Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Kva meiner Norsk Målungdom um Israel?

Av Kenneth Kiplesund

I januar i fjor uppdaga eg at Norsk Målungdom stod uppførde som medlemer på netsidone åt aksjonen "Boikott Israel". På den tidi var eg medlem hjå NMU. Dette vart det då straks slutt på, sidan eg ikkje er for nokon boikott av israelske varor. Eg skynar heller ikkje kva kamp for nynorsk hev å gjera med ein slik boikott. Eg skreiv ein e-post til NMU, og sa at eg melde meg ut for skuld synet NMU hadde på Midtausten-konflikten.

I november same året tinga eg ei bok frå NMU. Boki kom i posten, vedlagd ein lapp der det stod: "Denne boka skal du få gratis, om du vil melda deg inn i NMU att. Helsing Ola H. Havrevoll" (Havrevoll er skrivar i NMU). Dette vart starten på eit brevskifte millom underskrivne og Havrevoll. Etter mi meining hev dette brevskiftet fenge fram mange avslørande drag ved NMU. I denne artikkelen vil eg difor gjeva eit samandrag av dette brevskiftet.

Fyrste svaret frå NMU

Som svar på lappen frå Havrevoll, skreiv eg eit brev og sa at eg skulde vurdera å melda meg inn att, men for at eg skulde gjera dette stelde eg sume krav til NMU. Eg kravde å få dokumentasjon på at dei var utmelde frå boikottaksjonen og at fråsegni som låg til grunn for innmeldingi, "Norsk Målungdom stør ein palestinsk stat", var dregi attende. I svarbrevet sitt skreiv Havrevoll at NMU hadde meldt seg inn i "Boikott Israel" i 2002, og saki hadde seinast vore uppe til ordskifte i februar 2006, etter utspel frå landsstyremedlemer som meinte NMU ikkje skulde stydja aksjonen.

"[D]et vart likevel brei semje om at NMU ikkje trengte å gjera noko med saka, sidan ho ikkje lenger er aktuell. "Boikott Israel" hadde nemleg ei anna plattform i 2002 enn dei har no, og det var den gamle me stødde. NMU har aldri trekt attende fråsegna, men medlemsskapet gjeld ikkje lenger, av di me ikkje stør den nye plattforma deira", skreiv Havrevoll vidare. Havrevoll argumenterte soleides reint byråkratisk med at NMU formelt sèt ikkje lenger var med i "Boikott Israel", men slo samstundes fast at dei vedtaki dei tidlegare hadde kome med um saki vart ståande.

Andre svaret frå NMU

Eg skreiv eit nytt brev, der eg sa at det var tydeleg at NMU ikkje hadde endra synet sitt på konflikten i Midtausten. Fråsegni um palestinsk stat var då framleides gjeldande. Eg spurde difor konkret um NMU framleides studde det palestinske folket, slik dei formulerte det i fråsegni si frå 2002. Meinte NMU framleides at palestinarane hadde rett til eigen stat innanfor grensene frå 1967? Eg drog dessutan fram ymse andre fråsegner som eg var sterkt usamd i: "Ikkje ein ny krig!" (2003) og "Kulturstrid i Blitz-kvartalet" (2000). Eg skreiv at alle desse dømi smaka av at NMU er ein sterkt vinstreorientert samskipnad: "De arbeider ikkje berre for nynorsk, men tek standpunkt i ein heil del andre saker òg. Som oftast inntek NMU vinstreorienterte standpunkt i desse sakene. Det er tydelegvis um å gjera for NMU å vera mest mogleg politisk korrekt. Eg tykkjer det er problematisk at NMU er so vinstrevridd, og eg trur heller ikkje dette gagnar nynorsken. "

Til dette svara Havrevoll i eit nytt brev at "NMU har so vidt eg veit ikkje trekt attende nokre av desse fråsegnene og programma du nemnde, og det vil seia at me framleis stør det palestinske folket sin rett til sjølvstende, på same måten som me kjempar for vårt eige kulturelle sjølvstende i Noreg. Dette er i tråd med tufta vår, under punkt 3.5 Sjølvråderett.". Ein ser altso her at Havrevoll meiner at NMU sitt pro-palestinske engasjement er direkte forankra i sjølve tufta, prinsipprogrammet åt NMU! Havrevoll sa ogso at dersom eg ikkje var nøgd med NMU, burde eg melda meg inn att for å freista å endra organisasjonen. Han hevja fram at NMU var ein demokratisk organisasjon, og at politikken deira vart avgjort på landsmøtet. Eg vart faktisk invitert til NMU sitt landsmøte i Trondheim: "Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen til å melda deg inn i NMU og koma på landsmøtet vårt i Trondheim 16.-18. mars 2007 og seia nett kva du meiner om politikken vår". Eg fekk òg melding um at dersom eg ikkje vilde verta medlem att, laut eg svara 25 kronor for boki eg hadde tinga.

Eg svara på dette brevet med. Her refererte eg til tufti åt NMU: "Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, nasjonal sjølvråderett og folkeleg daning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden." Eg skreiv at det var tydeleg at det ikkje var striden for nynorsk som var det sentrale for NMU, men ein større og breidare strid som er sopass lausleg formulert at han til kvar tid høver med det NMU tykkjer er politisk opportunt og korrekt, som til dømes støtte til Blitz, islam, Palestinarabarane og aktiv motstand mot USAs krig mot terrorisme i Afghanistan og Irak. Som Havrevoll sjølv formulerte det i andre svarbrevet sitt: "Men det er ikkje, og har aldri vore, semje i NMU om kor langt politikken vår skal strekkja seg". Nei, og det er millom anna dette eg reagerar på.

Eg skreiv at eg upplivde det å melda seg inn ein samskipnad for å freista å endra fyremålet til samskipnaden, vilde vera illojalt. Eit minimumskrav for å melda seg inn i ein organisasjon må vera at ein er samd i fyremålet til samskipnaden. Eg forklarte at dersom studnad til palestinarar, blitzarar m.m. var forankra i tufti åt NMU, hadde NMU eit fyremål eg ikkje kunne stå inne for. Difor var det best både for NMU og meg sjølv, at eg ikkje var med i samskipnaden. Dersom NMU tykte at dette var leidt, burde dei umdefinera fyremålsparagrafen ,slik at han høvde for målgruppa åt NMU. Eg gav òg melding um at 25 kronor vart set inn på NMU sin konto same dagen. Til dags dato hev ikkje Havrevoll svara på dette brevet.

Konklusjon

Me ser i grunnen eit klart mynster i dette:

  • Fyrst gjev eg melding til NMU um at eg melder meg ut av di eg er usamd i Israel-boikotten
  • Då eg tek kontakt med NMU att for å tinga ei bok, freistar dei å kjøpa meg inn att for skarve 25 kronor (!).
  • Då eg gjer klart at eg framleis stend for det eg meinte då eg melde meg ut, freistar Havrevoll å lura meg til å tru at fråsegnene ikkje gjeld lenger.
  • Då han ikkje kjem nokon veg med desse burtforklaringane, segjer han at eg må melda meg inn att i NMU for å endra NMU.
  • Då eg syner til alle problemi eg hev med framlegget som Havrevoll kjem med, og problemi eg hev med NMU som organisasjon, svarer han ikkje i det heile.

Etter mi meining ser det ut til at det viktuge for NMU ikkje er å fremja nynorsk, men å vera ein fråsegnfabrikk for vinstreradikal politikk/ det som til ei kvar tid er politisk korrekt. Det er viktig for dei å ha mange medlemmer med, som meir eller mindre medvite styd denne praksisen. Desse medlemmene gjer NMU kva som helst for å få, dei søkk jamvel so lågt som til å byda deim gratis bøker.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!