Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Var Tarjei Vesaas ein språkfornyar?

Av Thoralf Bergwitz

Det skal vera sagt - av menneskje som gjerer krav på å vera truverdige - at den høgt vyrde forfattaren og diktaren - Tarjei Vesaas - skal ha vori ein språkfornyar. Når det dessutan er kjendt at ein annan granskar hev funni ut - at var det noko den høgt vyrde Tarjei Vesaas ikkje var - so var det ein språkfornyar, må me undrast på um han eller ho - med dette påstandet - freistar å gjeva Vesaas ein heider som han ikkje fortener? Det tykkjest - i det fall - at talsmannen fyr Tarjei Vesaas er komen i den same stoda som pressetalsmannen for no longe avlidne Ronald Reagan kom ut i då den den diktande trongjen fekk makt yver mannen, fortòlde Per Egil Hegge i Aftenposten då dette nettupp hadde hendt.

Pressetalsmannen i Det Kvite Huset gjorde seg då skuldig i å gjera det som skaldane i stordomstidi for dei norske kongane og hovdingane - ikkje våga å gjera. Snorre Sturlason fortel i fyritalen til Kongesogune sine m.a,: Det er skaldevis å lova den mest som dei nett stend framfyre; men ingen vilde våga å nemna fyr mannen sjølv verk han skulde ha gjort, når alle som høyrde på , visste at det var berre lygn og vas, og han sjølv med. Det vilde då vera spott og ikkje lovord.

Etter som ettermælet åt den vyrde diktaren vår er i ferd med å slå sprungur i og med utsegni um Vesaas som "språkfornyar", vil me som verdset Tarjei Vesaas fyr det han var - og ikkje for det han ikkje var, so tykkjer me det er på sin plass å freiste verja ettermælet hans mot den slags usann ros.

Larry Speakes - som pressetalsmannen fyr Ronald Reagan heiter, han laut taka avskil med eit godt avløna umbod - samstundes som han òg laut taka vèlfar med sitt gode ry i samheldet. For å verna pressetalsmannen åt Tarjei Vesaas frå å koma i den same stoda som Larry Speakes var so uheppen å koma i, so tek eg ikkje fram namnet hans her.

Det kann elles vera forvitnelegt å fullføre soga um pressetalsmannen Larry Speakes.

Per Egil Hegge fortel at dei verk som Ronald Reagan fekk ros fyr å ha gjort - og som ikkje var sanne, dei var det - jamt og samt - berre Ronald Reagan og pressetalsmannen sjølv som visste at han ikkje hadde gjort. Det verste som denne pressetalsmannen i røyndi gjorde fyr både seg sjølv og Ronald Reagan - det var - då han tydelegvis skulde rette upp misfaringi si - at han gjorde verdi merksam på - at det han hadde sagt - var berre lygn og usanning.

Derimot tykkjer eg - av umsyn til sanningen um sjølve det skriftmålet som Tarjei Vesaas hev fengje slik urettvis heider for - kann det vera verd å taka fram kva ein annan granskar hev sagt um skriftmålet som Tarjei Vesaas - etter kvart nytta i bøkene sine.

No er det so - at når Tarjei Vesaas vert utropa til å ha vori ein språkfornyar, so veit alle som vil vita det - at det ikkje er sandt. Det var difor ikkje noko åtgaumsvekkjande at det kom ein granskingsrapport som kom til den slutningen at - var det noko Tarjei Vesaas ikkje var, so var det ein språkfornyar.

Granskaren hev gjort eit noggrant arbeid, og syner med mange dømi - at det Tarjei Vesaas gjorde med skriftmålet i bøkene sine, var heile tidi å rette seg etter dei offisielle skrivereglane og skrivemåtane som med kvart kom på marknaden. Granskingi syner at han - på ingen måte nya upp att noko som hadde vori fyrr - slik som islendingane, færøyingane og israelittane hev gjort. Me kunde òg taka med finlenderane og engelskmennene i det same rennet.

For her kann me tala um språkfornying.! Islendingane hev nya upp att det gamle norrøne tungemålet til eit tevleført tungemål på alle umkverve. Dei hev framført eit tungemål som hev ry - alle stader - som eit kulturmål av høg kvalitet.

Færøymålet ligg ikkje langt etter i so måte - endå um det er sumt som klårt syner sitt framande (dansk-tyske) upphav.

Israelittane hev nya upp att det gamle hebraiske målet - eit tungemål som longe hev vori utdøydd. Dei hev gjort det til nasjonalmål i dagsens Israel. Kva enn dei israelske styremaktir i dag vert klandra for - so stend det vyrdnad av det dei hev gjort til nasjonalmål.

I Finland var svenskane herrar i um lag det like store tidsromet som danskekongane var herrar i Noreg. Og på den same visi som dansk var yver-klassemål i Noreg, var svenskemålet det i Finland. Svensk var det einaste skriftmålet i Finland på den same visi som dansk var det i Noreg. Men finlendingane greidde å nya opp att sitt mål - og gav det heimstadretten - noko me nordmenner ikkje hev greidd enno - anten me likar å høyra det - eller ikkje.

I England var engelsk tungemål nær sagt bannlyst som skriftmål. Neppe nokon stad på jordi tykkjest målstriden ha vori so blodig som nett i England. Dette hende etter at den norskætta Vilhelm Landevinnar hadde komi frå Normandie og herteki England (i året 1066) - då den norske kong Harald Sigurdson (Hardråde) hadde lidi nederlag for den engelske jarlen Harald Godvinson. Fransk vart styringsmål og kyrkjemålet vart latin, og eit utal av menneskje vart livande brende på bålet for å eiga eller lesa bibelord på engelsk. Men eldhuga engelskmenner dreiv fram att det engelske tungemålet, og soleis nya upp att det som vart nedrivi av utanlandske maktmenneskje..

Kva hev so me nordmenn gjort med tungemålet vårt? Hev me - i det heile - gjort noko for å nye upp att noko av det rotekte norske tungemålet vårt?

Den norske målstriden kviler på ei lygn som vart frambòri i "fridomsåret" 1814... Det var det året den danske kronprinsen - Christian Frederik - som på den tidi - var stathaldar for det danske regimet her i landet - fekk samankalla ei gruppe menneskje her i landet - til det som vart kalla "riksforsamling" - for å gjeva honom kongsmakt yver Noreg - noko som faktisk lukkast for den maktgire fyrsten, men som han likevel - berre nokre fåe månader seinare, måtte gjeva frå seg.

Dette året vart eit ulivsår for norsk tungemål - med di det var i dette året det vart sét eit nytt namn på danske tungemålet - attåt dansk. Det danske tungemålet fekk namnet norsk for dei som tala og skreiv dette målet i Noreg. Noko tilsvarande hev aldri hendt på heile jordkula vår - utanum med det engelske tungemålet som vert nytta som nasjonalmål i Sambandstatane i Amerika. Etter at engelsk hev vori nasjonalmål i USA i ovmange år, so hev amerikanarane etter kvart flikka ørlite grann på målet sitt slik at det finst visse målmerki som gjerer at dei kann skilja nasjonalmålet sitt frå det engelske målet som er nasjonalmål for folket i England - og dessutan for resten av folket på jordkula - som alle freistar å leggje seg etter det engelske tungemålet som vert tala og skrivi i England. For folk utanfor sambandstatane vert tungemålet der upptatta som engelsk. Når det gjeld det danske tungemålet, so var det ingen skilnad på ortografien og skrivereglane til bruk i Danmark og Noreg. Argumentasjonen var at "me nordmennene" hadde like stor rett til å kalle språket for norsk som danskane hadde til å kalle det for dansk.

Det paradoksale med at bokmålet - enno i dag - berer nemningen NORSK - er i det heile ikkje av di at dette målet inneheld norske innslag av ord eller setningsbygnad - nei - årsaki ligg i berre det at det vart gjort eit vedtak i året 1814 - at det danske språket skulde heita NORSK når det vart tala og skrivi i Noreg. Og grunn-gjevingi var - at nordmenner hadde like stor rett til å kalle det sams skriftmålet i Noreg og Danmark for Norsk som danskane hadde til å kalle språket for Dansk.

Soleis gjekk det til - at då norske talsmenner - i 1814 - dryfte vilkåri med den svenske styresmakti - um ein sams kongje - då kravde dei norske talsmenn at nordmenn måtte hava lov til å halda ved lag sitt eige språk - som då var det danske skriftmålet.

Dette var ein måte å syne si nasjonal-kjensle på - som nok hadde sine skeptiske røyster - i både Danmark og Noreg - som med kvart stillna av - etter di makti heldt seg og stødt auka hjå dei som heldt ved lag danemålet. Slik at vanlege reglar for namnsetjing av eit tungemål - det korkje var eller er gjeldande for det norske folket.

Den moglege "språkfornying" - uppatt-taking av det norske tungemålet - hev alltid havt den tunge majoriteten å strida imot. Verre er det at dei som tykkjer me er komne langt nok med blandingsmålet - er endå verre motmenner å stridast med i striden for å vinna att det tapte. Måtte augo òpnast for fleire til å sjå den verdfulle rikdomen som ligg det rotnorske tungemålet vårt. Og det ligg enno att store verdiar i talemålet i mange bygdemål. Men skal det verdfulle få rom i litteratur og tale, so må det koma klåre rettleidingsreglar som må vera samordna frå øvste hald.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!