Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Drammen - innlandsby med sjøfartshistorie

Av Lars Bjarne Marøy

Drammen er sangens og sommerens by
men minner den litt om Florens
er halve æren for dette ry
Bragernesåsens og fjordens
(Herman Wildenwey)

Ukunnige folk ser fyre seg Drammen som ein stygg forstadsby til Oslo. Dei assosierar gjerne byen med litt enkle og yverflatlege menneske som legg mest vekt på det praktiske, jordnære og folkelege. Drammens vassdraget hadde eit dårleg rykte på seg minst frå 1970-talet og framyver mot 1990-talet. Det var ureina og lite byvore og eigna seg ikkje so godt for friluftsliv og rekreasjon. Det var iallfall eit slags bilete som vart skapa av byen og som ser ut til å vera nokso fastfrose millom dei som berre kjenner byen umveges og hev dana seg fordomar um den røynlege stoda.

Det er lett å gløyma at innlandsbyen Drammen er ein elveby og ein internasjonal skipsfartsby med lange tradisjonar. Sant og segja må dette vera ein av dei mest allsiduge sjøfartsbyar ein kann tenkja seg. Lenge fyre Panama-kanalen vart opna fylgde folk frå Drammen i den kjende sjøfararen Magellans fotspor, han som hev fenge Magellanstretet uppkalla etter seg. Ikkje berre runda dei Kapp Horn, men dei kom seg heilt upp til vestkysten av det som i dag er Sambandsstatane. Det var på den tidi då Spania og Russland sovidt hadde byrja å verta utfordra på å kunna møtast i tevling um nytt land på den sida av Sambandsstatane.

Drammensvassdraget kann knytast saman med alt frå Tyrifjorden til Horten og den norske kyststripa. Det glupe med Drammenselvi er at den let seg nytta av store båtar. Der Glomma kjem til kort er Drammenselvi djup og breid. Det er ikkje rart at både hollendarar og engelskmenn såg seg tente med å koma til Drammen for å henta timber.

Drammen hadde alt frå gruvone ved Kongsberg til Blåfargeverket ved Hokksund til den reine skipsferdsla og timberet å byggja på. Byen vart kort og godt allsidig både som klassisk innlandsby og som ein litt utypisk sjøfartsby. Avstanden til Horten var snøggast når ein skulde ut på havet, samstundes var det ikkje altfor langt å koma seg inn til Oslo. Kombinasjonen av alle desse faktorane og fleire gjer Drammen til noko allsidugt og utettervendt.

Det var her nye impulsar fyrst vart fanga upp av so ulike personlegdomar som Åsmund Olavson Vinje som skreiv i Drammens Tidende frå 1851 til 1859, Markus Trane som starta ei folkerørsla og Per Sivle den nasjonale diktaren som rørde eit heilt folk med vossastubbar, historiske dikt og ikkje minst med den takande historiske samtidsromanen Streik, ein roman som vekte åtgaum og som vart lesen av mange i Drammen som ei påmming og ein kveik etter storstreiken i 1881. Ikkje berre dei ovanfor kann nemnast. Hermann Wildenwey må trekkjast fram og Betsty kjeldsberg. Drammen samla og upp idrottsutøvarane frå ulike kantar av Buskerud. Mange vil kjenna Sten Stensen, Johan Olav Koss, Thorleif Haug og fleire.

Byens defintive utsiktspunkt er toppen som ligg over den sokalla spiralen. Gjenom ein biltunnel av dei sermerkte kjem ein upp til eit framifrå panorama yver Drammen. Her kann ein sjå mot Mjøndalen og Hokksund. Og dei som vil kann spassera eller springa rundt i naturfagre umgjevnader eller taka seg ein kopp kaffi på attraksjonskaffeen som ber namnet Spiralen.

Det er elles òg ein nydeleg spasserveg langs elvi like frå jarnvegsstasjonen og frametter. Dei siste tiåri hev handelsstanden og kommunen bygt ut og gjort byen mykje trivelegare for reine lysturar i sumartidi. Serleg storfeldt er bylivet under den sokalla elvefestivalen. Då er det båtrace på elvi. Det ligg gondolar ved elvbreiddi, folk kjem inn med småbåtar legg til kai og kosar seg. Det er konsertar, nattope og mynstring frå heile kulturlivet i byen. Då er det vanskeleg å segja anna enn at Drammen er vel so idyllisk som ein sørlandsby.

Med kvart som tomteprisane stig i Asker og folk vil bu nært Oslo, vil Drammen kunna tilby eit byvore og spanande kringvære for ulike typar menneske, so langt til nokso gunstige prisar samanlikna med i Oslo og næraste umkrins. Byen hev både ein lang historikk yver fleire hundreår og gjenge gjenom ei sers vellukka uppgradering både av bymiljø, natur og tilrettelegjing for turistar og fylling av sentrumsfunksjonar for heile Buskerud.

Drammens museum er eit sersyn. Her kann ein sjå lystgardar frå slutten av 1700-talet då Drammen hadde ei stordomstid til liks med andre norske sjøfartsbyar som kunde profitera på å frakta varor i krigstid, medan tvillingriki var nøytrale. På grunn av den allsiduge næringsstrukturen i Drammen var det sume borgarar som slapp undan å gjera dei busliti som so mange norske handelsmenn gjorde etter og i samband med Napoleonskrigane. Men Drammen var avhengig av handelen med Storbritannia og den britiske blokaden og seinare prioritering av Canadisk timber slo inn her òg.

Den av dei nolevande poetane som er mest glad i Drammen må vera Kjell Erik Vindtorn (fødd 31. juli 1942 i Drammen). Han er ein norsk lyrikar og artist. Han er ofte omtalt som Noregs einaste store surrealistiske diktar.

Han debuterte i 1970 med samlingi Sentrifuge. Vindtorn er òg kjend utanfor Noregs grensor og hev hausta applaus for diktopplesingane sine i Mexico, USA og Japan. I Tyskland er dikti hans utgjevne på plata. Vindtorn hev gjeve ut nærare 30 diktsamlingar sidan debuten i 1970. På 1980-tallet var han med på å starta gruppa stuntpoetane. Han bryt gjerne med vanlege språklege reglar, slik at dikti av og til kan verke «meningslause». Ofte bruker han viltre ordspel, ikjøting av livlause ting og personifisering av abstrakte umgrep.

Vindtorn hev saman med fotografen Devegg Ruud gjeve ut boki Drammen i 4 temperaturar. Her kjem Vindtorn med mange strålande observasjonar av byen, og Ruud syner fotografering med stor observasjonsgleda. Det er verkeleg tvo bykjennarar som gjev seg i kast med å skildra byen både for innfødde og for andre interesserte.

Innleidingsdiktet “Vårcollage” segjer mykje um Vindtorns leik med ord. Eg tek med fyrste strofa:

bildene av byen samler seg på netthinnene hver dag, alle inntrykk vi bære i posene gjennom årene, alle vekslende stills og fargekorn som byfilmen kjører, for oss tilskuerne gjennom døgnet og årenes sceneskift, alle våre egne opplevelser gjennom gatene og over broene, natt og dag under fargebildenes utallige himler…

Det er ordrike diktarar som kjem frå Drammen. Wildenwey var som Vindtorn ein språkmeister. Både med dikt som krev konsentrasjon og innlevingsevna. Umvendt var det nok med Vinje. Etter det forskarane meiner var Oslo-reportasjane til Vinje med på å gjera avisspråket enklare og klårarare. Drammen er kor som er ein by som hev rom for det meste og gjerne det uventa. Difor var det at impulsane frå 1848-revolusjonen kunde nå drammensaren Marcus Thrane fyre andre nordmenn hadde tenkt på uppreistar. Tidleg ute var òg Bestsy kjeldsberg som arbeidde for kvinnesaki. Og i dag når altso Vindtorn fram so langt burte som i Mexico. Drammensarane er ikkje berre lokalpatriotar, men internasjonalt orienterte. Det er som med bergensarane. Når bergensarane vert uppfatta som litt brautande og enkle, so er det av di dei er vane til å kom i kontakt med folk. Det er sanneleg drammensarane òg.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!