform |
|
Notid farande |
|
Fyrrtid faren (fari; fare; farne) |
|
Bjodemåte |
Grunnform |
|
far! |
fara |
67. 1ste rekkja (i, e; a; u, o).
Grunnform |
Notid |
Fyrrtid |
Tilleggsform |
a) |
finna |
finn |
fann |
funne |
|
drikka |
drikk |
drakk |
drukke |
|
klinga |
kling |
klang |
klunge |
|
spinna |
spinn |
spann |
spunne |
|
vinna |
vinn |
vann |
vunne |
|
brenna |
brenn |
brann |
brunne |
|
renna |
renn |
rann |
runne |
|
binda |
bind |
batt |
bunde |
|
stinga |
sting |
stakk |
stunge |
|
vinda |
vind |
vatt |
vunde |
binda, stinga, vinda heiter i bjodemåten: bitt, stikk, vitt.
b) |
bresta |
brest |
brast |
broste |
|
detta |
dett |
datt |
dotte |
|
falla |
fell |
fall |
falle |
|
gjelda |
gjeld |
galdt |
golde |
|
gleppa |
glepp |
glapp |
gloppe |
|
gletta |
glett |
glatt |
glotte |
|
gnella (kvina) |
gnell |
gnall |
gnolle |
|
knekka (bresta) |
knekk |
knakk |
knokke |
|
knetta (smella) |
knett |
knatt |
knotte |
|
kvekka |
kvekk |
kvakk |
kvokke |
|
kveppa (kvekka) |
kvepp |
kvapp |
kvoppe |
|
kverva |
kverv |
kvarv |
kvorve |
|
rekka |
rekk |
rakk |
rokke |
|
skjelva |
skjelv |
skalv |
skolve |
|
skrella (braka) |
skrell |
skrall |
skrolle |
|
skvetta |
skvett |
skvatt |
skvotte |
|
sleppa |
slepp |
slapp |
sloppe |
|
smella |
smell |
small |
smolle |
|
smetta |
smett |
smatt |
smotte |
|
svella |
svell |
svall |
svolle |
|
velta |
velt |
valt |
volte |
|
verpa |
verp |
varp |
vorpe |
|
verta |
vert |
vart |
vorte |
68. Uregelrette er:
|
hogga |
høgg |
hogg |
hogge |
|
tyggja |
tygg |
togg |
togge |
|
nyggja (hogga, skrapa) |
nygg |
nogg |
nogge |
|
syngja |
syng |
song |
sunge |
|
søkka |
søkk |
sokk |
sokke |
|
støkka (bresta) |
støkk |
stokk |
stokke |
|
trenga |
treng |
trong |
trunge |
|
slenga |
sleng |
slong |
slunge |
69. 2dre rekkja (e; e; a; e, o),
a) |
kveda |
kved |
kvad |
kvede |
|
lesa |
les |
las |
lese |
|
beda |
bed |
bad |
bede |
|
drepa |
drep |
drap |
drepe |
|
kreka |
krek |
krak |
kreke |
|
leka |
lek |
lak |
leke |
|
reka |
rek |
rak |
reke |
|
gjeva |
gjev |
gav |
gjeve |
|
gjeta |
gjet |
gat |
gjete |
|
sitja |
sit |
sat |
sete |
b) |
bera |
ber |
bar |
bore |
|
skjera |
skjer |
skar |
skore |
|
stela |
stel |
stal |
stole |
70. Uregelrette er:
|
koma |
kjem |
kom |
kome |
|
sova |
sev (søv) |
sov |
sove |
|
eta |
et |
åt |
ete |
|
liggja |
ligg |
låg |
lege |
|
sjå |
ser |
såg |
sét (hnk. og hok. sédd) |
|
vera |
er |
var |
vore |
71. 3dje rekkja (i; i; ei; i).
|
bida (vera, finnast) |
bid |
beid |
bide |
|
bita |
bit |
beit |
bite |
|
driva |
driv |
dreiv |
drive |
|
glida |
glid |
gleid |
glide |
|
glima |
glim |
gleim |
glime |
|
gnida |
gnid |
gneid |
gnide |
|
grina |
grin |
grein |
grine |
|
kika |
kik |
keik |
kike |
|
kliva |
kliv |
kleiv |
klive |
|
knipa |
knip |
kneip |
knipe |
|
kvina |
kvin |
kvein |
kvine |
|
lida |
lid |
leid |
lide |
|
lita |
lit |
leit |
lite |
|
niga (bøygja seg) |
nig |
neig |
nige |
|
risa |
ris |
reis |
rise |
|
riva |
riv |
reiv |
rive |
|
siga |
sig |
seig |
sige |
|
skina |
skin |
skein |
skine |
|
skrida |
skrid |
skreid |
skride |
|
skrika |
skrik |
skreik |
skrike |
|
skriva |
skriv |
skreiv |
skrive |
|
slita |
slit |
sleit |
slite |
|
smita (lura burt) |
smit |
smeit |
smite |
|
stiga |
stig |
steig |
stige |
|
svida |
svid |
sveid |
svide |
|
svika |
svik |
sveik |
svike |
|
sviva |
sviv |
sveiv |
svive |
|
triva |
triv |
treiv |
trive |
|
vika |
vik |
veik |
vike |
72. 4de rekkja (jo, ju; y; au; o).
|
brjota ell. bryta |
bryt |
braut |
brote |
|
fljota " flyta |
flyt |
flaut |
flote |
|
frjosa " frysa |
frys |
fraus |
frose |
|
bjoda " by |
byd |
baud |
bode |
|
ljota |
lyt |
laut |
lote |
|
njosa " nysa |
nys |
naus |
nose |
|
njota " nyta |
nyt |
naut |
note |
|
sjoda |
syd |
saud |
sode |
|
skjota " skyta |
skyt |
skaut |
skote |
|
trjota " tryta få ende |
tryt |
traut |
trote |
|
fljuga " flyga |
flyg |
flaug |
floge |
|
krjupa " krypa |
kryp |
kraup |
krope |
|
ljuga " lyga |
lyg |
laug |
loge |
|
rjuka " ryka |
ryk |
rauk |
roke |
|
smjuga " smyga |
smyg |
smaug |
smoge |
|
strjuka " stryka |
stryk |
strauk |
stroke |
|
skuva (skyva) |
skyv |
skauv |
skove |
|
stupa |
styp |
staup |
stope |
|
gyva |
gyv |
gauv |
gove |
73. 5te rekkja (a;
e; o; a, e).
a) |
fara |
fer |
fór |
fare |
|
ala |
èl |
ol |
ale |
|
gala |
gjel |
gol |
gale |
|
grava |
grev |
grov |
grave |
|
mala |
mel |
mol |
male |
|
skava |
skjev |
skov |
skave |
|
vada |
vèd |
vod |
vade |
b) |
aka |
èk |
ok |
eke |
|
skaka |
skjek |
skok |
skjeke |
|
taka |
tek |
tok |
teke |
|
draga |
dreg |
drog |
drege |
|
gnaga |
gneg |
gnog |
gnege |
|
flå (ogso lint) |
flær |
flo |
flege |
|
klå (ogso lint) |
klær |
klo |
klege |
|
slå |
slær |
slo |
slege |
|
två |
tvær |
tvo |
tvege |
74. Uregelrette er:
|
laupa |
løyp |
ljop (laupte) |
laupe (lope) |
|
læ |
lær |
lo |
lætt |
|
stå. |
stend ell. står |
stod |
stade ell. stått |
|
sverja |
sver |
svor |
svore |
|
treda |
tred |
trod |
trade |
|
vega |
veg |
vog |
vege |
|
veksa |
veks |
voks (vaks) |
vakse |
|
veva |
vev |
vov |
vove |
75. 6te rekkja (å; æ; e; å, e).
|
blåsa |
blæs |
bles |
blåse |
|
få |
fær ell. får |
fekk |
fenge ell.fått |
|
gå (ganga) |
gjeng ell. går |
gjekk |
gjenge ell. gått |
|
gråta |
græt |
gret |
gråte |
|
halda |
held |
heldt |
halde |
|
hanga |
heng |
hekk |
hange |
|
lata |
lèt |
lét |
late |
|
låta |
læt |
let |
låte |
76. Alle linne gjerningsord fær ending i fyrrtid, og dei fleste i notid med. Etter endingane i desse tidene skil ein dei i tri rekkjor. Fyrste rekkja hev ogso vokalskifte.
77. 1ste rekkja (-; de; t).
Grunnform |
Notid |
Fyrrtid |
Tilleggsform |
|
telja |
tel |
talde |
talt |
Bjodemåte tel, ynskjemåte telje, notidstilleggsform teljande, fyrrtidstilleggsform talt (hnk. og hok. tald).
a) |
krevja |
krev |
kravde |
kravt |
|
leggja |
legg |
lagde ell. la |
lagt |
|
semja |
sem |
samde |
samt |
|
temja |
tem |
tamde |
tamt |
|
velja |
vèl |
valde |
valt |
|
verja |
vèr |
varde |
vart |
b) |
dylja |
dỳl |
dulde |
dult |
|
dynja (dundra) |
dỳn |
dunde |
dunt |
|
flytja (flytta) |
flỳt (flytter) |
flutte (flytte) |
flutt (flytt) |
|
grysja (rysja, "gyse") |
grỳs |
gruste |
grust |
|
smyrja |
smỳr |
smurde |
smurt |
|
spyrja |
spør |
spurde |
spurt |
|
stydja |
stỳd |
studde |
studt |
|
symja |
sỳm |
sumde |
sumt |
|
yrja ("vrimle") |
ỳr |
urde |
urt |
c) |
setja |
set |
sette |
sett |
|
selja |
sel |
selde |
selt |
|
skilja |
skil |
skilde |
skilt |
|
skylja |
skyl |
skylde |
skylt |
78. Nokre ord som endar med rotvokalen høyrer og helst til denne rekkja:
|
bu |
bur |
budde |
butt |
|
gå (verta var) |
går |
gådde |
gått |
|
tru |
trur |
trudde |
trutt |
Fleire: fli, fly, gro, nå, ro, sy, så, té (syna), trå.
79. 2dre rekkja (er; de, te; t).
|
døma |
dømer |
dømde |
dømt |
Bjodemåte døm, ynskjemåte døme, notidstilleggsform dømande, fyrrtidstilleggsf. dømt (hnk. og hok. dømd).
|
fløyma |
fløymer |
fløymde |
fløymt |
|
drøyma |
drøymer |
drøymde |
drøymt |
|
sprengja |
sprengjer |
sprengde |
sprengt |
|
styrkja |
styrkjer |
styrkte |
styrkt |
|
lysa |
lyser |
lyste |
lyst |
Soleis: festa, frøsa, hysa, kvessa,
missa, røma, strøyma, tøma o. fl.
80. Det er ogso nokre ord av denne rekkja som skifter sjølvljod:
|
gjera |
gjerer (gjer) |
gjorde |
gjort |
|
tykkja |
tykkjer |
totte (tykte) |
tott (tykt) |
|
rekkja |
rekkjer |
rakte |
rakt |
|
tekkja |
tekkjer |
takte |
takt |
|
vekkja |
vekkjer |
vakte (vekte) |
vakt (vekt) |
|
tegja |
tegjer |
tagde |
tagt |
|
segja |
segjer |
sagde ell. sa |
sagt |
81. 3dje rekkja (ar;
a; a).
|
kasta |
kastar |
kasta |
kasta |
Bjodemåte kasta, ynskjemåte kaste, notilleggsform kastande, fyrrtidstilleggsform kasta.
|
rulla |
rullar |
rulla |
rulla |
|
sola |
solar |
sola |
sola |
|
takka |
takkar |
takka |
takka |
|
vitna |
vitnar |
vitna |
vitna |
|
studera |
studerar |
studera (studerte) |
studera (studert) |
Soleis går dei fleste gjerningsord.
Merk: bjodemåten er lik nemnemåten i denne rekkja. Det heiter kasta steinen! Elles ogso: kast steinen!
82. Uregelrette gjerningsord.
|
ausa |
øys |
auste |
aust |
|
eiga |
eig |
åtte |
ått |
|
hava ell. ha |
hev ell. har |
hadde |
havt |
|
kunna |
kann |
kunde |
kunna |
|
skula (sku) |
skal |
skulde |
(skula) |
|
turva |
tarv |
turvte |
turvt |
|
valda |
veld |
volde |
valde (ogso lint) |
|
vilja |
vil |
vilde |
vilja |
|
vita |
veit |
visste |
visst |
83. Refleksivformene hev st til dei aktive. Eks.:
a) |
finnast |
finst |
fanst |
funnest |
|
trivast |
trivst |
treivst |
trivest |
|
dragast |
dregst |
drogst |
dregest |
b) |
spyrjast |
spørst |
spurdest |
spurst |
|
venjast |
venst |
vandest |
vanst |
c) |
blygjast |
blygjest |
blygdest |
blygst |
|
synast |
synest |
syntest |
synst |
d) |
dagast |
dagast |
dagast |
dagast |
|
ottast |
ottast |
ottast |
ottast |
84. Heil bøygjemynster.
Aktiv (gjereform).
Notid (ind. præs.) |
skyt, dømer. |
Fyrrtid (imperf.) |
skaut, dømde. |
Ferdig notid (perf.) |
hev skote, dømt. |
Ferdig fyrrtid (pluskvamperf..) |
hadde skote, dømt. |
Framtid (fut. simpl.) |
vil (skal) skjota, døma. |
Ferdig framtid (fut. eksakt.) |
vil (skal) ha skote, dømt. |
Ynskjem. (konj. præs.) |
skjote, døme[1]. |
Bjodem. (imperativ) |
skjot, døm. |
Grunnform notid (inf. præs.) |
skjota, døma. |
— ferdig notid (inf. perf.) |
ha skote, dømt. |
— framtid (inf. fut.) |
vilja (sku) skjota, døma. |
Notidstilleggsf. (præs. part.) |
skjotande, dømande. |
Passiv (lideform).
Notid |
vert skoten |
(i, e; ne), dømd (t; e). |
|
|
|
Fyrrtid |
vart skoten |
— dømd — |
Ferdig notid |
er skoten |
— dømd — |
Ferdig fyrrtid |
var skoten |
— dømd — |
Framtid |
vil (skal) verta skoten |
— dømd — |
Ferdig framtid |
vil (skal) vera skoten |
— dømd — |
Ynskjem. |
verte skoten |
— dømd — |
Grunnform notid |
verta skoten |
— dømd — |
— ferdig notid |
vera skoten |
— dømd — |
— framtid |
vilja (sku) |
|
|
verta skoten |
— dømd — |
Fyrrtidstilleggsf. |
skoten |
|
85. Mange av adverbi hev samanlikningsformer. Sjå um tilleggsordi st. 44, 45.
Elles vert dei ikkje bøygde.
Dei fleste fær are og aste til ending i høgre- og høgstegrad:
|
vida |
vidare |
vidaste |
|
seint |
seinare |
seinaste |
|
makleg |
maklegare |
maklegaste |
Nokre endar med r (ell. er, ar, re) i høgregrad og st i høgstegrad. Eks.:
|
lenge |
} |
lenger |
} |
lengst |
|
tungt |
|
tyngre |
|
tyngst |
|
(inn, inne) |
|
innar |
|
inst (innarst) |
|
(ut, ute) |
|
utar |
|
ytst |
Betre, best; verre, verst; minder, minst; heller, helst; meir, mest; (nørdre), nørdst; (syndre ell. søre), synst; nedre, nedst. Fyrst; fremst; øvst; sist.