Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Er det skamfullt å vera norsk nordmann?

Av Thoralf Bergwitz

Spursmålet er stelt på ei onnor vis - og i ei onnor språkdrakt - i Arendals Tidende for 10. januar 2007.

Det som vert påtala i innlegget, er det vandslegt å vera usamd i. Det tykkjest vera noko som vantar i vanleg høvisk framferd når nye landsmenner - frå andre kulturar - stend fram i media og skal lære oss korleis me skal ordleggje oss, og kva me skal leggje i ordi og utsegnine våre. Ja, endåtil skal dei avgjera kva me skal meina med det me er vane med å segja og å meina i dei høve som me aldri hev meint noko nedsetjande med ordi våre. Ein mogleg kritikk av ordbruk hjå nordmenn reint ålment, måtte vera sers varsam - og langt frå i den tonen som me var vitne til i fjernsynsprogrammet som det delvis var synt til.

Men - men - kven er det som ikkje sit i glashus av sokalla norske nordmenn?

Og kven er det ikkje - av "norske nordmenner" - som ikkje hev drivi - og framleis driv - eit mykje sterkare yvergrep mot den og dei som freistar å vera ekte nordmenner.enn det sporadiske som er komi frå våre nyaste nordmenn frå andre kulturar? Me tarv ikkje fara langt av stad fyrr me kann finna noko av den verste skikanen som - gjenom mange år er rett mot det norske tungemålet. Alle kjenner den "ovvittige" sketsen som Leif Juster og Ernst Diesen hadde rollune i - der me fekk servert ei mengd "rare" ord som skrævarokk for sykkel, og mykje anna. Det heile hadde ingi anna fyremål enn å tilsulke rotekte norsk tungemål.

Ei avis her på staden, dagsavis, låg ikkje langt etter denne låttleggjeringi av rotekte norsk tungemål i samband med utgjeving av ei bok på dette - i det norske Noreg - "so heilt bak mål"-språket som denne historiske boki var skrivi på.

I dette høvet tykkjer eg det kann vera på sin plass å minna ørlite um kva som hev hendt ørlite grann tidlegare i soga vår. For berre ein liten illustrasjon av kva som i røyndi hev hendt med det norske folket, som ein stor part av folket tykkjest helst vilja gløyma, so vil eg syne til eit framandord - integritet.

Dette ordet integritet - det tykkjest vera det mest verdfulle ordet som finst for alle folkeslag på planeten vår. I Norsk riksmålsordbok er dette tolka som helhet eller uskaddhet. Dette tykkjest vera teki beint ut or Framandordboki frå Gyldendal. Store norske Leksikon er meir raus i si uttyding av ordet. Her vert integritet tolka som uskaddhet, sunnhet, helhet, uavhengighet og ukrenkelighet. Ordet er dessutan - i ei fornorskingsordbok frå Norlis Forlag - tolka som umissande. Den siste tydingi syner sterkast til at det her dreier seg um det aller mest verdfulle av det eit menneskje eller eit folk eig - eller ynskjer å eiga.

Kva er so det mest verdfulle som menneskje - eller eit folk eig - eller ynskjer å eiga? Svaret er gjevi i dei tydingane som her er henta fram - det er sjølve fridomen til å vera seg sjølv. Det vil segja - dersom eit menneskje - eller eit heilt folk - vert fråteki sin integritet - so vert det fråteki det mest verdfulle som det eig - eller ynskjer å eiga.

Kva er det so som gjev eit folk sin integritet? Store - sterke herskarar - hev gjenom tidene skyna - at dersom herskingen skulde verta fullenda - so laut folket fråtakast - fråranast - sin integritet - som alltid hev vori sjølve tungemålet åt folket. Herskarar som hev nytta seg av dette yvergrepet er Karl den Store og Wilhelm landevinnar (Erobrar). Den sistnemnde hertok England i 1066 etter at den norske kongen - Harald Sigurdson - bror åt helgenkongen vår - leid eit smerteleg nederlag i freistnaden på å hertaka landet. Wilhelm sette seg dugeleg fast i England - visseleg avdi han kom so langt med avenglifiseringi si - gjord med makt og yvergrep på folket.

Som kjent - for den - eller dei - som ikkje ynsker å ljuga burt at me sjølve er frårana vårt eigi tungemål - so vil eg minna um eit eklatant døme på kva me - det verkelege norske folket - hev vori utsett for. Ein av dei mektigaste danske herskarane gjenom vetternatti - Ove Høegh Guldberg - sa (vedgjekk) : Det gives ingen nordmenn mer - alle er borgere av den danske stat.

Dette hev vori so effektivt gjenomført at den tids innvandrarar - dei danske embetsmennene - tok styring yver all offentleg skriving i båe landi. Ikkje mange innvandringsnordmenner vil vita av denne historiske sanningen, men kong Haakon - som var eit ærlegt menneskje - han vedkjende den syrjelege røyndomen i eit intervju med Norsk Barneblad i 1935, der han segjer: Det er jo dansk det språket som vi snakker og skriver her i landet - det ble jo innført av de danske embetsmennene. Disse herrer skulde jo selv ha lært seg norsk - i stedet begynte deres undersåtter å lære seg dansk. Jeg tror at det norske målstrev vil gjøre mye for å fremme den norske nasjonalitetsfølelsen.

Kven det - i realiteten - er flaut for - å (være) - gjeva seg ut for å vera - ekte norsk - det skil kva den einskilde hev som ryggdekning.for det han segjer.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!