Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Kva gjorde Siv Jensen på Bilderberger-møtet?

Av Olav Torheim

Endgame -Blueprint for global enslavement,
Alex Jones Productions,
http://endgamethemovie.com,
2007

Dokumentarfilmen Endgame startar med eit skrekkscenario frå nær framtid der jordi er dominert av ei sams regjering for heile verdi. Tidlegare frie nasjonar er underlagde ein diktatorisk fåmeint elite. Storparten av folkesetnaden på jordi er stengde inne i militærstyrde megabyar som atter er kopla saman via eit netverk av avstengde motorvegar. Planeten er kort og godt umgjord til eit einaste stort fengsel - planet-prison, som regissøren Alex Jones kallar det.

Regissøren Alex Jones hev upp gjenom åri produsert ei rad filmar der temaet er krig, terrorisme og globalisering. I denne siste produksjonen set han fyrst og fremst fokus på den løyndomsfulle Bilderberger-konferansen, ein konferanse som kvart år samlar internasjonale toppolitikarar og finansfolk til samrødor attum stengde dører.

Kva er so agendaen åt dei som stend attum Bilderberger-møti? Slik Alex Jones og ei rad andre kritikarar ser det , so handlar det um å skipa ei verdsregjering. Målsetnaden åt den globale makteliten som stend attum Bilderberger-konferansane er ikkje mindre enn fullstendig kontroll yver heile planeten, og då må alle sjølvstendige einingar - anten det no gjeld nasjonar, familiar eller sjølvstendig tenkjande einskildmenneske - rydjast burt.

Det fyrste Bilderberger-møtet vart halde i 1954, på eit møte på Hotel Bilderberg i Oosterbek i Nederland. Forumet hev henta namnet sitt derifrå. Bilderberger-gruppa er på toppen av ei rad ulike roundtable-grupper yver heile verdi (pyramide). Kvart år vert gjestene til Bilderberger-møti inviterte, og lista yver gjestene hev dei seinaste åri leke ut. Det er ein klår indikator på kven som er dei mektigaste politikarane i verdi. 120 av dei mektigaste menneski i verdi, politikarar og finansfolk.

Fram til midten av 1980-talet vart ikkje Bilderberger-gruppa nemnd i media i det heile. Fram til seint 90-tal vart møti berre nemnde i småe notisar, men med framvoksteren av alternative media er dette byrja endra seg.

Kvart fjorde år møtest dei i Nord-Amerika, og juni 2006 var dei i Ottawa i Canada. Gjenom åri hev journalistar som hev freista dekkja møti vortne trakasserte, haldne att og jamvel vortne fengsla. Alex Jones vert sjølv halden att på flyplassen i det han kjem til Canada, men han kjem seg vidare. Og i staden for å møta fram utanfor hotellet klokka 0800 når møtet offisielt tek til, so møter Alex Jones fram alt i tri-tidi um natti for å sjå um dei kann knipsa nokon av dei prominente gjestene i det dei er på veg inn.

Møtet vert hovudsaklegt kontrollert av private tryggjingsvakter, som ter seg som um dei var politifolk. Tryggjingsvaktene ter seg trugande mot journalistar som stend utanfor og filmar, og fær klår melding um å ikkje nærma seg hotellet.

Politikarane vert køyrde inn i fine bilar med sota glas. Mange bilar køyrde rett ned i undergrunnsgarasjen og gjestene vart tekne upp derifrå, men ikkje alle. I det dei stig ut or bilane og smett inn i hotellet vert dei knipsa. Ei rad namn på ulike latinerikanske politikarar sprett fram, namn som eg ikkje hev høyrt tidlegare, men brått sprett det fram, Siv Jensen!

Andre kjende personar som var med på Bilderberger-møtet i 2006 var til dømes Carl Bildt, Richard Holbrooke, Henry Kissinger, David Rockefeller, Paul Wolfowitz og dronning Beatrix av Nederland. Jurgen Schrempp, direktør for Daimler Chrysler, kjem til møtet i helikopter. Og Hillary Clinton skal ha vore til stades ein av dagane, ho med. Sidan det i mange land, USA inkludert, er ulovlegt for offentlege tenestemenner å møta representantar for utanlandske styresmakter i løynd, er mange framståande politikarar med på Bilderberger-møti utan at namnet deira er med på deltakarlista. Dette gjeld til dømes Paul Wolfowitz, som skal ha vore på tidlegare møte samstundes med at han var assisterande forsvarsminister.

Deltakarane kann ikkje fortelja nokon ting um det som hende på møti. Dei skal låst som um dei ikkje kjenner dei som dei hev møtt på møti. Dei vert truga med at dei ikkje fær seg jobb nokon stad um dei snakkar ut.

Bill Clinton, Tony Blair, Bush senior osb. er alle døme på personar som vart inviterte med på Bilderberger-møte i god tid fyre dei vart statsleidarar. Å verta plukka ut til å vera med på Bilderberger-møte er soleides ein god indikator på kva slags politikarar den globale eliten meiner er på veg upp. Slik sèt vert det serskilt interessant å sjå kva Siv Jensen kjem til å få til i tidi som kjem. Men kann verkeleg 120 serskilt inviterte vera nok til å koma vidare i arbeidet med å skipa ei verdsregjering? Det er faktisk det, for dei som organiserar Bilderberger-møti arbeider systematisk. Compartmentalization kallar ein det, dei plukkar ut sektorar og verksemder som dei meiner er viktuge, til dømes Verdsbanken, og innbyd lykjelpersonar derifrå.

På vegen fram mot verdsregjering arbeider den globale makteliten millom anna med å få skipa kontinentale superstatar. I Europa hev ein kome lengst med den europeiske unionen, men både amerikanske, asiatiske og afrikanske unionar er under utvikling. og framgangsmåten er allvegen den same. Fyrst byrjar ein med å skipa til rundebordskonferansar og skipa handelsorganisasjonar, som EEC og NAFTA, og dinæst gjeng prosessane vidare med stødt tettare integrasjon.

Som det kjem fram i dokumentarfilmen skal NAFTA utvidast til ein amerikansk union, på same måten som EEC vart til den europeiske unionen. Framgangsmåten er den same som då EU vart skipa, men no gjeng det mykje snøggare. I september 2006 kom det fram at folkevalde leidarar frå dei tri landi hadde møttest i løynd i Canada. Styresmaktene er seinare vortne pressa til å frigjera dokumenti frå det løynde møtet, etter at dei fyrst nekta - offisielt av di det gjekk på rikstryggleiken laus å fortelja kva som gjekk fyre seg. Dokument på tusundtals sidor syner no korleides det vart planlagt at desse landi skulde få ein sams politikk på umkverve som transport, lovgjeving, landbruk, bankverksemd, industri, utdaning, innvandring og militærstell. Og på same måten som i EU skal det heile skipast på reint byråkratisk vis - utan innverknad frå brysame folkevalde.

I 2004 vart det meldt at den aseatiske handelsorganisasjonen ASEAN hadde planar um å forma ein asiatisk union, med asiatiske og stillehavsnasjonar. På same måten kom Den afrikanske unionen kom upp for nokre år sidan - som resultat av African Economic Community, sett upp tidleg på 1980-talet. Den afrikanske unionen er finansiert av eit konsertium av internasjonale organisasjonar og multinasjonale selskap. Som me ser er framgangsmåten den same yver alt, dei internasjonale superstatane vert bygde upp yver hovudet på folk med eit stødt meir samanvove byråkratisk netverk.

Samferdsel er lykjelen til å knyta regionar tettare i hop. For 2000 år sidan førde alle vegar til Rom. Meir enn 3200 kilometer med vegar vart bygde ut, og imperiet nytta vegane til å kontrollera korridorar og knyta samband millom folki dei styrde. Romarane kravde inn skattar frå dei som vilde nytta vegane, og skattane vart i næste umgang nytta til å halda dei okkuperte folki nede.

I dag er superhighways instrumentelle i å brjota ned nasjonalstatar, hævdar Alex Jones. Eit stort motorvegnetverk som tek til i Mexico og endar djupt inne i Canada er alt under uppføring. Størst er inngripi i Texas, der heimar vert eksproprierte for å gjeva plass åt supermotorvegen, Trans-Texas-korridoren. Meir enn 8000 miles i Texas hev vorte gjeve burt til utanlandske entreprenørselskap. Dei nye vegane vert bompengefinansierte - ikkje fyrst og fremst til å tena inn att det vegbyggjingi i USA kostar, men til å byggja ut vegane vidare i Mexico og Canada. Jamvel eksisterande vegar som det alt er lagde ut for er vortne selde til dei utanlandske firmai - og bilistane lyt ut med bompengar endå ein gong. Og dei same firmai som byggjer vegane hev kaupt upp avisor i stamvegnetet og soleides fenge kritikken mot utbyggjingi til å stilna. I alt er det tala um so mykje som eit 40-50-tals avisor.

I det nye vegnetet vert avkøyringsvegar til småbyar stengde ute, og vert med det umdana til spøkjelsesbyar, med di dei vert avskorne frå samferdselen. I Alex Jones sitt skrekkscenario skal desse territoria på sikt umdanast til folketome naturreservat - offisielt under dekkje av miljøvernumsyn, men i røyndi med det fyremålet at yverklassen skal få njota livet i ro og fred ute på den avfolka landsbygdi. Alt medan folkefleirtalet er stengde inne i kontrollnetverket - megabyane i motorvegnetet.

Kann det verkelegt vera so ille som Alex Jones og andre kritikarar vil ha det til? Ein ting er sikkert: So lenge internasjonale toppolitikarar held fram å møtast i løynd, og korkje kann sanna eller avsanna kva det er som eigenleg gjekk fyre seg, kann ikkje me hine gjera anna enn å spekulera. Kva var det du gjorde på Bilderberger-møtet, Siv Jensen? At både Jens Stoltenberg og Kjell Magne Bondevik hev vore der fyre deg, det er ikkje vandt å skyna, men eg trudde at Framstegspartiet marknadsførde seg som eit parti som hævdar seg å fremja einskildmennesket sin fridom?


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!