Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Eldgrim: Norden kallar

Av Lars Moe

Eldgrim, «Nordkall», Odin Productions, 2008.

«Nordkall» er den andre fullengdaren som det svenske vikingrockebandet Eldgrim kjem ut med, tvo år etter at dei debuterte med ei plata som kort og godt heitte «Eldgrim». Då «Eldgrim» såg dagsens ljos, fekk ho mykje god kritikk, både for friske tekster og drivande rock, og me er mange som hev sèt fram til uppfylgjaren. Til all lukka vart me ikkje vonbrotne.

På «Nordkall» finn me heile 11 nye melodiar, pluss ei nyinnspeling av ei gamal låt med Ultima Thule. Plata er karakterisert av stor musikalsk spenn-vidd, frå harde trumbor, tunge riff og musikalsk fingerferdige gitarsoloar til akustisk gitar med lette akkordar og allsongvenlege umkvede.

Titelsporet «Nordkall» byrjar med tunge slag på basstrengane, og ein kjenner snøggt at denne melodien kjem til å verta ein av favorittane. Han held fram med tunge riff på gitarane, og det vert sunge um den kalde vinden frå Norden. Andre melodiar tek fyre seg den nordiske naturen, det svenske flagget og svenske soldatar som er sakna i strid. Serskilt det fyrste temaet er forvitnlegt, med di det seinste åri er det likt til at stødt fleire tekster innanfor vikingrocken er byrja handla um den nordiske naturen - og at me lyt taka vare på honom slik at borni våre med kann ha gledja av honom.

Alt medrekna er “Nordkall” eit solid stykkje vikingrock, og held dei fram som dei stemnar er Eldgrim heilt klårt millom kandidatane til å taka upp torshammaren etter Ultima Thule når sistnemnde ein dag må leggja inn årane. Du kann vitja gruppa på heimesida deira, som er http://eldgrim.svearike.net/.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!