Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Den underjordiske krigen

Av Jan Hårstad

Ronen Bergman:
The secret war with Iran
Free Press,
New York,
2008

Ei vanleg uppfatning innan vestleg kultur er at det er utanriksdepartementi som driv med utanrikspolitikk, men ei nøgnare etterrøkjing av budsjett og den slags syner at dei ulike njosnartenestone (etterretningstenestone) hev eit langt høgare budsjett og breidare plass i statsmaskineriet.

No hev det då kome ei bok av israelaren Ronen Bergman som heiter The Secret War with Iran (Free Press 2008) som eg ikkje vil drjuga meg med å kalla eit storverk som kvar og ein som er seriøst forviten etter å skyna verdi av i dag bør lesa. Eg hev vandslegt for å tenkja meg eit bokverk med fleire lyklar og kodar inn til samtidi.

Boki gjer greida for den store krigen som hev gjenge fyre seg millom Khomeini/Iran frå 1979 og Israel og andre vestlege land fram til i dag, der Iran trugar – ikkje berre USA og Israel – men jamvel Frankrike og England - med regelrett krig. Men det var altso ein krig som vart ukjempa i myrkret med njosningsagenter, og når Bergman - som hev vore kringum i heile verdi og tala med njosnings-sjefar - legg alle korti og hendingane på bordet, fær me ei sterk kjensla av kor uvitande ein er. Det er mest ikkje grensor for kor mange folk som er vortne burtførde, drepne, forgifta, skotne, råka ut for trafikkulukkor med fly og bilar i ein krig som eg skulde tru nordmenner ikkje hev det minste hugsviv um. Serskilt ikkje nordmenner som hev den akilleshælen at dei er godtruande og litt naive.

Men ikkje berre folk flest. 18 august o6 rykkte dei arabiske ekspertane på Blindern ut i Dagbladet og karakteriserte Hizballah som ei ”militsgruppa”. Vel, etter å ha lese Bergman sine utgreidingar fær me helder tokken av at Hizballah er Iran sin underjordiske reidskap for å driva verdspolitikk. Hizballah er eit apparat som finst yveralt i verdi der det finst shiamuslimar og militant islam, jamvel inne i land som USA og Noreg.

Via fransk njosning bringar Bergman ei fråsegn frå Hassan Abbassi, ein av leidarane i iranske Revolusjonsgarden, frå eit løyndemøte kring 2006:

”Me hev identifisera 29 sensitive mål i Vesten og gjenomført spaning av desse med fyremålet å bomba deim. Målsetnaden vår er at dei 6000 kjernefysiske stridshovudi USA sit med, skal eksplodera inne i USA. Me hev kartlagt veike punkt og gjeve informasjon um desse til geriljaorganisasjonene og me arbeider gjenom desse. Me hev jamvel sett upp eit eige departement for England og diskusjonen um å styrta regimet stend på dagsorden. Dessutan er me aktive millom mexicanarar,argentinarar og hjå kvar og ein som hev eit problem med USA.”

Korleis Iran/Hizballah les stoda i oktober 2006 uttrykkjer leidaren av al-Quds-styrkane, Qassam Sulimani,slik:

”Etter at Hizballah sigra i Libanon (sumaren 2006) hev det vakse fram eit nytt Midausten, ikkje eit amerikansk Midausten, men eit islamsk. Parallelt med daningi av Jihad-gruppor i Palestina, hev ein shiaorganisasjon med navnet Hizballah lukkast i å eksportera til Palestina ein modell for dei truande sin måte å liva på. Hizballah hev spela ei sentral rolla i å skipa um palestinarane sine steinar til rakettar.”

Dette fær berre vera nokre smakebitar frå denne boki som eg trur ikkje er til å koma i frå når den komande samanstøyten millom Iran/Syria/Hizballah/Hamas på eine sida og USA/England/Israel på hi, faldar seg ut til open krig.

Ronen Bergman hev gjort greida for den løynde krigen som gøymer seg framfyre den opne, og det er skræmelegt å uppdaga kor lite ein veit. Dette er boki som du lyt lesa.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!