Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Tvo museum i vestfoldbyen Horten

Av Lars Bjarne Marøy

Når ein tek seg nedyver langs vestsida av Oslofjorden ser ein snøgt at dette er sjølve hovudkvarteret for Oslofolk som vil feriera nær sjøen. Båthamnene, seglbåtane og badeplassane som vert refererte på reiseradioen ligg tett i tett frå Sjølyst og til Tjøme.

Vestfoldbyane er generelt sett lette å knyta til sjøferdsla. Kjende reidarar som Anders Jahre og Willhelmsen-reidarlaget hev upphavet sitt i Sandefjord og Tønsberg. Tønsberg var faktisk burtimot størst i landet når det galdt båtar og båtbyggjing ein periode på 1800-talet, kring 1840. Å tevla med Oslo og Bergen er ein liten prestasjon for ein by som jamvel i dag ikkje hev meir enn kring 30 000 innbyggjarar. Sandefjord er heller ingen storby, men vart like fullt hovudkvarteret for kvalfangsten i Noreg.

I Tønsberg ligg det eit sjøfartsmuseum som vert drive av idealistiske sjømenn. Sjømannsforeiningi i byen er store i eigedomsbransjen. Dei sit samla sett med eigedomar som er verdt kring 20 millionar. Itillegg er dei ein drivande dugnadsgjeng som held utstellingar i museet i beste orden. Her kann ein sjå utstellingar som fær fram korleis det var å vera sjømann til ulike tider. Både interiøret i båtane, sjølve båtane og annan historikk rundt livet til sjømennene vert trekt fram.

Ikkje langt frå Tønsberg, umlag 30 minuttar undan ligg Horten. Horten er ein interessant by. Den ligg nært Oslo, men litt kronglute til for ålmenn ferdsla. Ein må til Skoppum litt utanfor sentrum for å koma seg inn på Vestfoldbanen eller ein kann reisa yver Tønsberg. Frå Skoppum køyrer Vestfoldbanen um Drammen fyre ein kjem inn til Oslo. På veg mot Drammen køyrer ein innum idyllisk Holmestrand med flott utsikt til sjøen. Her var det Olav Duun slo seg ned og var lærar. Heimen hans hev vorte museum, og det vert halde årlege Duun-stemnor kvart år.

Men Horten er definitivt ein spennande stad å stogga. Um ein startar i sentrum kann ein få seg ein fin spassertur gjenom den sokalla lystlunden, der det er vakre tre, ei elv og mange grøntanlegg og fotballbanor. Når ein hev passert denne lunden kjem ein til dei mange militære byggi på Karljohansvern. Murbygningane her saman med trei og sjøen utanfyre gjev heile utsida eit fagert preg.

Det er naturleg å stogga ved Marinemuseet. Bergen hev sitt sjøfartsmuseum og Oslo hev forsvarsmuseet og det nasjonale sjøfartsmuseet, men ein må merkeleg nok altso til Horten for å finna Marinemuseet. Det heng nok saman med at Karl Johan alt i 1818 fekk gjenomslag for at det skulde verta eit sjøfartsforsvarsverk her, namnet Karljohansvern kjem seg av det. Det var visseleg naturleg å ha eit hovudkvarter nær Oslo og ikkje alt for langt undan svensk territorium. Det tek faktisk ikkje meir enn 34 minuttar å taka ferja yver frå Horten til Moss. For dei som kann soga, er det greidt å vita at det var i Moss Karl Johans menn førde dryftingane med nordmennene i 1814. Det vilde likeins vera naturleg for Karl Johan å ha sjøstridskrefter innanfor stutt avstand til Øresund og København. På same tid som at Horten ikkje ligg langt undan den norske sørlandskysten der Kristiansand hadde spela ei sentral rolla under napoleonskrigane, noko krigaren Karl Johan og støttespelarane hans visseleg hadde med i reknestykkjet.

Marinemuseet i Horten hevdar at det er rekna for å vera det eldste marinemuseet i verdi. Det vart skipa av styremaktene i 1853. Andre land hadde ikkje opne samlingar for folk, hevdar museet.Kommandør kaptein Klinck donerte ei samling av marinehistoriske objekt. Han hadde samla saman ein del då han var til sjøs under napoleonskrigane 1807 til 1814 og elles under ulike reiser. Han hadde òg fenge kollegaer til å taka med seg ulike ting frå heile verdi.

Utstellingane på museet i dag viser eit breidt spekter av utrustningane på eit skipsfarty gjenom tidene. Det finst våpentypar, lækjarkontor, apotek og ikkje minst mange utsmykkingsstatuar frå båtar, skipsmodellar og all slags inventar frå ulike båtar. Det er òg laga fleire utstellingar um viktige sjøfartshistoriske hendingar som til dømes den skånske krig, den store nordiske krig og Napoleonskrigane.

Seglskipi var alltid ynda motiv for målarane. Det finst soleis mange målarstykkje av ulike skip. Utanfor museet finn ein ein torpedobåt frå 1872 og tyske einmannsubåtar frå 2. verdskrigen.

Like ved Marinemuseet ligg Noregs fyrste fotomuseum. Dette er verkeleg noko nytt og sermerkt. Her finn ein ei fast utstelling um fotografiet og fotokunsten si soga. Dinest er det vandreutstellingar.

Museet hev til mål å by på upplevingar frå dei tidlegaste tekniske og vitskaplege eksperimenti og upp til dagsens fotokunst som sprengjer alle grensor for kva eit fotografi kann vera. Eit nasjonalt senter i tilknyting til museet skal vera senter for fotokonservering og tilby spisskompetanse på handsaming og konservering av fotografisk materiale.

Vandreutstellingi fram til september i fjor var ei samtidsutstelling knytt til Ray K. Metzker. Metzker vart fødd i 1931 i Milwaukee (Wisconsin, USA). Han utdana seg ved institute og Design i Chicago frå 1956 til 1959. Dette var den leidande skulen som få år tidlegare hadde namnet New Bauhaus. Metzker vert knytt til avantgardefotografiet som uppstod i Euopa på 1920-talet. Han hadde lærarar og inspiratørar som Aaron Siskind 1903-1991 og Harry Callahan 1912-1999.

Metzker vert rekna som ein av dei store virtuosane i amerikansk fotografi. I femti år hev han skapa fotografi med ein sjeldsynt intensitet. Han hev ei evna til å uppfatta umgjevnadene rundt seg på ein årvaken måte. Det hev inspirert han til å skapa nye bilete som lever utan umsyn til den tidi og den staden dei er uppstadne i.

Det finst mange faguttrykk for kva Metzker hev gjort med bileti sine. Ein snakkar um komposittar, fleireksponeringar, samankoplingar av negativ, spegelvending av motiv, solarisering og andre formale eksperiment hev vore ein del av Metzkers vokabular. For ein amatør er det uråd å få serleg mykje ut av desse ordi, men med kunnige umvisarar og nærstudium av bileti til Metzker, er det ei sann gleda å kunna studera korleis fotoi hev vorte til. Det er elles merkeleg lite um moderne photoshopmanipulering.

Eit av dei fyrste biletei som vart manipulerte i Noreg var nok biletet av politisjef Willy Haugli med øyredobb og skinjakke. Det vart ein sterk illustrasjon. sidan det var plent det motsette av det folk kunde tenkja seg var mogleg midt i gatekampane millom Blitz og Oslo-politiet. Resten av historikk hev me nok litt i bakhovudet nokon kvar av oss, men det skulde ha vore moro å få meir kjennskap til denne voksteren.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!