Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Bokmål eller nynorsk?

Av Thoralf Bergwitz

Bokmålsformannen Steinar Øksengård skriv entusiastisk for ivaretaking av det eine av dei tvo riksmåli som offisielt er i bruk her i landet – ”Bokmålet”.

Dette målet – ”bokmålet” det er i bruk av berre 90 % av folket i landet, og det er alt for lite, meiner tydelegvis dei som er med i Bokmålsforbundet. Etter det me skynar Steinar Øksengård av, so burde nynorsk upplæringsmål ikkje hava eksistensrett i det norske skuleverket. Han fører faktisk ”prov” for at dei norske dialektane er godt ivaretekne med bokmålet som upplæringsmål i skulen. Og nettupp fordi at det er so fåe som nyttar seg av tilbodet um nynorsk som upplæringsmål – so finst det eit forbund – ”Bokmålsforbundet” – som hev som fyremål – å rydja ut det litle som enno er att av slike tilbod !

Det dreier seg um ei minoritetsgruppe som ser det som ei verdfull uppgåve å verne um å ivaretaka dei restane av det norske skriftmålet – endå um denne gruppa tel berre 10% av folket i landet. Men ikkje ein gong desse tie prosentane skal hava lov til å eksistere som nynorskskrivande !? Det dreier seg um overføringer på ”tre-sifrede millonbeløp” å halde denne minoritetsgruppa i live! Og det er – skynar me – heilt forkasteleg, etter det bokmålsformannen hevdar.

Kva då med t.d. samekulturen ? Kva kostar det oss å halde den i hevd ? Er bokmålsforbudet ein like aktiv forkjempar for å utslette denne kulturen ?

Når det gjeld ivaretaking av dialektane, so hev Agderposten sloppe til eit par innlegg um ”ærendalsdialekten”. Dette må segjast å vera sers prisverdigt – serleg sett på bakgrunn av ein sers krenkjande uthenging av av eit skriftmål som – faktisk høver som hand i handske – med talemålet i dei indre bygder der Agderposten hev sitt nedslagsfelt – som Agderposten presterte å gjera - for stutt tid sidan.

Desse tvo innleggi som eg siktar til – ”Ei evntyrleg historie – om ærendalsk” – 5.februar og i dag 10. Februar, 2003.02.10 ”Farvel, ærendalske dialekt ?”

Båe innleggi råkar narreskapen midt i blinken.

Narreskap kann me praktisere med so mangt, men det enklaste og næraste å gripe til for å gjera seg til lått og løgje – det er talemålet. Me nordmenn (og nordkvinner) er so heldige (?) at me hev ei serskilt historie – ei historie som er som laga til nett dette fyremålet – å gjera oss til narrar – for både kvarandre – og for andre.

Dømi med ”ærendalsdialekten” gjev eit so klårt bilæte av det som skjer – det som hev utspela seg gjenom heile soga vår frå på trettan hundradtalet – då dronning Margrete gjorde sitt inntog i landet. Etter den tid tok nordmenn til å apa etter både kongehus og danske embetsmenn – og smått um senn – det gjekk ikkje so snøgt i dei dagar – etter de me kann skyne – so tok og nordmenn til å skrive – og då måtte dei skrive på det målet som kongehuset og embetsstanden skyna. Nordmenn vart – på det viset – på ei vis – noko lik dei store og megtige i landet – og umsider tok nordmenn til å eta kirseber med dei store – dei tok til med å tala dansk. Men dansk mål høvde ikkje for norsk tunge, so det vart berre knot. Dette hev ikkje nordmenn slutta med å freista å gjera enno.

Etter kvart vart knotet etabert som eit serskilt mål. Det fekk heidersnavnet ”NORSK” medan det norske målet fekk nemningen ”NYNORSK!” I dag lærer difor norske skuleelevar NORSK som hovudmål og ”nynorsk” som sidemål – på same vis som um det var eit framandmål – jamført med t.d. engelsk.

Dei nynorskbrukande nordmenn minner oss stendigt um upphavet vårt – og kven me - i realiteten er. Det gjev oss eit visst samvitsnag for at me sviktar vår eigen identitet. Det er veldig sårande. Me må difor sjå til å kneble dei som driv med den slags. Det er visseleg den fremste årsaki til at det norske folket – 90% (?) må ”bekjempe” nynorskupplæringi i landet.

Sumt teiknar i retning av at det skal lukkast å rydde ut det litle som er att av det norske målet i Noreg. Då kann me syngje i kor : ”Seieren er vår, vi har vinni , seieren er vår” Det er typisk NORSK !


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!