Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Nynorsk, eit framandt språk

Av Lars Bjarne Marøy

Nordmenner er sume tider sers huga på å læra seg andre språk, i minsto engelsk. Men elles kann me vera radt slurvesame. Interessa for å læra seg språk er for tidi minkande. Dei siste 15 åri hev det vore stødt færre elevar som tek framandspråk på vidaregåande og språkstudium på universitet eller høgskule.

I andre land legg folk arbeid i å læra seg sitt eige språk. Noreg stend soleis i ei serstoda når det kjem til det målet som hev 1000 års rot i landet. Dette målet er det burtimot null interessa for å læra seg skikkeleg. På papiret hev nynorsken ei sterk stoda. Det vert gjeve nynorskundervisning på alle ungdomsskular og på vidaregåande skular. I nynorskdistrikti kjem det ut avisor på nynorsk. Men på sume felt er nynorsken heilt burte, serleg innanfor populærkulturen, som ved teksting av DVD-filmar. Kven hev nokosinne sett ein DVD-film med nynorsk tekst? Islandsk og for alt me veit færøysk og grønlandsk kjem fyre nynorsk.

Interessa for å debattera stoda for nynorsk er stor. I målrørsla finst det ei rad mållag som elskar å diskutera korleis målet skal vinna fram. Entusiasmen millom nynorsksjåvinistane er stor. Dei nordiske institutti hev uppglødde og yvertydde nynorskbrukarar. Store fleirtalsregionar på Vestlandet hev reine nynorskkommunar.

Korleis er so stoda for nynorsken til dømes i ein kommune i det som gjerne vert uppfatta som nynorsk kjerneland, Førde? Jau, ein lærar som underviser i norsk hev røkt etter millom elevane sine. Me veit ikkje um det kann ha vore gjort kvantitative gleppar her, slik som Målmannen tidlegare hev påvist i forskingi til ein språkhaldningsforskar, men utan umsyn til det, er det verd å sjå på kva som kjem fram i denne utspyrjingi.

Denne nynorsklæraren er ikkje snaudare enn at han straks han hev spurt elevane sine um kva dei uppfattar som naturleg nynorsk og funne ut at dei tykkjer tradisjonell nynorsk er unaturleg, spring beinast til nynorskkritikaren Aftenposten og ropar alarm. Men det er ikkje nokor bomba at det er slik, må vita. Dette hev me visst i alle år. Men Sirnes som læraren heiter er sterkt undren yver at det er slik. Vel, vel han um det.

Det som er kjensgjerningi er at folk flest ikkje hev noko utgangspunkt i ein nynorsk skriftkultur som det er verd å tala um. I den grad denne hev funnest i nyare tid hev han dimeir teke utgangspunkt i at nynorsken skal blandast med bokmålsord. Og her kjem me til kjernen i saki: Det er ikkje nokon tradisjon i dette landet for at nynorsken skal lærast skikkeleg. Tradisjonen i mange høve er tvert um at nynorsken ikkje skal lærast. Det nynorske språket skal ikkje ha nokon serhått. Det skal reduserast til å vera ein reidskap til at folk skal få uttrykk for talemålet sitt og kjenna seg frigjorde. Nynorsken hev vorte uppfatta som ein protest mot hevdvunne normeringskodar og prinsipp, og ikkje minst mot ei talemålsnormering som krev at folk skal tala på ein fastsett måte - det sistnemnde er det verste mange målfolk veit. Det er dei som i fullt ålvor hev sagt at det gjer folk fysisk sjuke å leggja um talemålet sitt, andre hev gjort framlegg um å gjeva heimreisor på blåresept slik at dei ikkje misser kontakten med heimemålet sitt og vert rotlause.

Bokmålselevar som skal ha upplæring i nynorsk vert ikkje utstyrde med tekstbøker og gloselistor. Det næraste ein kjem er ei lista med ord ein helst skal halda seg burte frå, men ikkje noko forbod. Det vert venta at elevane som bur i bokmålskommunar og aldri hev lese ei bok eller ein teikneserie og snaudt sett ein film teksta på nynorsk, straks skal vera i stand til å formulera meiningsfulle og innhaldstunge setningar på nynorsk. Korleis det er mogleg er ei gåta for meg.

Det som vert resultatet er at elevane skriv vel so dårleg nynorsk som bokmål. Dei idest ikkje læra av mistaki sine, og språket lever eit kunstig liv som noko dei sjølve må konstruera kvar gong dei må skriva det.

Kva segjer so dei kloke og engasjerte hovudi i akademia? Jau, dei er upptekne av å laga mest mogleg valfridom og å understreka at elevane må byggja på eige talemål. Det hev vorte sagt at nynorsken er eit forsvar for talemålet til folk flest. Difor skal det ikkje lærast. Det finst forskarar som i fullt ålvor, med stor tyngd og lyft peikefingar, hamrar i oss at folk må få skriva som dei vil og at me ikkje må taka nynorsken frå folket og tvinga dei til å læra eit kunstig bokspråk. Noreg vert lyft fram som det landet der folk kann få tala nett som dei vil og skriva so nært upp til talemålet som råd er. Eit paradis, i alle fall for språkforskarar, der ein kann studera korleis dialektane utviklar seg på ein heilt naturleg og harmonisk måte. Når sermerke i nynorsken vert bytte ut med bokmålsformer, eller når det kjem upp heilt nye tildriv som ikkje styrkjer den tradisjonelle nynorsken, jublar språkforskarane. Det einaste som gjer dei litt urolege er engelskpåverknaden. Det hev truleg ein politisk motivasjon fordi USA er eit land dei ikkje vil at folk flest skal assoriera seg med.

Det er soleklårt at med dei leidarane som stend sterkast og ropar høgast i målrørsla i dag, so er nynorsken åt å verta ein endå sterkare kuriøsitet enn tidlegare. Det som trengst er politikarar og målfolk som verkeleg er viljuge til å satsa. Dei politikarane me hev i dag tykkjer det er for dyrt å halda uppe skipnaden med nynorskeksamen i tridjeklasse på vidaregåande. Det kostar visst nok 6 millionar. Ja, kva med lønsmidlane til norsklærarane? Snart fær me rekna ut kor mykje det kostar med nynorsktimane i norskundervisningi. So og so mange timar burte frå norskundervisningi vil spara oss for millionar av kronor.

Men det er kannhenda ikkje so rart. Det er ingen målfolk som med tyngd gjeng inn for å styrkja nynorskluten i norskfaget med meir pugging og meir arbeid. Og her kjem eg til hovudpoenget: Lat oss få ei lærebok med klassiske nynorsktekster som hev gloselistor og som drillar elevane frå dag èin. Bokmålselevar må læra seg at substantivartiklane på nynorsk heiter ein, ei og eit. Dei må læra pronomenformene. Dersom det er so greidt og naturleg med nynorsk, kvifor fær me ikkje slike lærebøker? Elevar les tysk, fransk, spansk, russisk og latin m.m på denne måten. Dersom nynorsken er so lett, skulde dei koma snøgt gjenom slike bøker og upp på eit meir avansert nivå. For det kann ikkje vera læreevna det er noko i vegen med når folk faktisk lærer seg framandspråk, men snaudast nynorsk. Nei, lat oss få dei fyrste tekstsamlingane med gloselistor snarast råd, gjerne på høgnorsk. Det vil ikkje berre vera ei hjelp for bokmålselevane, men for nynorskelevane i fyrste lærefasen og for utlendingar som endeleg kann få læra seg skikkeleg nynorsk. No er det tid for at målfolk byrjar å løysa uppgåvor. Heller enn å gjera uppgåvone heilt umoglege å løysa.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!