Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Avskip paragraf 93!

Av Olav Torheim

Torsdag den 10. januar i år røysta Stortinget yver eit grunnlovsframlegg um å brigda grunnlovsparagraf 93 slik at det ikkje lenger trongst 3/4 fleirtal på Stortinget for å kunna melda Noreg inn i EU. I staden skulde det vera nok med 2/3 fleirtal etter at det fyrst var halde ei folkerøysting der 50,1 prosent av dei frammøtte sagde ja til norsk EU-medlemskap. Berre nokre fåe dagar fyre røystingi skulde haldast var det likt til at alle ja-partii på Stortinget, AP, H og FRP, kom til å stydja framlegget, og dei vilde jamvel binda nei-representantane sine til å røysta for framlegget. Med mindre dei stortingsrepresentantane som var nei-folk valde å trassa partileidingi, var det soleides likt til at framlegget kom til å gå igjenom, og Noreg var med det kome endå eit steg nærare snikinnmelding i EU.

Problemet var berre det at Nei Til EU fyre stortingsvalet i 2005 hadde spurt ut alle stortingsrepresentantane i AP og Frp um dei kom til å røysta for eller mot endring i paragraf 93. Og her hadde flestalle EU-motstandarane i dei nemnde partii lova veljarane sine at dei kom til å røysta imot eit sovore framlegg. Og etter nokre nervepirrande dagar - der nei-representantane i AP skreiv brev til partileidingi med audmjuk bøn um lov til å røysta imot det nemnde framlegget - enda det likevel med at det ikkje vart fleirtal for å brigda paragraf 93.

Me som vil ha eit norskt Noreg kann soleides pusta letta ut, um enn berre i denne umgangen. For arkitekten attum framlegget, Inge Lønning, hev alt varsla at han kjem til å reisa framlegget endå ein gong for næste storting, og slik skal det nok halda fram - heilt til eit stort nok fleirtal let seg lura - eller kjøpa - til å stella seg attum framlegget.

Det var bra at representantane frå AP og Frp fekk lov til å røysta nei - men det er ikkje godt nok! At dei nemnde nei-representantane i det heile laut spyrja um lov til å røysta nei, syner at lojaliteten deira er til eit politisk parti som dei skal gjera karriere i, og ikkje til fedrelandet Noreg. AP-representanten Bendik H. Arnesen, som i eit intervju med Klassekampen slo fast at han kom til å røysta nei kor som er, er etter mitt syn den einaste av EU-motstandarane i ja-partii som stend att med integritet etter dette.

Det EU-motstandarane på Stortinget burde gjera framlegg um, um det var litt tak i dei, var å gå inn for avskiping av heile paragraf 93. Heile denne paragrafen er ein einaste stor freistnad på å selja ut Noreg til styringskåte EU-byråkratar og internasjonal storkapital. Alle som stend på ja-sida i EU-kampen veit veldig godt at dei aldri hadde greidd å melda Noreg inn i EU dersom dei laut gå um eit grunnlovsframlegg som trong 2/3 fleirtal. Difor skal dei i staden snika seg til med folkerøysting der millionar skal pøsast inn i ein hektisk valkamp for å få eit snaudt fleirtal til å lata seg lura denne eine dagen.

I ordskiftet som gjekk fyre seg fyre stortingsrepresentantane gjekk til røysting, og som alle interesserte kunde fylgja direkte frå stortingssalen på web-tv, kom det fram at dei same personane som tala varmt for å brigda fleirtalskravet frå 3/4 til 2/3 etter ei folkerøysting med 50,1 prosents fleirtal - var like sterkt imot Senterpartiet sitt grunnlovsframlegg um å innføra obligatorisk rådgjevande folkerøysting i paragraf 93-relevante spursmål. Denne observasjonen er interessant, av di han viser at ja-sida einast er interesserte i å spyrja folket til råds når dei er trygge på at dei kann få ja-svar. Dersom dei ikkje er i stand til å få 3/4 fleirtal beinveges, vil dei gå vegen um ei rådgjevande folkerøysting som gjev dei høve til å gjera det same vedtaket med berre 2/3 fleirtal. Men um folket er imot å gjeva frå seg suverenitet, skal ikkje folket spyrjast til råds i det heile teke.

Døme på det siste er EØS-kuppet i 1992, då paragraf 93 for fyrste og so langt siste gongen vart nytta til å melda oss inn i EØS - eit EØS som var meir umfemnande enn det EF som folket sagde nei til i 1972. Då vedtaket um å melda Noreg inn i EØS vart gjort, synte meiningsmælingane at eit fleirtal av folket var imot. Og ved valet i 1993, året etter, hadde nei-sida so mange representantar inne at dei hadde greidt å blokkera EØS-avtala um vedtaket hadde vorte utsett til næste stortingsperioden. Og dette er det viktugt å få fram, for i 1989 sagde Gro Harlem Brundtland at det var valet i 1993 som skulde verta "EF-valet", og at saki ikkje var aktuell i stortingsperioden fyre det.

Ei onnor sak er det at det neppe er lovlegt å nytta paragraf 93 til å melda Noreg inn i EU kor som er, sidan denne paragrafen er til for å avgjeva suverenitet på eit saklegt avgrensa umkverve, og den europeiske unionen er langt frå saklegt avgrensa, men tvert um heilt uavgrensa i alt det han skal blanda seg upp i. Jussprofessor Ståle Eskeland skriv til dømes i Aftenposten 6/1-08: "En innmelding i EU innebærer en vidtrekkende og uklart avgrenset avståelse av norsk suverenitet, som går langt utover det som § 93 tillater. Herav følger at norsk innmelding i EU bare kan skje ved endring av Grunnloven."

Kva er det eg vil fram til? Jau, frå ja-folki si sida vert det hævda at "spelereglane" for EU-spursmål vart lagde i 1962, då paragraf 93 vart innførd. Inge Lønning & co si tolking av vedtaki som vart gjorde den gongen var at det hev vorte ein sedvane at ein skal gå um folkerøysting, etterfylgd av stortingsvedtak um suverenitetsavståing i samsvar med paragraf 93. Men den einaste gongen som paragraf 93 er vorten nytta i norsk historie, nekta EU-tilhengjarane å spyrja folket til råds. Og når Senterpartiet seinare gjer framlegg um å grunnlovsfesta den "sedvaneretten" med folkerøysting som Lønning hævdar er vorten etablert, so er dei i mot det òg. Det er i Noreg som det er i Europa elles i EU-spursmålet: Folket skal einast spyrjast til råds, når ein er tollegt sikre på eit ja-svar.

Handlefridomen åt ja-sida vert med dette maksimalisert. Men ein fyresetnad for heile spelet deira hev allvegen vore å hindra at EU-saki vert ei valkampsak, sidan det hadde ført fleire EU-motstandarar inn på tinget og dimed blokkert framstøytar som EØS-kuppet i 1992, for ikkje å snakka um dei tallause EU-direktivi som sidan er vortne norsk lov. EU er ikkje viktug i valkampen, for det skal kor som er avgjerast av ei folkerøysting, segjer politikarar frå AP på den eine sida til Frp på hi. Nett difor svarar eg at me bør kutta ut heile paragraf 93 og returnera til den grunnlovi som me ein gong hadde. Då vert EU-tilhengjarane nøydde til å taka ein strid med blanke våpen, og fylgja dei spelereglane som gjeld i eit representativt demokrati som det norske. Og det spørst det um dei torer.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!