Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Kvinnor i kamp

Av Frank Ohrich

Striden millom Brunhilde og Fredegunde burde vera godt materiale til ein millomaldersk såpeserie. Dei tvo kvinnfolki slost mot kvarandre med alle moglege metodar – utpressing, kidnapping, tortur og giftmord - i mest 40 år (575 til 613), og konflikten medverka til den endelege undergangen åt det frankiske merowinger-dynastiet.

Frankarriket var på denne tidi kløyvt millom tri brør. I aust styrde Sigibert, som gifte seg med den vestgotiske prinsessa Brynhilde, og i vest styrde kong Chilperich, som gifte seg med syster hennar Brynhilde. Chilperich vilde kor som er ikkje kvitta seg med den gamle elskarinna si, den raudhåra bondegjenta Fredegunde, og då kona truga med å gå frå honom, tok han likso godt og strypte henne. Dinæst gifte han seg med Fredegunde.

Giftarmålet med Fredegunde vart startskotet til den blodige striden. Brynhild vilde ha hemn for dråpet på systeri og fekk Sigibert til å gå til krig mot bror sin. Fredegunde svara med å senda tvo snikmordarar til Sigibert, og desse stakk honom ned med kvar sin kniv. Brynhilde hamna no i fangenskap hjå den vonde versyster si, men til all lukka greidde ho å smugla ut den fem år gamle sonen sin, og seinare greidde ho sjølv å stikka av. Etter dette regjerte Brynhild landet sitt på vegner av den mindreårige sonen sin – og etter at den unge tronarvingen, ukjent av kva slags grunn, kom til å lida ein altfor tidleg død – styrde ho vidare på vegner av versønene sine.

I millomtidi hadde Fredegunde gjort seg eit namn som massemordar. Saman med Chilperich let ho dusintals motstandarar verta torturerte, brende, forgifta og lemlesta. Til slutt byrja ho jamvel å gjera det av med sin eigen familie. Då ein av styksønene våga seg til å gifta seg med Brynhilde, tok ho likso godt livet av dei alle i hop. Og likeins gjekk det med husbonden sjølv, etter at ho fekk nyss um at han hadde funne seg ei elskarinna.

Endå um helsa var byrja å skranta, arbeidde Fredegunde vidare mot eitt mål: Å få teke Brynhilde av dage. Og det var den yngste sonen hennar, Clothar, som til slutt skulde syta for at ynsket hennar vart uppfylt.

Til å byrja med var det uråd for Clothar å vinna yver dei tri styksønene hennar Brynhilde, men diverre gjorde Brynhilde sitt livs mistak då ho egla brørne upp til krig imot einannan. Mannefallet på båe sidor var stort, og det enda med at alle styksønene let livet.

Som ein siste utveg freista Brynhilde å setja det ti år gamle stykbarnebarnet på truna, men det vara ikkje lenge fyre den 70 år gamle prinsessa laut sanna at spelet var slutt. Då Clothar endeleg tok henne til fange, let han henne fyrst verta slept i tri dagar etter ein kamel. Dinæst vart ho knytt fast med hår, hovud og føter til fem ville hestar og sliti sund.

Um du vil vita meir um kva soga fortel um dei tvo striduge kvinnfolki, kann du lesa meir um dei i den eldre eddaen eller i Niebelungenlied. Brynhild og Kriemhild heiter dei der.

Kjeldor

Teja Fiedler, Marc Goergen, “Die Geschichte der Deutschen”, DTV, 2008.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!