Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Lyklar til samtidi

Av Jan Hårstad

Nylegt kunde ein lesa at Dick Cheney i USA hadde kalla inn redaktørar og mediaeigarar til eit møte der han bad um at dei laut starta ein kampanje mot Iran i avisor og tv.

Dette syner til det faktum at slik som informasjonsteknologien hev utvikla seg, er krigen i media vorten ein like viktug part som den røynlege krigen. Difor hev alle store statar skipa eigne departement som steller med Info-war og Deception.

Då Balkankrigane rasa tidlegt på 1990-tallet, var ikkje dette med internet enno vorte folkeeiga som det er i dag. Informasjonen den gongen låg i hendene på dei store internasjonale TV-selskapi som atter ein gong fekk mykje tilfang frå PR-byrå som var leigde for å marknaddsføra krigsmytologi. Eit av dei sentrale prosjekti var å framstella serbarar som ein type nazistar og muslimar som ein ny variant av den tynte jøden.

I ettertid er då ogso dette vorte ståande som "sanningi" um kva som i all hovudsak skjedde på Balkan. Ein av de fåe tingi som kann gjeva ein viss kveik i denne merkelege verdi me hev no,er at det finst folk som hev djupe pasjonar for sanningi og som vil til botnar i tingi. Her hev det då kome tri bøker som eg vil hævda er umissande lyklar til å skyna kva som skjer i Europa i dag. Eg hev ikkje sett nokon av desse bøkene melde i nokor norsk avis, og grunnen til dette kann vera so einfeld som at dei framfører kunnskap som ikkje i det heile høver inn i dei politisk korrekte sitt verdsbilæte.

Den muslimske presidenten i Bosnia, Izetbegovics, var en av Europa sine aller fyrste khomeinistar, og ikkje fyrr hadde krigen brote ut på Balkan i 1992, fyrr Izetbegovics opna for at Al-Qaida kunde sende inn på Balkan ein stad millom 6000 og 7000 jihadistar. Njosnareksperten (etterretningseksperten) Evan Kohlmann si bok Al-Qaida’s Jihad in Europe frå 2004 var det aller fyrste store verket som i detalj gjorde greida for korleides livet ovra seg millom mujahedins i Kosovo, Albania og Bosnia. Sjølv hadde eg skrive ei mengd artiklar um Balkan, men dette var ei ny verd for meg.

Den næste boki eg las um utviklingi av dette temaet kom i 2007: Christopher Deliso: The Coming Balkan Caliphate, som handlar um korleides ulike islamistiske rørslor og islamske statar so som Iran, Saudi-Arabia og Tyrkia utnyttar den turbulens og det uavklåra maktvakuumet på Balkan til å gjera sin innverknad gjeldande. Med grundig dokumentasjon gjer Deliso greida for samspelet millom lokale islamistar og deira sponsorar i utlandet, um korleides dei internasjonale jihadistane freistar finna seg nisjar og basar yver heile Balkan og korleides desse fører krig mot tradisjonell balkansk islam. Dette er òg eit stort verk, men det kunde ha vore litt stramare redigert.

Definitivt eit storverk er John R. Schindler si bok "Unholy Terror. Bosnia, Al-Qaida, and the rise of Global Jihad", ogso fra 2007. Det vert fortel mykje um den ytringsfridom som framleis finst i sume miljø i USA at denne Schindler er professor of Strategy, US Naval War College, noko som ikkje hindrar honom frå å knusa den eine myten etter hin til pinneved. Med gru fann han ut at USA gav grønt ljos til at Iran kunde ganga inn og hjelpa Izetbegovics med krigføringi og draga med seg Hizbollah-instruktørar frå Libanon utan at CIA-folki på Balkan var informerte um det. Det var National Security-deildi sine folk som stod for upprusting av muslimane medan Bill Clinton sin offisielle politikk var Dei sameinte nasjonane sin våpenembargo.

I dette arbeidet er Schindler vorten skaka yver det han hev funne ut um den tegjande pressa og lygnindustrien attum henne, og ikke minst Izetbegovics sine iscenesette "tragediar" som råka hans eigne. I alle desse nemnde bøkene flyt det ein uroleg, døkk undertekst av di det som hev skjedd på Balkan - og skjer - er åt å draga seg inn i det sentrale Europa. Herrane dokumenterar at Balkan-krigane spela same rolla for Europa som Afghanistan for Sentral-Asia: det vart eit treningssenter og ein utklekkjingsanstalt for ein heilt ny ættled jihadistar som etter krigane der slo seg ned i Milano, Wien, Marseille, Lyon etc med det målet å halda fram sin Jihad. Kvar einaste terrorist med eige bosnisk pass.

Desse nemnde bøkene er då altso ikkje berre viktuge for å skyna kva som skjedde under Balkankrigen, men heilt naudsynte for å skyna kva slags teknikk og kva slags metodar jihadistane arbeider med for å destabilisere Europa endå meir i dag. Eg skulde tru at det vilde koma som ei yverrasking på mange korleides sokalla "velgjerdssinstitusjonar" vert nytta i dette spelet.

For alle sanningssøkjande og samtidsinteresserte menneske er denne litteraturen ikkje til å koma frå.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!