Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

25 år med vikingrock

Av Lars Moe

Sverike er eit land for seg sjølv når det kjem til musikk - og her tenkjer eg på meir enn berre svensktoppar. Tak progg til dømes, som dei fleste assosierar med progressiv rock. I Sverike ligg ikkje proggen i melodiane, men i tekstene, der "progg" kort og godt er populærmusikk med sokalla "progressivt" tekstmateriale - som det til Bjørn Afzelius og Mikael Wiehe i Hoola Bandoola Band eller andre vinstreradikale artistar.

Medan proggen hadde si stordomstid på 70-talet, var det 80- og 90-talet tid for ein ny sersvensk musikksjanger - den sokalla vikingarocken. Helder ikkje her er vikingrock heilt det same som elles i Europa. I Noreg og Vest-Europa elles tenkjer ein helst på metalband som Enslaved eller Bathory når det er tala um vikingar, men i Sverike er vikingarocken kort og godt ein slags streetpunk - iblanda element frå folkemusikk og tradisjonell popmusikk - der tekstene er fokuserte på svensk soga, vikingtid og fedrelandskjærleik.

Millom kjende vikingarockegruppor i dag, kann ein nemna Ultima Thule, Røde Orm, Mjølner, Eldgrim og Nidhöggs Vrede. Tekstene åt vikingarockegruppene handlar for det meste um nordisk mytologi, svensk soga og krigarkongar som Karl den tolvte, men som regel ikkje heilt utan meir eller mindre løynd kritikk av tilhøve i dagsens Sverike. Det handlar dessutan um å standa upp for det ein trur på, og ikkje bøygja nakken for dei politisk korrekte (og berre det er ein raud klut for mange nok).

Det er gruppa Ultima Thule frå Sødermanland som vert rekna som grunnleggjarane av vikingarocken, og i år feirar dei 25-årsjubileum. Gruppa er det fyrste og einaste vikingarockebandet som hev makta å koma inn på hitlistone og gjera kommersiell suksess - etter at dei i 1993 fekk platekontrakt med den kjende manageren Bert Karlsson. Med eit mainstream-plateselskap i ryggen gjekk platesalet so det suste, og fyre 1994 var umme, hadde alt tri av platone deira selt til gull. Avtala med plateselskapet fekk likevel ein brå slutt etter at massemedia byrja å grava i fortidi åt bandet. Her vart det millom anna drege fram at debutplata deira hadde kome ut på tyske Rock-O-Rama, eit plateselskap som var kjent å gje ut punkrock frå artistar med ekstreme politiske haldningar. Dei hadde dessutan fenge økonomisk studnad til fyrste singelen sin (“Sverige, Sverige, fosterland”, 1984) frå den innvandringskritiske organisasjonen “Bevara Sverige Svenskt”.

Ultima Thule er kontroversielle, og mange hev freista stempla gruppa som ekstremistar, men det hev ikkje vore so lett å få stempelen til å sitja. Medlemene i Ultima Thule hev aldri nekta for at dei hev bakgrunn som punkarar og skinheads - miljø som ofta vert assosiert med ekstremistisk tankegods - men sjølve hævdar dei at dei einast er nasjonalistar og patriotar. Um ikkje svenskar skal få lov å syna vyrdnad for eige upphav, so vert det verre å syna andre respekt for deira identitet og serdrag, argumenterar dei, og attendeviser på det sterkaste skuldingane um at dei skulde vera eit rasistband. Då ei gruppa nazistar møtte upp på ein konsert i 2001, reagerte bandmedlemene tvert og avbraut heile konserten: "Den här låten var tillägnad skinheads och inte några j... nassar,” var siste ord fyre dei marsjerte frå scenen.

Etter å ha vorte sparka frå plateselskapet sitt, hev Ultima Thule nytta tidi til å byggja upp sitt eige plateselskap, Ultima Thule Records. I Nykøping hev dei bygt upp eit nytt studio frå grunnen av, og herifrå hev både gamle og nye vikingrockegruppor spela inn og gjeve ut platone sine (som til dømes norske Glittertind). Ultima Thule og andre vikingrockegruppor spelar dessutan på den årvisse Kuggnäs-festivalen, og det finst ein vikingrock-radio på internetet, valhalla-radio.se, som det kann vera forvitnelegt å taka turen innum.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!