Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fransk metal

Av Olav Torheim

Lyda nøgje etter, for eg segjer dette berre ein gong, som det heiter i den kjende TV-serien. Det eg tenkte å gjeva dykk Maalmannen-lesarane litt innside-informasjon um no, er nokre lokale metalband frå Alsace/Lorraine i Frankrike som eg trur hev gode utsikter til aa naa langt.

Fyst ute er bandet Sekmeth, som såg dagsens ljos i 2001 og som i år hev gjeve ut demoen "An oppressive day". Bandet spelar daudmetall og dei hev jamvel tvo vokalistar som sekunderar einannan, den eine med skriking og den andre med reine vokalar. Fyrste gongen eg höyrde dei so forstod eg ikkje heilt kva han som song rein vokal hadde der aa gjera, men etter nokre gjenomhöyringar so fungerar det. I den eine augneblinken so lyder det mest som den finske daudmetallgruppa Children Of Bodom, i det neste roar dei ned og reinvokalisten yver tek i same stil som eit anna finsk band, mjukmetalbandet Sentenced.

Um du er forviten so kann du klikka deg inn paa Myspace-sida der, som du finn på http://www.myspace.com/sekmethband.

Den neste gruppa eg vil nemna er daudmetallbandet, eller rettare sagt ekstremmetalbandet, Agon. Fyrste gongen eg høyrde Agon var på ein konsert på Molodoi i Strasbourg, og eg må segja det at det gav meg litt av den same kjensla som då eg høyrde Cannibal Corpse for fyrste gongen som 15-åring. Og eg var nok ikkje den einaste som upplivde det slik, for publikum vart berre heilt ville og stemningi tok fullstendig av.

Medlemene i Agon er frå Mulhouse og gruppa vart skipa i 2002. Som eg allereide hev nemnt so spelar dei einfeld og endefram daudmetall av same amerikanske merke som Cannibal Corpse og Napalm Death, og i år sleppte dei endeleg debutskiva “Violence Procreation”. Du kann vitja gruppa på Myspace-sida http://www.myspace.com/agondeath.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!