Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Ei åndeleg (og praktisk) utmaning

Av Lars-Toralf Storstrand

Norsk Språkråd meiner at innblanding av engelske ord i norsk er noko av ein styggjedom. Eg er usamd so det rekk. Det burde vera ei kjend sak at me under vikingtidi på det næraste tala same tungemålet som englendarane [1] - og i målvegen er det dei seinste tiåri helst me som hev fjerna oss frå engelskmennene, ikkje nærma oss deim.

Rett nok hev me teke til oss sume framandord som i seg sjølve er meir engelske enn norske, men det må Språkrådet sjølve bera litt av skuldi for, med norvagiseringspolitikken sin - noko som på mange vis kann sjåast som eit svik mot det sedvanenorske, dette som millom anna Jan Prahl, Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje gjekk i fronten for. Fylgjene hev vorte eit norskt mål som fær stødt veikare ryggbein.

Tak til dømes ordet 'signa'.

Det er ordet me brukar oftast i dag, når ei kyrkeleg handling skal gjerast, endå det nåme nær er eit norskt ord, langt mindre eit protestantiskt eit. Sjølve ordet 'signa' kjem retteleg frå latin, via tysk 'zeichn' - og tyder å 'teikna' nokon med krossteiknet.

På islendsk derimot, som byggjer på det norrøne målet heiter det å 'blessa' - som på engelsk 'to bless'. Båe ordi hev si rot i det norrøne ordet 'bleza'. Kvifor segjer ikkje me det same? Det vilde visseleg vera meir naturleg for oss å bruka eit ord med røter i norrønt, helder enn i framandmålet latin. Lat meg visa kva eg meiner:

Eg meiner at me burde segja [å] blessa - blessar - blessa - blessa - blessa.

Det er mange gode grunnar til å bruka dette ordet - helder enn å bruka 'signa'. I den beste hevdi åt høgnorsken er det eit sjølvforklårande ord. Det kjem, som nemnt ovanfyre, av [å] blæsa (norrønt: bleza), som det stend å lesa i Johannes-evangeliet:

'Med desse ordi anda han på deim og sagde til deim:

Tak imot den Heilage Ande! ' [2]

eller som det ogso kunde vore sagt:

'Med desse ordi blæs han på deim og sagde til deim:

Tak imot den Heilage Ande!' (mi parafrasering her)

Slìk er truleg røtene av ordet 'blessa'. Jesus blessa læresveinane sine ved å blåsa på deim. Det græske ordet som er bruka i grunnteksti, 'pneuo', tyder då ogso 'å blåsa', medan 'pneuma' som er vert umsett med 'ånd', gjev eit snev av ordspel her. Endå tydelegare tykkjest det koma fram på hebraisk, der det kann sjå ut som det ligg fyre eit ljòdrim millom det hebraiske ordet 'nafach' (blåsa på/i) [3] og 'ruach' (ånd/ande) [4].

Men det finst meir å henta og taka heim her. Her er ogso eit biletleg motstykkje til skapingi i Upphavsboki 1 og 2, der Gud blæs livsens ande inn i mennesket han hadde skapt. I den nytestamentlige konteksten 'skaper' faktisk Jesus disiplane her um til apostlar.

Gjeng me litt djupare i denne materien, men held oss til 1Mos 2:7 der Gud blæs livsens ande inn i menneskenôsi, og ser litt nærare på det uskrìvne jødiske erveminnet, finn me at menneska heilt fram til Shem (son åt Noach) døydde, so hende dette med at dei naus. Sagt med adre ord forlet anden lìkamen same veg som han kom inn. Av dette hev me fengje sedvanen med å segja (engelsk) 'bless you' , (tysk) 'gesundheit', og (fransk) 'prosit', når nokon nys, for at det skal ganga deim vel.

Men lat oss ikkje stogga der. Lat oss hoppa vidare til det engelske ordet 'ghost', som er nytta i King James-bibelen, når det er snakk um Den Heilage Ande. Forklåringane som finst på engelsk for dette ordet er knytte til 'to give up the ghost' (gjeva upp anden); 'ghost away' (forsvinna med vinden); 'ghosted' - (døy) - er me beinveges inne på Jesu eigne ord når han segjer:

' Vinden blæs kvar han vil, og du høyrer han tyt, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av åndi' (Joh 3:8)

Um du no samanliknar ordet 'ghost' med det norske ordet 'gust' som upphaveleg er eit ljodmålande ord, skyner me at det i ordet 'ghost'/'gust' ligg eit vinddrag, eit utstøytande andetak, noko som fører oss attende der me byrja, til å 'blæsa'. Men jamvel det norske ordet 'hosta' som kjem beinveges frå norrønt - hev same rot. Du kjenner visseleg at likskapen millom å 'hosta' og å 'blæsa'. Mindre vert det heller ikkje av at 'gusta' er eit norrønt ord som tyder vindblåsa.

For å visa at me er inne på rett spor, skal me dessutan kika litt nærare på antonymet / motordet for 'blessa' - på engelsk.

Ordet me her talar um er det engelske ordet 'curse' - eit ord som det burde vera lett å sjå hev same morfologiske rot som det norske ordet 'kross'?

Kva ligg det so i dette? Dette er ikkje meint som eit åtak på tanken um krossen si rolla i den bibelske forlikstanken, men berre for å visa at krossen upphaveleg var knytt til bannstøyting/forbanning. Sjå Galatarbrevet 3:13 -:

'Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, med di han vart ei forbanning for oss - for det stend skrive: "Forbanna er kvar den som heng på eit tre" -'

Når so det å verta krossfest likjest med ei forbanning - kvifor 'signar' me då dei som me eigenleg vil 'blessa' med å teikna dei med krossteiknet? Det er då symbolet på sjølve den forbanningi som Jesus - Guds salva - Messias - måtte lida for manneætti si skuld, det.

Lat meg korso understreka at dette ikkje handlar um nokor form for neitting for krossfestingi. Det handlar einast um at staden der Jesus sona syndene, ein gong for alle, var symbolet på at han kom under forbanning.

For skuld saki, forresten; Når ein av ungane kjem til far av di han hev snåva utfyre ein skrent og slege seg - kva gjer ein far då? 'Signar' deim med krossteiknet - eller segjer han: 'Kom her, so skal pappa blåsa på!'?

Fotnotar

1. Soga um Gunnlaug Ormstunga
2. Joh 20:22
3. Blue Letter Bible. 'Dictionary and Word Search for 'ruwach (Strong's 07307)' ' . Blue Letter Bible. 1996-2002. 24 Apr 2007.
4. Blue Letter Bible. 'Dictionary and Word Search for 'naphach (Strong's 05301)' ' . Blue Letter Bible. 1996-2002. 24 Apr 2007.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!