Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Riksstyret provoserte fram ambassadevald

Av Lars Bjarne Marøy

I haust kom det ei bok som det er verd å merka seg - "Truet av islamister" av Vebjørn Selbekk. Selbekk er bladstyrar i avisa Magazinet. Selbekk vart landskjend, for ikkje å segja verdskjend, i januar 2006 - då han til liks med mange andre bladstyrarar prenta ein faksimile av nokre teikningar knytte til den islamske profeten Muhammed. Teikningane hadde fyrst stade i ei dansk avis.

Det underlege var at det utyver på nyåret vart sett i gong eit køyr mot Selbekk og med kvart Noreg som var heilt ute or proporsjonar. Det kom dråpstrugsmål mot Selbekk og skrivaren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokvold. Norske og danske mål i utlandet kom under åtak, flagg vart brende og ei rad muslimar ytra seg sterkt mot Selbekk og Kokvold.

Kven var andsvarlege for at det vart slik? Selbekk gjeng gjenom sentrale bolkar i karikaturstriden slik som han upplevde det heile. Fram til eg las boki hadde eg tenkt at det var dei danske imamane som hadde piska upp stemningi og at det var det einaste som det var verd å gripa tak i, men etter at eg hev lese boki sit eg att med eit litt anna bilæte.

Selbekk hev faktisk grove og graverande upplysningar å koma fram med når det gjeld regjeringi åt Jens Stoltenberg og handlemåten til den norske regjeringi. Eg hev etter måten mange gonger tykt at stoltenberg-regjeringi hev handla rangt og utsett seg for mediekøyr som skader dei sjølve. Det starta med SV-folki som demonstrerte mot si eigi regjeringi og dinest boikott-aksjonen mot israelske varor. Seinare kom striden kring styreformannen i Statoil, sjukelønssaki og liknande saker. No seinast hev striden rundt LO-leidaren utan tvil skadd Arbeidarpartiet, og det skulde ikkje undra meg um partiet sjølv hev sett i gong denne prosessen. Riksstyret til Stoltenberg hev kort og godt lite å skryta av. Men i samband med karikaturstriden hev dei sloppe billeg undan.

Det er ikkje nok å berre visa til at dei handterte saki på ein feig og passiv måte. Og jamvel var sers fordomsfulle mot Selbekk som er ein kristen avisredaktør. Å segja at Selbekk hev ytringsfridom, men at ytringsfridomen må nyttast med klokskap, vart ein klisjé millom feige politikarar. Det var einast Selbekk som fekk desse skuldingane mot seg. Ingen av dei hine bladi vart funne åt på denne måten.

Det heile starta med eit uppslag i Magazinet i januar. Selbekk dreg grundig fram korleis saki tok til med at Finn Graff, teiknaren, hadde uttala at han ikkje torde å teikna karikaturteikningar mot islam. Det var for fårlegt. Under yverskrifti "Truet til taushet" laga Magazinet ei sak kring dette, der dei òg tok upp den danske karikaturstriden. Og dei prenta faksimilien frå Danmark, eine og åleine for å syna kva som hadde skapa diskusjonen der nede. Dei vilde tematisera kvifor det var so fårleg å reisa spursmål ved kva fylgjor islamsk meingsterror kunde få for det norske demokratiet, dersom folk slutta å ytra seg kritisk mot islam og muslimar.

Utanriksdepartementet fekk med seg at det var prenta noko um saki i Magazinet, men dei færraste brydde seg med å lesa kva som hadde stade i bladet. I januar sende Utanriksdepartementet ut eit argumentasjonsskriv til norske ambassar i Midt-Austen som var meint å vera løynlegt. Men det vart kjent i pressa etter nokso stutt tid. Ein dubbel tabbe frå riksstyret til Stoltenberg.

I argumentasjonsskrivet vart norske diplomater instruerte til å gå ut og segja: "Jeg beklager at trykkingen av karikaturtegningene av profeten Mohammed i det norske bladet Magazinet har skapt uro i muslimske miljøer". Korkje her eller seinare i dokumentet vert det sagt eit ord um at det er snakk um ein faksimile av ei sida frå ei dansk avis. Det vert faktisk ikkje sagt noko som helst um Danmark eller Jyllands-Posten. Noregs ambassadørar fekk i staden for melding um å umtala saki på ein måte som kunde gjeva folk tokken av at det hadde skjett ei sjølvstendig publisering av Muhammed-teikningar i Noreg. Det vart skapt ei uppfatning av at skandinaviske avisor gong etter gong prenta karikaturar, og denne framgangsmåten frå Noreg gjorde det heile vondt verre, meiner Selbekk.

Kva som hev ført fram til at riksstyret kunde gå ut med den klåre fordømingi av Magazinet, er eit studium verdt. Eg hev ikkje funne ut det. Men ei upplagd forklåring vilde vera å få merksemdi burt frå striden millom einskildpartii i regjeringi. Jens Stoltenberg og hans nære medspelar Trond Giske yndar å taka fråstand frå dei som held for sterkt på den tradisjonelle kristendomen. Men fylgjone av uthengjingi av Magazinet vart dramatiske for norske amabassadar og ambassadepersonell. At regjeringi attpåtil vilde gjeva Selbekk skuldi for at ambassadane vart herja av islamistiske mobbar, er langt yver streken for det ei seriøs norsk regjering eller nokor regjering i det heile kann gjera mot ei avis og ein einskildperson.

Selbekk gjev eit nyansert og truverdig bilete av det som skjedde i boki. Ein kann berre undra seg yver at han ikkje gjeng hardare til verks. Han nyttar nokso mykje tid på detaljar kring hendingane og personlege upplevingar. Noko er verdfullt, men det prinsipielle vert sume tider skadelidande. Det er ein lågmælt og reflektert mann som skriv. Han stend fram med både sjølvkjensla og integritet og syner store og allsidige kunnskapar. Boki til Selbekk hev kome ut til mange, og eg hev ikkje sett at Stoltenbergs regjering hev kome med nokor skikkeleg tilbakevising eller uppretting av den uretten dei gjorde mot Selbekk. Dei freistar nok å gøyma seg burt og tegja i hjel boki. Me kunde trenga fleire slik modige menn og kvinnor som Selbekk. Det er prisverdig at han ikkje gav upp, men stod laupet ut. Me fær vona at ingen bladstyrar kjem i ei liknande stoda. Då endar Noreg som eit udemokratisk og kaldt samfund.

Det skal verta spanande å sjå kva denne saki hev ført til. Berre framtidi kann visa um folk hev vorte skræmde til tagnad eller um nye røyster vil våga å reisa skepsis mot islam.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!