Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Normalisert nynorsk må verta eit naturlegt val

Av Olav Torheim

Nynorskbrukarar kann vera sers tverkne til korleis det stend til med målstoda i Noreg. Ei vanleg fyrestelling som mange hardnakka held fast på er at nynorsk einast skal vera eit skriftmål og at alle må snakka dialekten sin og det talemålet dei elles uppfattar som naturleg. Um nokon tek til ords for at nynorsk kann vera eit talemål med, er det vanlegt å møta dei med spursmål um dei ikkje hev fylgt med i norsktimen, um dei skjemst av dialekten sin som ikkje vil snakka slik det er naturleg for dei og um dei ikkje sjølve tykkjer dei knotar som vel å snakka nynorsk.

Tek du til ords for medviti talemålsnormalisering millom andre nynorskbrukarar vert det gjerne teke som eit åtak på deira dialekt og identitet. Tenk um alle skulde byrja å tala nynorsk normaltalemål, kva vilde henda med dialektmangfeldet? Kor trist og tragisk vert det ikkje når den normaliserte nynorsken hev utradert alle dei fine dialektane! Og her sluttar gjerne diskusjonen. At det faktisk er heilt hypotetisk at nynorsken skulde få ein so sterk posisjon i det norske samfundet at han kunde truga målføremengdefeldet ser dei ikkje ut til å ha tenkt serleg på. Sjølv vilde eg sagt det var fantastisk um me kom so langt at nett det skulde verta eit problem. Det store fleirtalet kjem då alltids til å tala unormalisert, det er berre dei mest medvitne og ressurssterke nynorskbrukarane som eventuelt kunde ha teke i bruk eit normalisert talemål.

Men dei same personane som ottast at medviti nynorsk talemålsnormalisering skal utradera målføri, reddast ikkje mykje for det massive presset mot målføri som me alt hev, frå tala og skrive bokmål. Då heiter det med ein gong at eit språk alltid utviklar seg, og at det er heilt naturleg at talemålet er i endring. Nokon djupare analyse av kva slags mekanismar som styrer desse språkendringane vil dei ikkje høyra noko um.

Men um ikkje nynorskbrukarane sjølve ynskjer å analysera kva det er som gjeng fyre seg, so er det andre som hev gjort det for deim. For tvo år sidan vart det presentert ein rapport som - i motsetnad til det andre vil ha oss til å tru - slær fast at nynorskelevar er dårlegare i sitt eige hovudmål enn det bokmålelevane er. Det mest forvitnelege med rapporten er forskarane sin eigen hypotese um kvifor det er slik:

I boken "Ungdommers skrivekompetanse" skriver Vagle at PISA ikke sitter på data som forklarer styrkeforskjellen mellom nynorsk- og bokmålelever. Hun omtaler imidlertid en hypotese som forskerne selv presenterte. Nemlig at forskjellen kan ha sammenheng med at det norske samfunnet blir mer og mer boksmåldominert. Videre at ungdommenes dialekter flere steder er i ferd med å utvannes og bli mer like bokmål, og at bokmålselevene trolig leser mye mer på sitt skriftspråk enn det nynorskelevene gjør. ("Elever sliter med nynorsk", forbruker.no 23.06.05)

Det forskarane skildrar her er nett det som me i årevis hev kalla for "bokmålsveldet". Bokmålet er so dominerande at det i kraft av si eigi rådrike stoda legg premissane for korleis nynorskungdomane tenkjer um språk. Det vert "naturleg" å plukka upp bokmålsord frå radio og fjerrsjå, men framandt og rart å nytta dei sermerkt nynorske ordi, jamvel um dei vert nytta av deira eigne foreldre og besteforeldre. Dei som meiner at desse fyrestellingane ikkje kjem frå bokmålspåverknad må spyrja seg kvifor det "unaturlege" i nynorsken alltid er det som skil seg frå bokmål. For dei formene som korresponderar med bokmål er aldri "unaturlege". Kvifor er det til dømes ingen sunnmøringar som tykkjer det er unaturlegt å skriva "jenter" og "gutar" når dei faktisk segjer "jente" og "guta"? Derimot tykkjer nynorskbrukarar flest at det er meir "naturleg" å segja "hovedstad" helder enn "hovudstad", jamvel um dei elles nyttar heilt andre målføreformer som "haud", "hugu" eller "håve". Det er bokmålsformene som pressar seg fram, og det er bokmålet som er det normdanande målet. Og slik kjem det til å vera so lenge det ikkje finst eit alternativt nynorskt talemålsideal.

Lat meg spela vidare på dette siste dømet: Når det på Sunnmøre heiter "haud", i Sunnhordland "hove", i Gudbrandsdalen "hugu" og på Austlandet "hue", so kann alle desse formene førast attende til den nynorske typeformi "hovud". Det nynorske normaltalemålet kunde soleides gjeva folk det språklege medvitet som trengst til å halda uppe det norske i målføri, og vera eit ryggstø til å stå i mot presset frå bokmål. Motstykkjet til eit slikt språkleg medvit er dei mange bokmålsbrukarane som gjerne segjer "hue", "haud" eller "hove", men som skriv "hode" og trur at det som er sermerkt med deira eige talemål berre er einspråkleg kuriøsitet.

Men so langt tenkjer ikkje den stereotype nynorskbrukaren. For den stereotype nynorskbrukaren er ein som bur i ei bygd, talar sin "naturlege" dialekt og skriv ein "naturleg" nynorsk. Utyver det treng han ikkje å reflektera noko meir yver målstoda. Til oss som ikkje snakkar nokon serskild dialekt av di me hev budd mange stader i landet eller ikkje lenger hev noko nynorsknært målføre ikring oss, hev den stereotype nynorskbrukaren lite å tilby.

For utan normaltalemål kjem nynorsken til å halda fram med å vera ei bygdeovring, på stader der stødt færre bur. Tenk berre på den hjerneflukti det er med nynorskbrukarar som flytter ut og buset seg i storbyar som Oslo og Bergen. Finst det nokon realistisk strategi for at desse ikkje skal byrja å tala meir og meir bokmålsutvatna når dei aldri høyrer målføret ikring seg lenger? Og skal kvar og ein av dei nytta tid og krefter på å halda på sitt eige målføre i staden for at dei kunde gå saman um å nytta nynorsk både skriftleg og munnleg? Og kva med ungane til desse nynorskbrukarane, dei veks upp og lærer bymål/bokmål og so er dei tapt for nynorsken. Men for desse er det kanskje bokmål som er det "naturlege" målet å nytta? Slik tenkjer dei medvitslause nynorskbrukarane.

Det er lettare å nytta normalisert nynorsk i eit bymiljø av di du då hev ein fastsett normal å retta deg etter, og ein litteratur du kann lesa og læra av og soleis få øvt upp målkjensla. Skal du halda på dialekten din derimot, hev du berre deg sjølv å retta deg etter, og di eigi subjektive kjensla av kva som er "naturleg" (som um det ikkje finst mekanismar som formar desse fyrestellingane). Det vanlege i andre land er at ein plukkar upp nye ord og segjemåtar med kvart som ein ser dei i bruk i litteraturen og i kringværet rundt seg. Og slik er det i Noreg med, det er berre millom nynorskbrukarar at dette må skje medvitslaust og "naturleg" for at det skal verta godteke.

Nynorsken hev vorte assosiert med bygdesamfundet, det samfundet mange av oss fyrr eller seinare reiser frå. Og når ein kjem seg upp og fram, vert det venta at ein skal knota bokmål. Nett difor er normaltalemål so viktugt. Kvar gong "folk som vert noko" vågar å nytta det sermerkt nynorske målet, vågar å markera seg som nynorskbrukarar på nye felt, so vinn me ein siger. Då markerar me at me ikkje gjev oss inn under bokmålsidealet, men hev vårt eige ideal for korleis me vil tala og skriva.

Gjeng eg inn i ein skobutikk i Oslo, so nyttar eg ordet "storleik". Slik skynar folk at nynorsk finst, og ikkje berre er teksting på NRK, sidemål og Hårek.

Eller kva med å byrja med noko so einfelt som å kalla landet vårt med det rette namnet, Noreg? Det er ei klår og greid markering med berre eitt lite ord, men berre det er vandsleg nok for mange nynorskbrukarar, for då kjem dei ikkje frå at dei sjølve hev teke parti for nynorsken, og ikkje berre nytta den formi som fell "naturleg" for dei. Det er mykje lettare å segja at ein ikkje segjer "storleik", "Noreg" og andre norske ord av di ein held seg til "dialekten" sin enn å medgjeva at ein eigenleg skjemst yver å vera nynorskbrukar. Kva segjer du?


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!