Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Peder Knudsen

Av Alex Kurbanov

Visste dykk at…

melodien til den ålment kjende og kjære jolesongen "Jeg er saa glad hver Julekveld", eller "Eg er so glad kvar jolekveld" (nr. 60 / 61 i Norsk SalmeBok), var skrivi for nesten 150 år sidan av ein smålyndt komponist og organist frå Sunnmøre og faktisk gjorde honom landskjend?

Peder Knutson Bakke heitte han upphavleg, men vart kjend som Peder Knudsen - det var heilt vant på 1800-talet å bruka patronomiske millomnamn som etternamn, serleg i bymiljø - slik skulle det vera "finare" på denne tidi. Peder Knudsen som vart kalla "Ålesunds første organist", var fødd i 1819 "under garden" Goli på Vågå i Gudbrandsdalen der faren hans, Knut Bakke, var husmann og "bygdasongar". Diverre finn ein altfor lite og sparsamt med informasjon um Knudsen - denne merkjelege figuren i norsk musikk frå den nasjonalromantiske perioden - på netet og i andre kjeldor. I sine ungdomsår byrja Peder fyrst å læra til å vera skreddar, men det musikalske talent hans tok yver - Peder var framifrå dugande på fele (og meina at fiolinen var hovudinstrumentet hans), seinare lærde han å spela endå fleire instrument, komponera musikk og dirigera (serleg då han var uppteken i militærmusikken i Christiania), ikkje minst å stemma og reparera klavér og orgel. Peder var kjend med sjølvaste Ole Bull (og fekk spela nokre gongar under hans leiing), også med den namngjetne kordirigenten og komponisten Johan Didrik Behrens (1820 - 1890). På råd frå Behrens vart den unge gudbrandsdølen tilsett som "musikar og songinstruktør" i Holmenstrand. Der hadde Peder vori i nokre år før 1854 då han flytta til Kragerø for å vera musikkinstruktør i byen. Han var både leiar og fyrstefiolinist i byens to kammerensembel, lærar i piano, songlærar ved Borgarskulen og instruktør for byens mannssongforening og blandakor. Han dreiv mykje med komponering sjølv og arrangering av verk som andre hadde komponert. Etter kvart vart Knudsens livsvilkår i Kragerø lite gjevande, han fekk seg både nære vener og sterke motstandarar, og etter fem harde år i Kragerø søkte han stilling som organist i Ålesund og fekk veldig positivt svar på søknaden sin. So kom han til Ålesund i mai 1859 for å vera organist der i den "gamle" Ålesund kyrkje som var vigsla i 1854 (og brann ned i den store bybrannen 50 år seinare).

Ovanfor sa eg at Knudsen var kalla "Ålesunds første organist", som ein også kann forstå heilt bokstavleg - Ålesunds kyrkja, etter upplysingar i "Norsk Orgelregister 1328 - 1992" av Stein Johannes Kolnes, hadde ikkje fått orgel i det heile i sine fyrste fem år, før 1859. Og det var akkurat i året 1859 då Knudsen kom til Ålesund at han fekk tonesetja diktet åt den unge på denne tidi (27 år gml.) forfattarinna frå Østre Toten, Inger Marie Lyche Wexelsen, eller berre Marie Wexelsen i daglegtale, - "Barnas Julesang" i ni vers som me alle kjenner i dag som "Jeg er saa glad hver Julekveld, thi da blev Jesus fød`", etter den fyrste diktlina. Etter upplysingar som Elin Huseby frå Bergens Offentlege Bibliotek gjev, fekk Knudsen høyra gjenom nokre av sine vener at Wexelsen hadde laga ei tekst som ho trong melodien til. Det var faktisk året før diktet til Wexelsen stod publisert for fyrste gong i 1860 i den andre barneboki hennar, "Ketil, en Julegave for de Smaa" (i alt gav ho ut tri barnebøker og mange fleire vaksnebøker, både dikt og prosa).

Elin Huseby skriv også at Wexelsen og Knudsen vart kjend med kvarandre og hadde havt eit langt brevskifte. Dei tvo vart nære vener, og ein kunne tru av brevi at Marie vona på friarmål frå Peder, - men i allfall vart det ikkje slik. Det var ikkje tidlegare enn joli 1862 då songen "Jeg er saa glad hver Julekveld" som etter kvart vart folkekjær, nesten som ei folkvise (i eldre salme- og melodibøker stod det ofte ikkje ei einaste upplysing um kven komponisten til denne lille salmemelodien var), var offentleg framført av eit kor for allerfyrste gong - nemleg ved innviingi av Skåtøy kyrkje i Bamble. Diverre fekk Peder Knudsen ikkje leva lengje i Ålesund - han døydde berre året etter, like før jol 1863, 44 år gamal. Men den litle vakre jolesalmen hans, derimot, fekk leva eit langt og lukkeleg liv. Manuskopi av songen sin sendte Knudsen i eit brev til ein av sine vener med etternamnet Hougen. (Fiolinisten Per Bolstad fortalde at hans far som også var i venskap med Knudsen, fann manuset millom Knudsens etterleivder, det var kort tid før Knudsen døydde.) Ein annan ven, Feragen, fekk vitja den ovannemnte Hougen ein dag og sjå og høyra songen. Andreas Feragen, som var lærar, skulde vera med i Christiania i den komité som skulle arbeida ut eventuelle framlegg til ei ny lesebok. So, etter tildriv frå Feragen, fekk Wexelsens dikt med Knudsens melodi fyrst koma inn i "Læsebog for Folkeskolen og Hjemmet" av P.A. Jensen i 1863, Knudsens dødsår, og deretter vandra vidare i mange fleire lese-, song-, salme- og melodibøker, m.a. i Landstads Reviderte Salmebok og den noverande Norsk Salmebok, og ikkje minst i tallause jolenotehefte for piano og andre instrument til musikkskuleundervisning. I 1933 kalla John Stene denne salmen i si bok "Vår evangeliske salmeskatt: en liten hjelp til innførelse i våre nye salmebøker" for "vår uforlignelige julesang", og den store forfattaren Ronald Fangen kalla "Jeg er saa glad hver Julekveld" for "en av de mest geniale julesalmer som finnes i Skandinavia". Jo, denne jolesalmen kryssa Noregs grenser og vart like kjend og folkekjær både i Danmark og Sverike for lengje sidan. Med tallause norske emigrantar kryssa han Atlanterhavet og i Amerika fekk ein minst tri engelske umsetjingar. Komponistane nordmannen Rudolph Magnus Forwald og danske Emil Juel-Frederiksen hadde laga fine pianoparafraser yver Knudsen melodien ved århundreskiftet. I 1906, fem år før Marie Wexelsen døydde i Trondheim 79 år gamal, fekk diktet hennar seg "nynorsk drakt" av Bernt Theodor Anker og kom i "Songbok for Sundagsskule og Uppbyggjingsmøte" av biskop Bernt Støylen det same året, og seinare i Nynorsk Salmebok.

Peder Knudsen er gravlagd på Ålesund kyrkjegard. Gudbrandsdølen vart sunnmøring for godt. På gravmonumentet hans stend det klårt skrivi at det akkurat var han som komponerte melodien til "Jeg er saa glad hver Julekveld".

Tusen takk til orgelkonsulenten og målmannen Stein Johannes Kolnes for alle upplysingar!

Kjeldor

Kr. R. V.: "Jeg er så glad hver julekveld", Sunnmørsposten, 22.12.1945.
Attergjevi i: Medlemsblad for Norges Organistforbund, nr. 10, 1948.
L(ars) Aa(nestad): Knudsen, Peder, Kristen Sang og musikk, bd. 2. Oslo, 1965.
Jac. Røken Ødegaard: Barnas egen julesang. Frå "Den fantastiske Juleboken", 1991.
Elin Huseby: Jeg er så glad hver julekveld, Nettbiblioteket - Bergens Offentlige Bibliotek.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!