Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Antidiskrimineringslov med nye framvegar for høgnorskrørsla?

Av Olav Torheim

Eg hadde eigenleg tenkt å skriva eit innlegg der eg kritiserte sterkt den nye antidiskrimineringslovi (Lov om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv.), som vart vedteki av det norske Stortinget den 19. april 2005, og som av den amerikanske skribenten Bruce Bawer er vorti karakterisert som “Noregs nye dhimmi-lov”. I denne lovi opererar ein med umvende provføringskrav med di det heiter at det er han som vert skulda for diskriminering som sjølv må prova at han ikkje diskriminerar. Nyleg gjorde til dømes Likestillings- og diskrimineringsnemnda vedtak um at ein utanlandsk familie som var på bustadjakt hadde vorte diskriminerte. Familien hadde gjeve det høgste bodet på eit hus som var til sals, men huseigaren selde huset til dei som kom med det næst høgaste bodet - av di desse var greide folk som han hadde fenge eit godt inntrykk av under salsprosessen. Diskriminering, segjer jamstellingsnemndi, som med det slær fast at det ikkje lenger er avtalefridom her i landet.

Men so kom eg til å sjå litt nærare på lovteksti, og kva er det dei skriv? Jau, millom anna at "[l]ovens formål er å fremme likestilling, sikre like muligheter og rettigheter og å hindre diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge, språk, religion og livssyn". Og vidare at "[m]ed trakassering menes handlinger, unnlatelser eller ytringer som virker eller har til formål å virke krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende eller ydmykende." Og til slutt at "[h]vis det foreligger omstendigheter som gir grunn til å tro at det har funnet sted brudd på bestemmelsene i §§ 4, 5, 6, 7 eller 9, skal det legges til grunn at brudd har funnet sted, hvis ikke den som er ansvarlig for handlingen, unnlatelsen eller ytringen sannsynliggjør at det likevel ikke har funnet sted slikt brudd".

So aldri so gale at det ikkje er godt for noko? Ut frå denne nye antidiskrimineringslovi burde det i alle fall vera klårt at me høgnorskarar, ein språkleg minoritet som er i klemma millom bokmålsveldet på den eine sida og medvitslause nynorskbrukarar på den andre, hev eit sterkare antidiskrimineringsvern enn nokon gong (dette med minoritet er viktugt, folk som høyrer til majoriteten kann aldri verta diskrimerte, måvita). Frå no av er det kritikarar av høgnorsken og høgnorsksynet som sjølve hev andsvaret for å kunna sannsynleggjera at ytringane deira ikkje verkar eller hev til fyremål å verka skræmande eller fiendslege andsynes oss høgnorskarar. Og sidan det sjølvsagt ikkje eksisterar eit einaste vitugt argument mot høgnorsk, men einast fordomar og vankunna, er det likt til at høgnorskrørsla for framtidi kjem til å få ei jamn og trygg inntektskjelda - med pengar som høgnorskkrenkjarane lyt ut med i uppreisning. Det verste kritikarane våre kann gjera frå no av er å halda kjeft.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!