Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Ho Margjit Hjukse

Av Kenneth Kiplesund

Folkevisa "Margjit Hjukse" hev ei segn som grunnlag. Kva slags fyrestellingar um norsk folketru kjem til synes i denne segni, og kva er årsakene til at ei sovori segn hev dukka upp? Kva er sermerkt for segntradisjonen i norsk folkedikting?

Fyrst segni um Margjit Hjukse i stutte drag: Margjit Hjukse, ei rik bondedotter frå Bø i Telemark, er vorti teki inn i berget av bergkongen og ingen veit kvar ho er vorti av. Etter mange år kjem ho att for å vitja foreldri sine. Ho fortel då at ho er teki inn i berget. Men so kjem bergkongen attende for å henta henne. No lyt ho taka avskil med foreldri, og ho fær aldri sjå deim att. Heile resten av livet sitt er ho i berget. Når ho til slutt døyr, gjeng bergekongen til presten i Bø, og segjer at Margjit sitt siste ynske var å verta gravlagd på Bø kyrkjegard. Men presten segjer at sidan ho hadde gjenge inn i berget, lyt ho verta der.

Denne segni er ei klassisk "bergtakingssegn" som fortel korleis eit kvende vert bergteke (teke med/lokka inn i berget) av eit troll. Segni syner at folk såg på trolli som fårlege og sløge, og at menneski laut ha age for deim.

I strofe sju i folkevisa drikk Margjit av vin som bergkongen skjenkjer henne. Det er vanlegt i norsk folketru at dersom ein drikk eller et noko ein fær frå eit troll, vert ein forheksa. Personen lyt då verta verande hjå trollet. Som me ser hender dette med Margjit Hjukse.

I strofe åtte stend det at ho var i berget i ni år, og fekk tri born. Tali tri og ni er viktuge i folketrui ("magiske" tal).

I strofe ni ringjer kyrkjeklokkone, og trolli toler ikkje ljoden eller synet av noko kristelegt. Dette gjer trulegt bergkongen veik, og er truleg ei medverkande årsak til at Margjit fær reisa heim til foreldri sine.

I gamle dagar, som no, hende det at folk gjekk seg ville i skogen. Dersom dei ikkje kom attende, vart det ofta sagt at dei var bergtekne. Um personen kom att, var han/ho gjerne halvgalen etter å ha drive ikring åleina i skogen utan å finna heim. Det at personen trudde han kunde møta nett troll eller anna skrømt, hev nok sett ein ekstra odd på redsla. Det heitte seg gjerna at denne personen hadde kome seg ut or berget, men hadde vorti tullut av oppheldet. Det hendte seg dessutan at personen sjølv fortalde at han hadde vorebergteken, men hadde kome seg ut.

Segnene gjev seg ut for å vera sanne. Dei er ofta stad- og tidfeste, og hev med navngjevne (ofte historisk kjende) personar å gjera. Det eksisterar til dømes segner um Olav den heilage. Dei nemner ofta at han gjorde troll til stein. Segnene vil forklåra ovringar som er eller verkar yvernaturlegt/uforklårlegt.

Segnene hev ofta med ei fyrestelling um at sjeli kann lausriva seg frå kroppen (serleg frå samisk tradisjon). Ein variant av dette er segnene om hamlauparar (varulv og mannbjørn): Her er det ikkje sjeli som gjeng ut or kroppen, men eit menneske som vert umgjort til ulv eller bjørn. Desse var serskilt fårlege med di dei kombinerte dyrisk villskap og blodtorst med menneskeleg kløkt og klokskap. Umskapingi kunde skje av fri vilje, eller med trolldom (at einkvan banstøytte personen).

Eit anna moment er segnene um bytingen. Dersom nokon fekk eit vanskapt barn, heitte det seg ofta at dei underjordiske hadde vore og teke det rette menneskebarnet, og lagt sin eigen unge der i staden.

Ein annan som folk var upptekne av var deildegasten. Dette var ein person som, medan han livde, hadde flutt grensesteinar (deilder) millom eigedomar. Dette hadde personen ofta sjølv fyremuner av; han fekk meir jord. Menneske som gjorde slikt gjekk att etter dauden. Folk såg gjerne fyre seg at deildegasten bar på grensesteinane han hadde flutt for å få deim på plass att. Han greidde nesten å koma fram, men so miste han steinen. Då utstøytte han eit vonbrote skrik, og kvarv burt.

Som me hev set, bruka folk i gamle dagar segner um yvernaturlege livende som troll og varulv for å forklåra ting som verka uforklårlege, og for å åtvara:

Folk (serleg ikkje kvende) måtte helst ikkje ganga åleine ut i skogen. Gjorde dei det, kunde dei verta bergtekne av troll eller hulder.

Dersom ein ulv eller bjørn var svært glupsk til å taka buskap, laut det vera ein varulv/mannbjørn (var = mann, altso mannulv). Dei som flutte grensesteiner medan dei livde, vart straffa for dette etter dauden med di dei laut ganga att. Eit interessant poeng når det gjeld dette, er at det i folkevisa "Draumkvedet" vert nemnt folk som hev flutt grensesteinar. Hovudpersonen er i helvite og ser at desse ber på glødande jord: "Gud nåde dei arme syndesjelene som flutte deilder (grensesteinar) i skogen", bryt han ut. Det hende då at prestar med stal jord, men ingen torde segja imot deim. Difor laga folk segner um deildegasten, slik at dei fekk ei slags uppreising likevel, der presten og andre maktmenneske fekk ei fæl straff etter dauden.

Folk hadde ikkje dei same medisinske kunnskapane som me hev i dag. Dei visste ikkje årsakene til at nokre born vert fødde med vasshovud, difor meinte dei at det var dei underjordiske som hadde skuldi dersom dette skjedde (ei rad segner nemner at bytingane hadde eit unormalt stort hovud, men lite vit…).


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!