Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Det nye partiet

Av Olav Torheim

AKP og RV legg seg sjølve ned og gjeng saman um eit nytt vinstreparti. Namnet på det nye partiet er Raudt! Dette kunde Bergens Tidende og andre avisor fortelja oss den tiande mars i år.

Etter uppslaget å døma var delegatane glade og vel forlikte, og stemningi god, ulikt dei mange fraksjonskampane som hev vore gjenom tidene på RV-landsmøti. Eg kann likevel ikkje forstå anna enn at Jan Steinholt frå den sokalla ML-gruppa Revolusjon hev heilt rett i sin analyse av saki når han slær fast at det for gamle AKP sin part er det rein likvidasjonisme å leggja seg ned no. Og i grunnen syner det berre kor lite dei sjølve trur på det dei driv på med.

Heile det politiske grunnlaget for AKP/RV-rørsla var ein vinstreopposisjon mot moderpartiet på SF, og den ideologien dei stod for med fredeleg yvergang til sosialismen, fleirpartisystem og demokratisk. AKP skulde verta "partiet av ny type", det skulde gå framfor og ha "ei leidande rolla i klassekampen". Kva slags rolla skal det nye partiet få i dag? Eit litt meir lyseraudt SV, av um lag same kaliber som det "reformistiske" partiet som AKP-arane førde ein hardnakka polemikk i mot for 30 år sidan?

I 1973, då AKP-ml såg dagsens ljos, stod opprørske ungdomar i kø for å verta med og byggja Partiet. Kina og Albania var dei lysande fyrtårni. Det vart skipa ml-parti i heile Europa. I dag er det vanskeleg å sjå fyre seg at det er grunnlag for noko nytt parti til vinstre for SV. Tvert imot. Det som trengst er at folk byrjar å tenkja nytt, på tvers av gamle høgre-vinstre-aksar og med grunnlag i dei demografiske, økologiske og kulturelle utbjodingane som me stend andsynes i dag. Lat meg draga ein parallell:

På slutten av 70-talet tok det til å røyna på for AKP-arane, med APA/KKP-skismaet, Vietnam sin invasjon i Kambodsja, nækjingi av Pol Pot sine massakrar og torturfengsel, fraksjonskampane i Kina med Firarbandet og Hua Guofeng (og endeleg massakren på den Himmelske Fredens Plass). Som fylgja av dette vart AKP fullstendig diskreditert og tilværet på 80-talet var ei einaste stor ørkenvandring. Til slutt enda det med at dei droppa marxismen-leninismen til bate for nye naive teoriar um fleirkulturelt samfund og "progressiv alliansebyggjing" med fundamentalistiske muslimar (Trond "Ali" Linstad er vel erkeeksempelet på ein raddis som fylgde den nye lina heilt ut).

I våre dagar er det stødt fleire som tek ei kritisk uppgjerd med fyrestellingar um kulturrelativisme og multikultur. Det er vel nok å nemna 11. september, Theo Van Gogh, Muhammed-karikaturane, tvangsekteskap osb. Eit vinstreparti som kunde utforma ein ny og realistisk politikk for korleides det sosialdemokratiske samfundet skal møta slike utbjodingar, det hadde vore noko. I staden skal "det nye partiet" fyrst og fremst fanga upp det "tomrommet til venstre" som hev uppstade når SV hev kome i regjering, og fronta dei sakene som SV-arane må ut på stortingsplenen og demonstrera mot seg sjølve for å få markert. Det hjelper ikkje at dei sakene det gjeld, som motstand mot å senda styrkar til Afghanistan og boikott av Israel, faktisk er dei sakene som SV hev tapt flest røyster på (etter det meiningsmælingane fortel). Uppslutnaden skal like fullt sikrast med å meinhalda på idear som stødt færre trur på, um me skal me tru Torstein Dahle.

Skal eg koma med ein spådom, må det vera at Stortingsvalet 2009 kjem til å vera den ytste vinstresida sitt desidert dårlegaste val på mange år. Kor mange er det eigenleg som hev klart å få med seg den partikkelfysiske hendingi det er at tvo knøttsmåe parti på ytre vinstre slær fillone saman? Då eg fyrst høyrde um det nye partiet Raudt, tenkte eg at valdagen mest sannsynleg kjem til å enda med at dei som hev røysta RV i alle år av gamal vane ikkje greider å finna ein røystesetel det stend RV på, og so røystar dei SV i staden, sidan det er det næraste dei kjem (so mykje for "tomromet til venstre for SV"). Men dette hev visst dei gamle aktivistane i det nye partiet alt tenkt på, for jamvel um partiet heiter Raudt skal dei like fullt stella til val som RV!

Reint sektologisk er det soleides meir spanande å sjå kva som kjem ut or den alternative grupperingi, Kommunistisk Plattform, som no hev set dagsens ljos. Talsperson for gruppa er Kjell Arnestad, som ikkje er eit heilt ukjent namn i målrørsla. Um "post-ML-rørsla" (fritt etter Magnus Marsdal) ikkje fær gjort so mykje meir ut av seg politisk i tidi som kjem, kann dei framleides gjera mykje for norsk humor. Me hev sansen for det tragikomiske.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!