Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Realismen i norsk litteratur

Av Kenneth Kiplesund

"Det at en litteratur i våre dager lever, viser seg i at den setter problemer under debatt". Dette sitatet vart sett fram av den danske litteraturforskaren Georg Brandes. Det er vorte vidgjete, for det lagde eit program for korleis den tonegjevande norske litteraturen vart i 1870-80-åri. Denne litterære perioden vart kalla realismen.

Sermerke med realismen

Ein kann segja at realismen var ein reaksjon mot romantikken som hadde vore rådende fyre realismen sette inn. Dei romantiske forfattarane lagde vekt på kjenslor og idylliserte dei emni som dei tok fyre seg. Til dømes vart den typiske norske bonden framsteld som ein mann som hadde bunad som kvardagsdrakt. Forfattarane som skreiv realistisk hadde sanningi som eit viktugt stikkord, dei vilde skildra samfundet slik det i røyndi var. All urett, lygn og hyklarskap skulde fram i ljoset og gjerast noko med. Slik kunde samfundet verta betre å liva i. Forfattarane ynskte at einskildmennesket skulde ha meir fridom. Folk skulde tenkja sjølve, og ikkje berre blindt fylgja autoritetane (som til dømes kyrkja). Realistane vilde provosera og skapa ordskifte, slik at flest mogleg vart med og gjorde um samfundet. Sentrale forfattarar var dei som i dag vert kalla dei fire store: Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Jonas Lie og Alexander Kielland.

Tema som forfattarane under realismen tok upp, var til dømes:

  • Forretningsmoral (En fallitt av Bjørnstjerne Bjørnson)
  • Religion og kyrkja (Ein fritenkjar av Arne Garborg)
  • Samliv og ekteskap (Et dukkehjem av Henrik Ibsen)
  • Uppseding og skule (Gift av Alexander Kielland)
  • Armod og rikdom (Garman & Worse av Alexander Kielland)
  • Pliktmoral og hyklarskap (Gjengangere av Henrik Ibsen)

Forfattarane var påverka av radikale idear som ulma ute i Europa. Me fekk endringar i vårt eige samfund med:

  • Darwin og evolusjonsteorien hævda at mennesket var eit resultat av utvikling. Dette underminerte kyrkja si maktstoda, som til då hadde havt monopol på å fortelja korleides verdi/menneski vart til.
  • Filosofen John Stuart Mill hadde skrive boki "Om kvinneundertrykkelsen". Denne boki gjorde sitt til at kvinner fekk augo upp for korleides dei vart handsama (dei fekk millom anna ikkje avgjera sjølve kven dei skulde gifta seg med), og tok til å kjempa mot denne tyningi.
  • Ideen um parlamentarisme byrja gjera seg gjeldande.
  • Med industrialiseringi fekk ein ei ny gruppa menneske; arbeidarklassen. Desse byrja organisera seg for å søkja makt. Denne gruppa livde i småe kår, og vart difor mykje umtala i den realistiske litteraturen.
  • I vårt eige land tok bøndene til å søkja politisk makt, og det var stødt konfliktar millom deim og embetsmennene. I 1884 vart vårt fyrste politiske parti, Vinstre, skipa. Dette partiet studde millom anna bøndene si sak. Mange realistiske forfattarar engasjera seg i dette partiet. Som ei motvikt mot dette vart partiet Høgre skipa.
Alle dei nemnde sakene spegla seg att i den realistiske diktingi.

Litterær form

Når det gjeld den litterære formi, gjekk det mest på romanar og drama. Her var det råd å lesa forfattaren si meining ut or teksti, og det var det som var meiningi med. Persongalleriet var ikkje lenger stereotype menneske med sereigne sidor, men personar med blanda kjenslor: Tru og tvil, venskap og sinne. Dette vart dimed meir realistisk enn i nasjonalromantikken.

Reaksjonar

Reaksjonane på dei verki som desse forfattarane gav ut let ikkje venta på seg. Dei høge herrane i kulturlivet lika det som regel dårlegt, og det var store diskusjonar um sume forfattarar skulde få kunstnarløn frå staten. Til dømes fekk Ibsen dette, medan Kielland ikkje vart unt noko slag.

Som ei uppsummering kann me segja at realismen var ei uppgjerd med det gamle. Ofte valde forfattarane kvinnelege hovudpersonar i verki sine, siden det var desse som etter deira syn var mest undertrykte. Forfattarane lagde ingenting imillom når dei skreiv at, røyndomen og sanningi skulde fram, og kritikkverdige tilhøve skulde rettast upp.

Kjeldor

Folkedal, Kåre m.fl.: Kolon. Studiebok for VK1 og VK2. Oslo: Det Norske Samlaget, 2000.
Gmsys: Sentrale emner i den realistiske litteraturen.
Haavardsholm, Espen og Janneken Øverland: Litteraturhistorie for den videregående skolen. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag, 1993.
Skarland, Eskil: Realismen i norsk litteratur ca. 1870-85:
www.overhalla.gs.nt.no/fagsider/norsk/realismen.htm
Skoleforum: Sammendrag av realismen: www.skoleforum.com/essaydet.asp?eid=2473.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!